Ove Trellevik
Marianne Sivertsen NæssKan statsråden gjere greia for kva vurderinga Kystverket har bede FFI om, og kven som gjer desse vurderingane for Kystverket?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Kan statsråden gjere greia for kva vurderinga Kystverket har bede om, og kven som gjer desse vurderingane for Kystverket?
Viser til skriftleg spørsmål sendt: 17.04.2026 av Stortingsrepresentant Kjersti Toppe, som vart svart på 24.04.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
I svaret skriv statsråden at Kystverket har gitt Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) i oppdrag å gjennomføra ulike modelleringar og utrekningar for å kunna seie meir om risikoen knytt til torpedoane i vrakdelane av U-864. På grunn av omfanget av arbeidet er rapporten frå FFI forseinka, og Kystverket venter å få rapporten seinast 1. mai.
Vidare skriv statsråden at Kystverket har i samband med utgreiinga bestilt fleire vurderingar innan ulike område for å redusera uvissa i ein plan for eit endeleg tiltak. Desse rapportane vil bli lagt ved Kystverkets vurdering og tilråding til Nærings- og fiskeridepartementet, og vil etter planen vere offentlege når tilrådinga blir oversend i slutten av mai 2026.
Som stortingsrepresentant Trellevik skriv har Kystverket bedt FFI gjennomføre ei vurdering av risikoen knytt til torpedoane i vrakdelane i U-864. I tillegg til oppdraget til FFI har Kystverket og innhenta vurderingar ifrå andre aktørar om andre problemstillingar knytt til den vidare handteringa av ubåtvraket og kvikksølvforureininga. Kva for vurderingar og kven som gjennomfører desse går fram av lista under:
- Oppdatering av rapporten “Site-Specific Seismic Hazard Study for the Submarine Wreck U-864 Location”, 2019 (NORSAR).
- Oppdatering av rapporten «Supplementary studies - Study No. 1: Corrosion, Teknisk rapport nr. 23916-1», 2008 (DNV).
- Moglegheitsstudie om heving av kvikksølvlast ifrå U-864, med formål å vurdere ulike metodar for å sikre tilgang til kjølkassen på dei to vrakdelane, samt gje eit kostnadsestimat for og varigheit av operasjonen, og beskrive risiko knytt til dei ulike metodane (Subsea7).
- Undersøkingar av vrak og sjøområde rundt (Reach Subsea).
- Dialogmøte med ulike aktørar i subsea-sektoren.








