Når vil regjeringen legge frem en utredning om forslag som kan sikre at reelle bidrag til politiske partier offentliggjøres?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Når vil regjeringen legge frem en utredning om forslag som kan sikre at reelle bidrag til politiske partier offentliggjøres?
6. oktober 2023 vedtok stortinget Rødts forslag nummer 17 om å be regjeringen utrede hvordan partiloven kan endres slik at reelle bidragsytere til politiske partier innberettes og offentliggjøres. Aksjon for borgerlig valgseier har ifølge Dagens Næringsliv gitt Fremskrittspartiet 12 millioner kroner i år. Organisasjonen samler inn penger anonymt, og verken FRP eller organisasjonens styreleder vet hvor pengene kommer fra. Det er udemokratisk at anonyme givere skal kunne påvirke valg i Norge, og det haster med å få på plass lovverk som hindrer dette med tanke på at det er stortingsvalg til neste år.
Problemstillingane rundt «Aksjonen for borgerlig valgseier» er ikkje nye. Opprettinga av stråselskap eller organisasjonar for å samle inn pengar til politiske parti og kandidatar for å omgå partiregelverket, har vore ei utfordring internasjonalt i mange år.
Politiske parti kan etter partilova 17 a ikkje ta imot bidrag dersom givaren er ukjent for partiet. Denne regelen byggjer på Rekommandasjon 2003/4 frå Europarådet. Omgåingar av forbod mot anonyme bidrag var eit sentralt spørsmål i dette arbeidet.
Eg vil peike på at Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan GRECO evaluerte partilova og tilhøyrande forvaltningsapparat i 2009. Alle seks rekommandasjonar til Noreg vart gjennomført ved lovrevisjon i 2013. I lovarbeidet blei det tatt særskild høgde for andre land sine erfaringar rundt det å sluse bidrag og gåver gjennom stråselskap og innsamlingsaksjonar som ligg utanfor partifinansieringsreglane. Vi innførte òg fleire tiltak for å betre innsynet i og kontrollen med ulovlege bidrag.
Eg vil nytte høvet til å peike på at også ikkje-monetære bidrag skal rapporterast. I tillegg til pengar, krev lova at parti og partiledd rapporterer inn alle former for ikkje-monetære bidrag og tenester. Desse kan til dømes vere betalte avisannonsar, hotellopphold, utleige av lokaler, lån av valkampbil/-buss, frikjøp av arbeidskraft, arv av hytter eller hus o.l. som dei mottek. Som tommelfingerregel er det berre alminneleg dugnadsinnsats som går utanom reglane om innrapportering.
Alle bidrag over lova sine terskelverdiar blir gjort offentleg kjent av SSB på partifinansiering.no. SSB er svært nøye med å minne alle dei vel 3 000 innberetningspliktige partieiningane om denne plikta. Grundig rettleiing finns både i innberetningsskjemaet til SSB og gjennom direkte dialog med partia.
Tilsynet og kontrollen med etterlevinga av føresegnene om finansiering av politiske parti, er lagt til Partilovnemnda. Nemnda er fagleg uavhengig og kan ikkje instruerast. Departementet kan heller ikkje gjere om Partilovnemnda sine vedtak i enkelttilfelle.
Partilovnemnda har vide fullmakter til å gjennomføre tilsyn og kontroll. Nemnda kan òg bruke ekspertorganet Partirevisjonsutvalet til å kontrollere partia og få råd om rekneskaps- og revisjonsfaglege spørsmål. Utvalet kan krevje at partiet eller partieininga legg fram all dokumentasjon av betydning for ovannemnde forhold.
Alle brot på reglane om finansiering i partiloven kan medføre sanksjonar. Partilovnemnda kan inndra den fulle verdien av ulovlege bidrag ved å halde tilbake partistøtta for komande år. Folk i partiapparatet som forsettleg eller grovt uaktsamt gir vesentleg uriktige opplysningar i samband med innberetningsplikta, kan òg straffeforfølgast. Det same gjeld dei som tek imot ulovlege bidrag.
Nemnda kan ta tak i alle tilfelle der nokon forsøker å finne måtar å omgå lova på, til dømes dersom et parti tek imot ulovlege bidrag som openbart er kanalisert gjennom mellomledd for å hindre innsyn. Partilovnemnda har gjort dette fleire gonger tidlegare, mellom anna i saka om Nordlaks Holding AS i 2017. Partilovnemnda vedtok her formell åtvaring for manglande innrapportering av bidrag i valår overfor Nordland FrP og Nordland Høgre. På grunnlag av informasjon frå mellom anna revisor for den eine partieininga, vart det avdekka at dei hadde fått bidrag frå fleire selskap med same konserntilknyting på eit slikt vis at det einskilde bidraget låg under beløpsgrensen (kr 10 000), for identifisering av givar, medan bidraga samla sett hadde vore innrapporteringspliktig som eit bidrag. Nemnda fann at når beløpsgrensene vart nytta for å skjule at same bidragsytar i realiteten førde over verdiar til partieininga som oversteig beløpsgrensen, var partieiningane si unnlating av å rapportere inn bidrag og å identifisere givaren, i strid med partilova § 18 nr. 4. Nemnda la i denne samanhengen stor vekt på lova sitt formål om å å sikre offentlegheita si rett til innsyn og å motverke korrupsjon og uønskte bindingar ved at det er openheit om finansieringa av dei politiske partia sin verksemd. Regelbrotet vart gjort i 2017, men oppdaga av nemnda i 2018.
Gjennom dei årlege rapportane frå føregåande partilovnemnder og oppslag i media, har eg notert meg at nemnda er opptatt av å føre streng kontroll med at føresegnene om forboda i partilova blir fulgt.
Vi har nyleg fått på plass ei ny partilovnemnd som skal passe på at partia følgjer reglane om finansiering og rekneskapsføring. Som nemnt over, kan Partilovnemnda etter partilova vurdere saka stortingsrepresentanten tek opp. Men det er som med alle fullmakter elles i lova: det er opp til nemnda sjølv å avgjere det. Den nye nemnda skal i haust vurdere årsrapportane for 2023 frå partia, som SSB fekk i sommar. Nemnda er ikkje bunden av lova til berre å kontrollere innrapporteringane for året som har gått. Eg vil òg peike på at Partilovnemnda i lova er gitt mynde til å tolke lova, noko dei ved fleire høve har gjort tidlegare.
Før eg konkluderer på om det er naudsynt å endre partiloven, meiner eg at Partilovnemnda bør få moglegheit til å vurdere om partia har fulgt reglane i årsrapporteringa, og korleis nemnda meiner lova skal tolkast der det er spørsmål om omgåingar. Eg reknar også med at den nye nemnda allereie har merka seg dei oppslaga som har vore i media den seinare tid knytt til partifinansiering, sett opp mot det ansvar dei har for å kontrollere etterlevinga av føresegnene i partiloven.
Ei eventuell endring av lova krev godt forarbeid og god dialog med dei politiske partia og brei høyring undervegs. Eg meiner også det vil vere ein fordel å sjå denne problemstillinga i samanheng med dei ulike forslaga som den førre partilovnemnda har spelt inn til departementet. Eg meiner at det er viktig for demokratiet vårt at vi har eit godt regelverk på dette området. Eg vil kome tilbake til Stortinget i denne saka mellom anna i samband med oppfølginga av oppmodningsvedtak frå Rødt.