
27. april 2026 kl. 09:44
Under landsmøtet til Noregs Mållag fekk Peder Lofnes Hauge fornya tillit. Han har allereie seks år bak seg som leiar, og er den leiaren som har site lengst.
– No siktar vi mot ny medlemsrekord i Mållaget, og at Stortinget skal grunnlovfeste nynorsken. Så vil vi få med oss styresmaktene på målet om ein million nynorskbrukarar! sier Lofnes Hauge i ei pressemelding.
Han ønskjer seg eit samfunn der det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar:
– Vi forventar eit taktskifte frå styresmaktene no. Første steg er å slå fast at vi må bli fleire nynorskbrukarar. Det neste er å følgje opp med tiltak og løyvingar som monnar.
Det nye styret i Noregs Mållag:
- Peder Lofnes Hauge, leiar (Bergen)
- Live Havro Bjørnstad, nestleiar (Bergen)
- Kjetil Aasen (Oslo)
- Espen Tørset (Orkland)
- Gunnhild Skjold (Tromsø)
- Monika Haanes Waagan (Herøy)
- Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom.
- 1. vara: Karen Mjør (Oslo)
- 2. vara: Tommy Tverdal (Vennesla)
- 3. vara: Silje Nathalie Luvåsen (Hamar/Oslo)
- 4. vara: Jorunn Simonsen Thingnes (Sogndal).
- Stoltenberg advarer om avgifts-lovbrudd – mener EUs vedtak onsdag ikke påvirker bensin-trøbbel
- Stort helseskille i befolkningen knyttes til økonomi og bakgrunn: – Blir litt lei meg, sier Vestre
- En halv million voksne kan knapt lese – nå mobiliserer partene i arbeidslivet
- Ideelle aktører må prioriteres i velferden
- Arbeidsliv i uke 18: Arbeidernes internasjonale kampdag og forhandlingsfrister




















