Hvor mye jobb mener egentlig statsråden er en "balanse" imellom jobb og studier for heltidsstudenter?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Hvor mye jobb mener egentlig statsråden er en "balanse" imellom jobb og studier for heltidsstudenter?
En artikkel i NRK Østfold dokumenterer at mange studenter har det økonomisk krevende.
I SSBs levekårsundersøkelse blant studenter framgår det at 1 av 5 heltidsstudenter klarer seg med stipend og lån fra Lånekassen. Over 6 av 10 jobber ved siden av, 2 av 10 mottar penger fra foreldre, mange i tillegg til jobb. Undersøkelsen viser også at de fleste heltidsstudenter faktisk studerer på heltid, med tidsbruk tilsvarende en full arbeidsuke. I tillegg til dette jobber heltidsstudentene i snitt mellom 12 og 21 timer i uka.
Undersøkelsen påpeker at de økonomiske rammene går aller hardest ut over heltidsstudenter med barn, som oftest har betalingsproblemer og aller trangest økonomi, selv om de jobber ved siden av i like stor grad som heltidsstudenter uten barn.
Statssekretær Prestbakmo i KD, sier i artikkelen at studenter "Studiestøtten skal sikre at alle har tilgang på høyere utdanning, men det bør ikke være et mål at ingen studenter har jobb ved siden av studiene, sier Prestbakmo.
– Så må det selvsagt være en balanse mellom hvor mye tid studentene bruker på jobb og studier."
Lov om utdanningsstøtte § 1 beskriv dei grunnleggjande formåla med dei norske utdanningsstøtteordningane slik:
• å bidra til like høve til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsdyktigheit, økonomiske og sosiale forhold
• å sikra samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetanse
• at utdanninga skjer under tilfredsstillande arbeidsforhold, slik at studiearbeidet kan bli effektivt.
Desse målsetningane fordrar rause ordningar slik at terskelen for å ta utdanning ikkje blir for høg. Samstundes utelukker ikkje formåla at studentar kan arbeide ved sida av studiane. Dei legg heller ikkje opp til at utdanningsstøtta skal dekkje alle utgifter for norske studentar, men heller at studentar sjølv kan justere eige ønskja forbruksnivå i studietida gjennom deltidsarbeid i semestera og i feriar.
Fleire undersøkingar, slik som Levekårsundersøkelsen frå SSB og den felleseuropeiske Eurostudent-undersøkinga, viser at dei fleste norske studentar har betalt arbeid i tillegg til å studere. Eurostudent-undersøkinga (runde 8) viser at norske heilskapsstudentar i snitt arbeider 10 timer i uka. Dette er i midtre skikte blant dei nordiske landa; høgare enn Sverige (5 timer) og Danmark (9 timer), men lågare enn Finland (11 timer) og Island (17 timer). Same undersøking viser at det berre er svenske studentar (61%), blant alle dei kartlagte landa, som får ein høgare andel av eiga totale inntekt frå offentleg utdanningsstøtte, enn norske studentar (55%). Verken Levekårsundersøkinga eller Eurostudent (runde 8) inneheld nyare tal enn frå 2022. Med andre ord: Allereie før vår auke av alle utdanningsstøttesatsene i 2023-2024 (7%) og av basislånet i 2024-2025 (10%), var rammevilkåra for norske studentar, samanlikna med andre land gode.
Betalt arbeid er viktig av fleire grunner. Studentar får moglegheit til å spe på inntekta og opparbeide seg arbeidserfaring som gjer det enklare å få jobb etter studiane. Levekårsundersøkinga viste at månge har arbeid som er relevant for studia eller i profesjonen dei utdannar seg til. I tillegg bidreg studentar i dag positivt til samfunnet sine arbeidskraftsbehov, noko som berre kjem til å bli viktigare. I lys av behova for arbeidskraft i åra framover, som blant anna står beskrive i Perspektivmeldinga (Meld. St. 31 2023-2024) og Utsynsmeldinga (Meld. St. 14 2022-2023), er det viktig at me legg til rette for at studentar også kan bidra i arbeidsmarknaden. Dei noverande inntektsgrensane i regelverket gjer heilskapsstudentar som mottek støtte i minst 7 månadar moglegheit til å tene opptil 214 213 kr, utan at dei mister noko stipendomgjering.
For dei fleste vil det vere krevjande å dekkje utgiftar til å bu sentralt i ei av dei store byane og samstundes ha eit middels eller høgt konsum av varar og tenester, utan noko form for arbeid i tillegg til studiane. Som representant Nyholt skriv veljer få studentar dette, berre om lag 25% har ingen form for arbeid ved sida av studiane. Studentar som veljer å ikkje arbeide har samstundes moglegheit til å ta val for å redusere eigne kostnadar, til dømes gjennom å velje eit busted i eit billigare område.
Bae Nyholt stiller spørsmål om kva eg meiner er ein god balanse mellom tidsbruk på studier og betalt arbeid. Til dette vil eg svare at dette avheng av fleire forhold den einskilde student sjølv må velge, mellom anna kor sentral vedkommande vil bu, og kva for konsumnivå vedkommande ønskjer å ha gjennom studietida.