Spaltist:  
Bård Vegar Solhjell

Solhjell: Kina ser Afrika – det bør vi og

Eg har gjennom to tiår reist ein god del i Afrika og har sett dette skje. Eg har merka korleis det har endra samtalane. Kinas geopolitiske innverknad kjem først i analysane, skriv Bård Vegar Solhjell, Norad-direktør og Altinget-spaltist. 

Foto: Nadia Frantsen/Norad
Bård Vegar Solhjell

Presidentpalasset i Maputo, hovudstaden i Mosambik, er omgitt av ein staseleg kinesisk-aktig mur. Innanfor den tronar ein pagode. Det er liten tvil om kven som betalte for bygginga av palass-komplekset. At Mosambik er ein tidlegare portugisisk koloni kan ein sjå i dei gamle sentrumsgatene, på spreidde skilt og flagg.

Men alt som er nytt og glorete er umiskjenneleg kinesisk. Utanriksdepartementet, flyplassen, den store brua og den nye nasjonale fotballarenaen, alt er bygd av Kina. At stormakta er til stades, synest også på andre vis. Det blir ete kinesisk mat og selt forbruksvarer produserte i Kina, kinesisk-eigde trålarar dominerer hamna. Byggeplassar og anlegg har skilt med kinesiske skriftteikn. Fotballstadion har for å vere på den sikre sida fått store klassiske kinesiske søyler i inngangspartiet.

Den kinesiske innverknaden har gradvis blitt meir synleg på kontinentet. I Addis Abeba ligg hovudkvarteret til den Afrikanske Union, ein flott bygning som kosta 1,7 milliardar kroner. Ei gåve frå Kina. I Kenya har Kina bygd den nye ekspress-motorvegen i Nairobi. Ei rekke energi-prosjekt og hamner langs heile kysten er oppgradert med kinesisk kapital.

Kinesiske leiarar har prioritert besøk i Afrika. Som da president Xi Jinping var på sjarmoffensiv til Sør-Afrika, Rwanda og Senegal for å love bort milliardar i investeringar og opne flyplassar og idrettsarenaer.

Kinesisk ekspansjon i Afrika er ikkje ny

Eg har gjennom to tiår reist ein god del i Afrika. Først som politikar, og dei siste åra som direktør i Norad, som forvaltar om lag 20 mrd kroner av norsk bistand. Eg har sett dette skje. Og eg har merka korleis det har endra samtalane. Kinas geopolitiske innverknad kjem først i analysane. Leiarane samanliknar vår bistand med Kina sin. Afrikanske leiarar – både myndigheiter og selskap – besøker Kina og formidlar inntrykk.

Kina er blitt Afrikas fremste handelspartnar og ikkje minst den største långivaren til afrikanske land.

Bård Vegar Solhjell

Den kinesiske ekspansjonen i Afrika er ikkje ny. Politisk sett stammar alliansen frå den kalde krigen. Då var det kinesiske leiarskapet temmeleg isolert internasjonalt, men fann støtte hos afrikanske leiarar – og eit fellesskap som utviklingsland i den såkalla G77-gruppa. Så skaut Kinas innverknad verkeleg fart etter tusenårsskiftet. Den var drive fram av høg og langvarig kinesisk økonomisk vekst, som gav rom for internasjonale investeringar, kombinert med ei dreiing i kinesisk utanrikspolitikk mot ei meir utadretta og ekspansiv linje.

Kina er blitt Afrikas fremste handelspartnar og ikkje minst den største långivaren til afrikanske land. Ei vanleg forteljing er at Kina treng naturressursane i Afrika, og det er nok riktig. Leveransar av olje- og gassressursar frå Afrika er bygde inn i mange av avtalane mellom dei to partane. Kina treng også viktige metallar til si fornybarnæring, og ønskjer tilgang til den hurtig veksande marknaden for forbruksvarer som Afrika er. Afrika treng pengar, – som lån, bistand og investeringar i næringsverksemd.

