Spaltist:  
Bård Vegar Solhjell

Krig og fred

Ein morgon stod eg opp før byen hadde vakna, og gjekk ut i gatene. Eg gjekk forbi Baron Steingel sitt hus, inn den gylne porten til høgre og ned til den kaotiske, men storslåtte Maidan-plassen. Den står sterkt i medvita mi, sjølv om eg aldri før har vore der.

Maidan-plassen i Kyiv var sitt fredelege og storslegne «eg». Ein heilt vanleg morgon. Så fredeleg, tenkjer eg, som om alt var normalt. Men alt er ikkje lengre normalt, skriv Bård Vegar Solhjell. 
Maidan-plassen i Kyiv var sitt fredelege og storslegne «eg». Ein heilt vanleg morgon. Så fredeleg, tenkjer eg, som om alt var normalt. Men alt er ikkje lengre normalt, skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: AP Photo/Daniel Cole/NTB
Bård Vegar Solhjell

Då dei store opptøyane mot det russisk-vennlege regimet starta her vinteren 2014, følgde eg først spent med – så engasjerte eg meg i ukrainarane sin kamp for fridom. Eg tok det opp i Stortinget, skreiv artiklar og heldt talar på støttemarkeringar i Oslo.

No står eg her, på Maidan-plassen, og det var som om Kyiv var sitt fredelege og storslegne «eg». Ein heilt vanleg morgon. Så fredeleg, tenkjer eg, som om alt var normalt. Men alt er ikkje lengre normalt. 

Ved Mykhailivska-plassen står utbomba bilar og stridsvogner frå krigen. Rundt monumentet av den heilage Olga av Kyiv heng det ein militær ryggsekk. Lenger opp, på plassen ved St. Sofia-katedralen står ein fredsam, hjarteforma statue. Men også den dekt av krigens minne – lys og blomar til minne om falne i fronten. Normalt er det heller ikkje at flyalarmen går, og vi har fem minutt på å kome oss i tilfluktsrommet. Eller å sjå  ambulansane som strøymer mot jernbanestasjonen for å ta imot dei som kjem inn såra frå fronten i aust med toga.

Bistand gjer ein skilnad

Ukraina er i krig. Dei er under åtak frå sin mektige nabo i aust. Og det er grunnen til at eg, som direktør i Norad, er på besøk.

Norge har tileigna vårt suverent største bistandsprogram til eitt enkelt land, nemleg Ukraina, gjennom Nansen-programmet. Den sivile delen av programmet blir forvalta av Norad på vegne av Utanriksdepartementet, skriv Bård Vegar Solhjell. 
Norge har tileigna vårt suverent største bistandsprogram til eitt enkelt land, nemleg Ukraina, gjennom Nansen-programmet. Den sivile delen av programmet blir forvalta av Norad på vegne av Utanriksdepartementet, skriv Bård Vegar Solhjell.  Foto: Nadia Frantsen/Norad
Norge har tileigna vårt suverent største bistandsprogram til eitt enkelt land, nemleg Ukraina, gjennom Nansen-programmet. Eit samla Storting har forplikta seg til ei støtte på 75 milliardar kroner, militær og sivil, over fem år. Det er heile 15 milliardar kroner i året. Den sivile delen av programmet, som i år er om lag halvparten, blir forvalta av Norad på vegne av Utanriksdepartementet. 

Eg har ofte sett den direkte nytta av bistand og skilnaden den kan gjere i livet til menneske. I Ukraina får eg sjå det igjen.

Under fullskalainvasjonen av Ukraina nådde russarane nesten Kyiv. Berre ein liten times køyring frå hovudstaden ligg småbyen Butsja som var okkupert av russiske styrkar i ein månads tid.

Den lokale skulen vart basen til dei russiske soldatane, der dei sov, jobba og drakk. Dei forlét den med knuste vindauge og veggane tagga ned. Skulen er skoten igjennom og treft av rakettnedslag, og barnehagen i nabohuset er bomba i stykker. Det vil ta tid å lege såra påført skulen og elevane som går der. No blir skulen bygd opp igjen av Flyktninghjelpen med norske bistandspengar. 

Lokal helsedekning

I område med dårleg helsedekning er det ekstra krevjande å hele dei fysiske og psykiske såra. Dei mobile helseteama til Røde Kors sørgjer for at grunnleggande helsehjelp er tilgjengeleg for mange som elles ikkje ville fått det. Dei som treng det, kan sendast vidare til sjukehus eller klinikkar for psykisk helsehjelp. Med norske bistandspengar. 

Eg har ofte sett den direkte nytta av bistand og skilnaden den kan gjere i livet til menneske. I Ukraina får eg sjå det igjen.

