Digdir-direktør: Kunstig intelligens treng ein nasjonal dirigent – raskt

I eit innlegg i Aftenposten på søndag skriv KI-ekspert og førsteamanuensis Inga Strümke at "Norge har fått en digitaliseringsminister. Denne gangen kan det utgjøre en forskjell." Strümke tek opp viktige tema. Ho peikar mellom anna på at offentleg sektor treng hjelp til å identifisere moglegheitene og skape ei felles forståing knytta til gjeldande reglar på KI-området. Det er eg einig i.
Handteringa av kunstig intelligens er berre eitt døme på at Noreg må organisere seg annleis for å respondere raskt nok på nye teknologiar, utfordringar og moglegheiter.
Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet
EU har teke eit krafttak
No kjem ein tsunami av rettsakter frå EU med regelverk som Noreg er forplikta til å implementere som ein del av EØS-avtalen.
Da ChatGPT traff oss for eit år sidan, var vi lite førebudde på korleis vi skulle handtere ein ny teknologi som snur opp-ned på mykje. Vi måtte finne ut om vi skulle regulere teknologien, og korleis.
EU har teke eit krafttak for å sikre dei europeiske demokratia når både store, private tech- selskap, og nasjonar med andre styresett enn oss, utnyttar teknologien på måtar som ikkje er i samsvar med våre verdiar for bruk av kunstig intelligens. EU gjer mykje godt arbeid med regelverk. I tillegg kjem store satsingar på infrastruktur, forsking, utvikling, testing og utprøving av ny teknologi. Alt dette kjem Noreg til gode. Det er god hjelp på eit område der utviklinga går lynraskt og det er utfordrande for ein liten nasjon å henge med.
Noreg langt unna god samordning
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) ser behovet for ei samordna tilnærming til dei mange EU-regelverka på digitaliseringsfeltet. Vi må også sørge for at regelverk vi allereie har, og som berre gjeld Noreg, er oppdaterte og digitaliseringsklare. I dag er Noreg veldig langt unna god samordning og har ikkje nok kapasitet til det naudsynte regelverksarbeidet. Handteringa av kunstig intelligens er berre eitt døme på at Noreg må organisere seg annleis for å respondere raskt nok på nye teknologiar, utfordringar og moglegheiter.
Nokon må få eit mandat til å forvalte dei felles interessene til Noreg på både EU-regelverk og på KI-feltet.
Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet
Regjeringa er i gang med ein ny digitaliseringsstrategi. Digdir forventar at den skal adressere dei strukturelle utfordringane i forvaltninga som gjer det vanskeleg å agere smidig, heilskapleg og kraftfullt når viktige område som kunstig intelligens treff oss.
Eit mandat til å forvalte felles interesse
Digdir får mange tilbakemeldingar om at nokon må få eit mandat til å forvalte dei felles interessene til Noreg på både EU-regelverk og på KI-feltet. Som relativt fersk leiar av Digdir er ambisjonen min at Digdir, som har ansvaret for raskare og meir samordna digitalisering av landet, skal ta ei slik rolle. Vi har allereie svært kompetente medarbeidarar på begge områda, som mellom anna den nye rettleiinga i bruk og utvikling av kunstig intelligens i offentleg sektor er eit døme på. Rettleiinga gir konkrete råd for å hjelpe verksemdene med å ivareta eksisterande og komande regelverk.
Ei formell rolle vil gjere det lettare å utruste Digdir for arbeidet som krevst og vil gjere det lettare å samordne offentleg sektor i desse spørsmåla. I påvente av eit sterkare mandat på desse områda, kan eg uansett love at eg vil leite etter moglegheiter og gjere alt vi kan for å styrke dette arbeidet i 2024.
Farta må opp. Vi har ikkje tid til å vente. Vi risikerer at Noreg blir ståande på perrongen når digitaliseringstoget går, og vi vil gå glipp av store moglegheiter vi ikkje har råd til å misse.
Artikkelen er skrevet av
Innsikt

Abid Raja spør Terje AaslandHvordan vil statsråden hindre at stans i reservasjoner av nettkapasitet blir en varig brems for verdiskaping, bosetting og beredskap i nordområdene?Besvart
Bjørnar Laabak spør Kjersti StensengHvordan har bevilgning og avslag i ordningen for aktivitetshjelpemidler utviklet seg de siste fire årene og så langt i 2026?Besvart
Erna Solberg spør Espen Barth EideVil regjeringen styrke bistanden til bærekraftig havforvaltning og bidra til EUs initiativ for global havobservasjon og havdata?Besvart
- Sterke reaksjoner etter at Frp-rådgiver kalte pakistanere «minusvarianter»
- Gro tapte valget på grunn av ordning som nå er forbudt. Danskene har den fortsatt
- Steinar Suvatne overtar som programleder for Debatten
- Energikrisen tvinger fram nye politiske allianser
- Som verdens mest pressefrie land er vi forpliktet til å si fra – og ikke minst holde våre mektige allierte ansvarlige
















