Høgsterett har stadfesta ein legitim rett

Reidar Holst Christensen fekk ikkje julegåva han hadde håpa på.
Høgsterett slo i desember fast at det offentlege har eit betydeleg skjønnsrom til å bestemme korleis velferdstenestene skal organiserast – inkludert retten til å reservere innkjøp for ideelle aktørar.
Dette er ingen svekking av kvalitet og kostnadseffektivitet, men ei klårgjering av at demokratiet står fritt til å styre korleis fellesskapets midlar skal brukast.
Ideelle aktørar har særpreg og tilfører meirverdi
Espedal‑rapporten (VID, 2025) viser at ideelle aktørar tilfører samfunnet ein meirverdi som ikkje let seg fange av tradisjonelle anbodsformer:
- Funksjonell meirverdi: Ideelle er fleksible, fagleg solide og har spisskompetanse på særlege brukargrupper.
- Altruistisk meirverdi: Dei driv ikkje for eigarinteresser, men prioriterer fellesskapet.
- Emosjonell meirverdi: Brukarane opplever tillit, omsorg og stabile relasjonar.
- Sosial meirverdi: Ideelle byggjer fellesskap, deltaking og sosiale nettverk som andre aktørar sjeldan får til.
Enno eit poeng er geografisk fordeling og tilgang til tenester. Kommersielle aktørar har vist seg mest interessert i etablering i folkerike område. Marknaden er best der. Dette er kvalitetsdimensjonar som nettopp har stor samfunnseffekt, men som ikkje er enkelt å fange opp i ein open offentleg anskaffing. Resultatet er at dei ideelle tapar terreng.
Sikring mot privat profitt er nødvendig – ikkje eit problem
Christensen har rett i at framtida krev meir velferd for kvar krone. Nettopp difor må vi tenkje smart. Det er god økonomisk styring å styrkje dei ideelle fagmiljøa – med høg kompetanse, ordna løns‑ og pensjonsvilkår og ei drift der eventuelle overskot går tilbake til det samfunnsnyttige formålet. Slik får ein både høgare kvalitet, lågare turnover og meir stabile tenester over tid.
Christensen åtvarar mot at eventuelt overskot hos diakonale ideelle organisasjonar og kan gå til andre diakonale aktivitetar. Men dette kreative argumentet må vegast mot det reelle alternativet: eit system som i altfor stor grad har skapt ei økonomisk velferdselite.
Fleire av dei kommersielle selskapa har utanlandsk eigarskap. Andre er etablert av nordmenn som har blitt så rike på tenester finansiert av skattepengar at dei sjølv ikkje ser seg råd til å skatte til Norge og dermed har flytta utanlands.
Dette er ikkje budsjettmessig effektivitet, det er lekkasje.
Reservasjon for ideelle er eit verkemiddel for å motverke nettopp dette.
I eit demokratisk land er det legitimt at politikarane formar framtidas velferdstenester.
Tarjei Urup Helle
Direktør, AiR
Det er legitimt at politikarane styrer kven som får levere velferd
I eit demokratisk land er det legitimt at politikarane formar framtidas velferdstenester. Christensen omtalar resevasjon for ideelle som politisk motiverte ideologiske hensyn. Ein kamp for kommersialisering av samfunnet kan beskrivast med same ord og uttrykk.
Høgsterett sin dom gjev oss grunnlag for val framover.
Politikk handlar om å vekte verdiar og langsiktig samfunnseffekt – ikkje berre pris i eit enkelt anbod. I ei brytningstid er det eit politisk ansvar å stille dei grunnleggjande spørsmåla:
Korleis sikrar vi berekraftig velferd over tid?
Kva gir mest igjen for kvar krone – ikkje på kort sikt, men i samla samfunnsverdi?
At Høgsterett no stadfester dette handlingsrommet, er difor ikkje berre ein siger for ideelle aktørar. Det er òg ein siger for demokratiet.
Artikkelen er skrevet av
Omtalte personer
- Politiet advarer mot BankID-panikk blant eldre. Trodde de kunne miste sparepenger
- Tre lønnsprofiler, én arbeidsplass: Nav står midt i avtalekonflikten i staten
- Får konkurranse fra tidligere Nav-direktør i kampen om toppjobb i KI Norge
- Danmark vil fornye kontroversielle strømkabler til Norge. Mette Frederiksen planla å ta opp saken direkte med Støre
- Stortinget åpner to kontrollsaker om forsvarssektoren: – Dette er en skandale




















