Jens StoltenbergMeiner finansministeren at det er i tråd med god forvaltning av rolla som leiar for Oljefondet å bidra i marknadsføringa av eit selskap fondet både er investert i og brukar teknologi frå?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Meiner finansministeren at det er i tråd med god forvaltning av rolla som leiar for Oljefondet å bidra i marknadsføringa av eit selskap fondet både er investert i og brukar teknologi frå?
I juli 2025 stilte Oljefondet sin leiar Nicolai Tangen med sitat i marknadsføringa av eit nytt KI-program frå Anthropic, slik det blir vist til i Morgenbladet 13. april 2026.
Jussprofessor Hans Petter Graver, som leia utvalet som utforma Oljefonde sitt etiske regelverk i 2003, seier til avisa at slik medverknad «... kan innebære bruk av en offentlig stilling til å fremme kommersielle interesser, noe som generelt bør unngås ...». Fleire andre ekspertar har også vore inne på at dette er rolleblanding.
Eg er gjennom artikkelen i Morgenbladet, som stortingsrepresentanten Papas viser til, gjort kjend med at Norges Bank Investment Management (NBIM) samtykte i at Anthropic, som leverer ei KI-programvare NBIM nyttar, kunne bruke eit sitat frå NBIM i si marknadsføring. Det går fram av artikkelen at NBIM ikkje har fått nokon fordelar eller motytingar for å gi løyve til bruk av sitatet. For ordens skuld nemner eg at Statens pensjonsfond utland ikkje er investert i Anthropic.
Eg har merka meg at det går fram av artikkelen at NBIM har opplyst journalisten om at førespurnaden om bruk av sitatet ikkje vart vurdert grundig nok, og at NBIM uttalar at dei burde ha sagt nei. Eg har òg merka meg utsegna om at fondet ikkje skal nyttast i marknadsføring for tredjepartar. NBIM bad difor Anthropic om å fjerne sitatet. Eg er samd med NBIM i at pensjonsfondet ikkje bør nyttast i marknadsføring.