Eit eldre ektepar som hadde huset fullt av russiske soldatar fortel meg om skrekken ved det russiske inntoget. Huset har nokre skadar frå striden utanfor, men den største skada fryktar dei at barnebarnet på tre år har fått. Han måtte vettskremt vere vitne til at russiske soldatar rulla inn i nabolaget mens foreldra var borte. No får familien ei lita kontantoverføring for å klare seg. 

Som mange stader i verda overgår gjestfridomen kva ein kan fatte. Eg blir bydd på eit dampa brød fylt med søte kirsebær, og seier som sant er at eg liker det, og har straks fått tilbod om ein heil pose.

Får materialer til å byggje heimane opp att

Ikkje langt unna besøker vi ei kvinne på min alder og mora hennar. Huset til mora vart bomba sønder og saman, men no er dei i gang med å byggje det opp igjen gjennom ei støtteordning frå Flyktninghjelpen. Ein kan hente alle materiala ein treng på eit lokalt byggvarehus for sjølve eller ved hjelp av andre byggje opp bustaden sin igjen. Kvinna ønsker at mora skal kunne døy på staden ho har levd heile livet, og huset er no på veg opp. Norske bistandsmidlar finansierer denne hjelpa. 

Er det samanheng mellom bistanden Ukraina får og deira militære motstand, spør nokon meg. Ja, meiner eg. For å vinne krigen og å overleve som stat må samfunn og statsapparatet fungere.

I fjor vinter kjøpte Norge gass og elektrisitet til den kalde vinteren. Dette var kritisk viktig for å varme opp hus og lage mat, men og avgjerande for industri og forsvar. Utan denne støtta hadde rett og slett ikkje mange ukrainarar hatt mogelegheit til å varme opp husa sine. Tenk på det, ein kald haustdag.

Vi betalar og for at staten skal drive helsehjelp og utdanning. Tilgang til helseteneste trengst meir enn nokon gang i eit land under åtak. Det same gjeld for utdanning. Ukraina kan ikkje la ein generasjon barn stå utan skulegang, og dermed møte framtida hjelpelause. 

Les også
Fattigdomen aukar

Fattigdomen i landet har auka frå fem prosent før krigen til 25 prosent i dag. Millionar har flykta frå landet. Minst like mange er internt fordrivne og avhengige av humanitær hjelp. Fleire får ikkje jobb i områda dei har flykta til. Ei av årsakene er at 30 prosent av arbeidsplassane som fantes før krigen, no er borte. No reiser ein god del tilbake til meir utsette område, fordi dei ikkje har pengar eller jobb. Dei humanitære behova er enorme og 30 prosent av den norske sivile støtta går til humanitær innsats. 

I bomberommet kjem kollegaene mine i snakk med ein ukrainar. Då han oppdagar at vi  er norske, roper han «Tusen takk for NASAMS!»

Den sivile støtta er viktig for at Ukraina skal fungere, også mens landet er i krig.

Møta eg hadde med myndigheitene viste kor sterkt dei verdsette norsk støtte og at støtta blir sett. Visestatsminister Oleksandr Kubrakov var eintydig og oppriktig i takka si. Dei veit at Noreg er eit lite land, men like fullt ein av dei største gjevarane.

«Takk for NASAMS!»

Den militære støtta er klart viktigast. Dei har ein krig å vinne. Ingenting betyr meir akkurat no. I bomberommet kjem kollegaene mine i snakk med ein ukrainar. Då han oppdagar at vi  er norske, roper han «Tusen takk for NASAMS!»

NASAMS står for Norwegian Advanced Surface to Air Missile System og er eit luftvernsystem utvikla av Kongsberg Gruppen. Det stod øvst på Ukraina si ønskeliste og vart oppfylt. Statsminister Jonas Gahr Støre kommenterer ønsket slik:         

– Du kan seie at det er ulike etasjar. Den øvste etasjen er beskyttelse mot at ein blir angripen og øydelagd. Så luftvern er den viktigaste støtta vi kan gje.

Ukraina har ei enorm oppgåve framfor seg. Nansen-programmet er eit bidrag. Det kjenst viktig for oss i Norad å kunne bidra gjennom å forvalte det: å setje pengane i arbeid, sørgje for at dei blir brukte godt og kontrollere at dei ikkje hamnar i feil hender. 

Det kjenst viktig for oss i Norad å kunne bidra gjennom å forvalte det: å setje pengane i arbeid, sørgje for at dei blir brukte godt og kontrollere at dei ikkje hamnar i feil hender. 

Omtalte personer

Bård Vegar Solhjell

Direktør, Norad
Cand.polit. (Universitet i Oslo, 2000)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00