Frank Edvard Sve svarer
Jon-Ivar NygårdNår har samferdselsministeren tenkt å gjere noko med Norges farligaste veg, E-16 Skaret- Hønefoss i Viken?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Når har samferdselsministeren tenkt å gjere noko med Norges farligaste veg, E-16 Skaret- Hønefoss i Viken?
E-16 mellom Skaret og Hønefoss i Viken, toppar den dystre statestikken over dødsulykker på norske veier i 2022.
Eg registrerar at ordførarane også frå AP langs denne veien kjem med open kritikk av samferdselsministeren og eiga regjering for at denne vegstrekninga ikkje blir prioritert.
Samferdselsministeren seier i ein artikkel i nettavisa, at ordførarane har ein legetim rett til å arbeide for sine lokale prosjekter.
Regjeringa har sjølvsagt også ei klar plikt til å prioritere dei farligaste vegane her i landet, trafikktrygging og sørge for tryggast mulig ferdsel på norske vegar.
Som det går fram av Prop. 1 S 2022-2023, vil det i dei næraste åra vere mindre rom for å starte opp store investeringsprosjekt på riksveg og jernbane enn det som følgjer av Nasjonal transportplan 2022–2033. Fellesprosjektet E16 og Ringeriksbanen er prioritert i gjeldande NTP. Samstundes er det eit svært kostbart prosjekt som vil krevje betydelege statlege budsjettmidlar i gjennomføringsfasen av prosjektet. I budsjettforliket mellom regjeringspartia og SV om statsbudsjettet for 2023 vart det einigheit om at E16 Skaret – Høgkastet – Hønefoss vert vidareført som eit fellesprosjekt, og at vidare framdrift blir vurdert i samband med Nasjonal transportplan (NTP) 2025–2036. Eg vil kome nærare tilbake til framdrifta i prosjektet i samband med at den nye transportplanen leggast fram for Stortinget neste år.








