Marius Langballe Dalin svarer
Jan Christian VestreKva vil statsråden gjere for å få israelske styresmakter til å lausleter vilkårleg fengsla palestinske helsearbeidarar?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Kva vil statsråden gjere for å få israelske styresmakter til å lausleter dr. Hussam Abu Safiya og alle andre vilkårleg fengsla palestinske helsearbeidarar og hindre at stridende partar angrip sjukehus og fengslar helsearbeidarar?
Dr. Hussam Abu Safiya, direktør ved Kamal Adwan-sjukehuset og ei tydeleg røyst for den hardt råka helsesektoren i Gaza. Han sit framleis vilkårleg fengsla av israelske styresmakter etter at han vart arrestert 27. desember. Ein advokat som nyleg besøkte han og andre fangar, rapporterer at han har vorte utsett for overgrep.
Den 27. desember 2024 storma israelske styrkar Kamal Adwan-sjukehuset. Dei arresterte sjukehusdirektør dr. Hussam Abu Safiya saman med andre tilsette og pasientar.
Dr. Abu Safiya hadde jobba utrøytteleg for å halde sjukehuset i gong, gje livsviktig hjelp til born. Han var vitne til at helsevesenet i Gaza kollapsa under det israelske folkemordet. Han heldt fram med arbeidet sitt, sjølv etter at hans eigen son vart drepen i eit israelsk luftåtak. Som mange andre helsearbeidarar før han, vart han arrestert medan han pleia pasientar og utførte pliktene sine som lege.
Først 11. februar 2025 fekk dr. Abu Safiya lov til å møte ein advokat. Under det siste advokatbesøket i Ofer-fengselet i byrjinga av juli 2025, vart det rapportert at dr. Hussam og andre fangar var utsette for vald. Advokaten fortalde også at dr. Abu Safiya hadde gått kraftig ned i vekt, då det israelske fengselsvesenet held fram med å avgrense fangane sin tilgang på mat og helsehjelp.
Arrestasjonen og den pågåande fengslinga utan lov og dom – basert på den kontroversielle lova «Unlawful Combatants Law» – er eit bilete på korleis Israel systematisk går etter palestinske helsearbeidarar. Det er ein del av øydelegginga av helsesystemet i Gaza, for å skape levekår som er meinte å føre til etnisk reinsing.
Noreg er ein tydeleg forsvarar av den internasjonale humanitærretten. Me fordømmer alle angrep på helsearbeidarar og helseinstitusjonar, som etter folkeretten har eit særleg vern. Diverre ser me ein auke i slike angrep. I Gaza har dette vore utbreitt.
Sidan 7. oktober 2023 er 991 helsearbeidarar drepne og 309 tekne til fange i Gaza. Samstundes har det vore fleire hundretals åtak på helseinstitusjonar og ambulansar. Palestinsk Raude Halvmåne har mista 51 tilsette og friviljuge under krigen i Gaza. 29 av desse vorte drepne medan dei var på oppdrag. På Vestbredda er 41 helsearbeidarar drepne og 259 tekne til fange.
Desse angrepa utgjer klare brudd på folkeretten og det er heilt uakseptabelt at sivile born og vaksne blir fråtekne livsviktig behandling som følgje av mangel på sjukehus, helsepersonell og forsyningar.
Åtaka mot Nord-Gaza i desember 2024, der mellom anna Kamal Adwan-sjukehuset vart ramma, skapte sterke reaksjonar. Ifølgje palestinske helsemyndigheiter vart over 50 menneske, blant desse fem helsearbeidarar, drepne i dei israelske luftangrepa. Det vart også rapportert om at helsearbeidarar ved Kamal Adwan-sjukehuset, inkludert Abu Safiya, vart tekne til fange av israelske styrkar.
Noreg har tatt opp angrepet på Kamal Adwan-sjukehuset med israelske styresmaktar. Noreg har ved fleire høve fordømt brot på den internasjonale humanitærretten i Gaza, deriblant i FN. Vidare jobbar Noreg aktivt for å betre beskyttelsen av helsearbeidarar og -institusjonar i konflikt, og me er i kontakt med likesinna om korleis ein skal få Israel til å leve opp til sine folkerettslege forpliktingar. Dette er noko me vil halde fram med.








