
– Årets prisvinnar har arbeidd for nynorskbrukarane, og med nynorsken i nær sagt heile sitt yrkesaktive liv. Det er slik at vi trygt kan kalle det eit livsverk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.
Grepstad vart den første tilsette i Nynorsk kultursentrum da han vart direktør i 1999. Det er denne rolla han er mest kjent for, men Grepstad har også vore politikar, forlagsredaktør og forfattar.
– Ottar Grepstad har skrive seg inn i nynorsken og han har brukt orda godt. Det er mange av oss som har forstått fortida eller tida vi lever i betre, fordi han har formulert og dokumentert, sier Lofnes Hauge.
Under tildelinga av prisen laurdag heldt han ei lengre takketale, der han løfta fram det store arbeidet Grepstad har lagt ned for nynorsk skriftkultur gjennom eit langt liv:
– Prisvinnaren har blitt kalla både ein norsk kulturadministator og språkstrateg. Og han har nytta tida godt.




