Les også

Bistand utan vilkår

Dei fleste av oss møter nok det kinesiske engasjementet med ein stor dose skepsis. Det ville like fullt vore feil ikkje å ta med korleis Kina har bidrege til sosial og økonomisk framgang, slik fleire studier viser. Kina gir lån – men også bistand. Pengane frå Kina til Afrika kjem gjerne med «no strings attached», utan vilkår. I kontrast til bistand frå Noreg som kjem med strenge krav om anti-korrupsjon, likestilling, menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Pengane frå Kina til Afrika kjem gjerne med «no strings attached», utan vilkår. I kontrast til bistand frå Noreg som kjem med strenge krav om anti-korrupsjon, likestilling, menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Bård Vegar Solhjell

Og det ville vore naivt å utelukke Kina sine globale ambisjonar frå analysen. Kina er no det landet i verda som har størst diplomatisk representasjon i Afrika. Kina har strukturert den særmerkte koblinga mellom statlege interesser og økonomisk ekspansjon i det omfattande infrastrukturprogrammet «Belt and Road Initiative». Dette er ei ramme rundt eit utal avtalar om å investere i infrastruktur – ofte med politiske føringar integrert.

Gjennom sitt breie engasjement demmer Kina opp mot at Vesten skal dominere Afrika så sterkt som vi historisk har gjort.

Kinesisk politisk tenking er langsiktig. Særs langsiktig. Det blir særleg synleg i møte med den kortsiktigheitssjuka som har ramma mange vestlege demokrati sin politiske kultur. Ei berømt historie omhandlar da tidlegare kinesiske statsminister Zhou Enlai fekk spørsmål om kva han meinte var effekten av den franske revolusjonen i 1789. Han skal ha tenkt seg om, og svart at «det er for tidleg å seie». (I ettertid er det reist tvil om han misforstod og refererte til student-opprøret i 1968, men ein skal jo aldri sjekke ei så god historie.)

Gjennom sitt breie engasjement demmer Kina opp mot at Vesten skal dominere Afrika så sterkt som vi historisk har gjort.

Bård Vegar Solhjell

Større skepsis med økt gjeldsbyrde

Det siste året, etter at det meste av verda covid-opna, har eg igjen reist mykje i Afrika – og merka ei endring i haldningane. Ei større skepsis.

Den enorme kinesiske gjeldsbyrda begynner å tynge. I Angola, eit fattig land med 34 millionar innbyggarar, «skyldar»  kvart einaste menneske rundt 6000 norske kroner til Kina, i følgje avisa Expansão i hovudstaden Luanda. Mange av dei kinesiske låneavtalane hadde tilsynelatande gunstig avdragsfridom i starten, men tøffe betalingsvilkår etter kvart. Dette slår no inn, og mange afrikanske land er fanga i ei gjeldsfelle.

Eit naturleg svar frå Norge og andre vestlege land burde vere å vise enno større interesse for kontinentet i åra framover.

Bård Vegar Solhjell

Vidare er det aukande skepsis i Afrika til det kinesiske modus operandi – som er å sende inn alt. Og alle. Ingeniørar, arbeidarar, materiell, mat, bustader, utstyr, – alt kjem frå Kina og blir verande så lenge byggeperioden varer. Dette skaper lite lokal utvikling, og få varige afrikanske arbeidsplassar. Og, vil eg legge til, er det stikk motsette av tankemåten i vår bistand. Norge forsøker å bidra til mest mogleg lokalt leia utvikling. 

Kina er der for å bli

I Afrika, som elles i verda, er Kinas renommé svekt dei siste åra. Men Kina er der for å bli. Eit naturleg svar frå Norge og andre vestlege land burde vere å vise enno større interesse for kontinentet i åra framover. For Afrika er moglegheitenes kontinent, der den kjøpekraftige middelklassen blir fleire, energibruken aukar og veksten er sterk mange stader. Samstundes som Afrika er kontinentet som treng vår bistand mest, på grunn av klart flest ekstremt fattige og klart verst konsekvensar av klimaendringar.

Kina ser Afrika – det bør vi og.


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00