Spaltist:  
Bård Vegar Solhjell

Stilla frå Afrika – Kvifor så mange afrikanske land vel å avstå frå å fordømme Russland

Kvifor er så mange av dei afrikanske landa skeptiske eller unnvikande til å fordømme Russlands krig mot Ukraina? spør Norad-direktør Bård Vegar Solhjell i ukens spalte i Altinget.

FNs generalforsamling stemte i februar over ein resolusjon som fordømer invasjonen  av Ukraina. Flest av landa som «sit på gjerdet» er afrikanske, skriv Bård Vegar Solhjell. 
FNs generalforsamling stemte i februar over ein resolusjon som fordømer invasjonen  av Ukraina. Flest av landa som «sit på gjerdet» er afrikanske, skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: Mike Segar/REUTERS/NTB
Bård Vegar Solhjell

På dagen eitt år etter invasjonen i Ukraina. I FN-bygningen i New York blir det nok ein gong røysta over ein resolusjon som vil dømme Russland.

Som vanleg var det stort fleirtal for, 141 land.

Sju er mot, blant andre dei afrikanske landa Eritrea og Mali.

32 land – med Kina og India i spissen – avstår frå å røyste. I denne gruppa finn vi mange land i Afrika, Asia og Latin-Amerika, blant dei Sør-Afrika, Pakistan og Brasil. 

Spaltister i Altinget Løvebakken

Hver søndag publiserer Altinget Løvebakken en tekst skrevet av en av våre spaltister aktuell politisk debatt, demokratiutvikling, velgeradferd og internasjonale forhold. 

Dette er spaltistene våre i 2023:

  • Jette F. Christensen, statsviter, skribent og leder av Riksvalgstyret, tidligere stortingsrepresentant (Ap)
  • Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad, tidligere direktør i WWF og stortingsrepresentant (SV)
  • Hadle Bjuland, leder for Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU)
  • Monica Mæland, direktør i Bergen næringsråd, tidligere statsråd (H)
  • Johannes Bergh, valgforsker og fagsjef ved Institutt for samfunnsforskning. 
  • Sandra Borch, landbruks- og matminister (Sp)

Flest frå Afrika, heile 51 prosent av landa som «sit på gjerdet» er afrikanske.

Slik har det vore gjennom dei mange røystingane i krigsåret. Kvifor vel så mange afrikanske land å avstå frå å fordømme Russland? Er det ikkje innlysande at ei aggressiv krigsmakt treng å møte internasjonal motstand.

Jo, det er det. For oss, for meg. Forklåringa på kvifor det ser annleis ut med mange afrikanske auge, ligg i historie, posisjonering, pragmatisme og propaganda.

Ikkje-allianse

Ikkje-allianse er eit historisk sterkt omgrep hos mange statar i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Dette går tilbake til Den kalde krigen og Bandung-konferansen i 1955, då ei rekkje utviklingsland ønskte å vere ein uavhengig styrke mellom aust og vest. Det sit framleis i ryggmergen hos nokre av landa som «ikkje vil danse etter Vestens pipe».

Medan den kalde krigen i Afrika var prega av land som tilhøyrde ei blokk, er dagens Afrika prega av land som ikkje vil tilhøyre andre sine interessesfærar.

Bård Vegar Solhjell
Norad-direktør, spaltist i Altinget

I tillegg har mange utviklingsland historiske band til den tidlegare Sovjetunionen. I dei mange frigjeringskrigane i Afrika kom det store våpenleveransar frå Sovjetunionen. Studentar fekk utdanning i landet, og mange afrikanarar såg på Sovjetunionen som ein våpendragar mot kolonialismen. ANC i Sør-Afrika og SWAPO i Namibia fekk viktig og stor støtte frå Moskva. Sør-Afrika har nyleg gjennomført ei felles militærøving saman med Russland og Kina.

Dette er eit nyttig bruhovud for Russland sin propaganda-offensiv i Afrika.

Den russiske forteljinga

Landet har satsa stort på å fremje den russiske forteljinga om krigen i Ukraina, og har vunne gjenklang for ho. Eit viktig punkt i denne forteljinga er å påpeike hykleriet i Vesten: «Vesten invaderte Irak og Afghanistan og tok seg til rette i Libya. No skrik Vesten opp om Ukraina».

Bård Vegar Solhjell er spaltist i Altinget og skriv kvar sjette søndag om aktuelle internasjonale spørsmål.
Bård Vegar Solhjell er spaltist i Altinget og skriv kvar sjette søndag om aktuelle internasjonale spørsmål. Foto: Nadia Frantsen/Norad
Eit vanleg resonnement vi høyrer, er: «Dei vestlege landa tenkjer jamt over på seg sjølve, og no ber dei oss tenkje på dei vestlege landa». Det faktum at Afrika kom dårleg ut av vaksinedistribueringa under Covid, og må tole konsekvensane av klimaendringar skapt av rike land, passar godt inn i dette mønsteret.

Wagner i Mali

Det er òg viktig å forstå at Russland har eit sterkt notidig engasjement på det afrikanske kontinentet, og at ei rekkje land har ei økonomisk, politisk eller militær tilknyting til Russland. Russland har heldt fram med vesentleg handel og økonomisk samkvem med enkelte land, og ei politisk tilknyting til fleire. Fleire land får òg viktige våpenleveransar frå Russland, som igjen har eit direkte militært nærvær gjennom leigetroppane frå Wagner-gruppa.

Skal vi leite etter ei hovudforklaring, trur eg likevel vi må sjå etter meir rasjonelle og notidige forklaringar – basert på eigeninteresse.

Bård Vegar Solhjell
Norad-direktør og spaltist
I den interne væpna konflikten i Mali er det dokumentert at paramilitære styrkar frå Wagner-gruppa tek del i massakrar som styresmaktene står bak.

– Vi har vårt

Skal vi leite etter ei hovudforklaring, trur eg likevel vi må sjå etter meir rasjonelle og notidige forklaringar – basert på eigeninteresse.

Å røyste avhaldande er å seie «This is not our business». Den underliggande meininga her er: – Dei to stormaktene får halde på. Vi har vårt. Og det er nettopp det mange afrikanske land har.

Medan den kalde krigen i Afrika var prega av land som tilhøyrde ei blokk, er dagens Afrika prega av land som ikkje vil tilhøyre andre sine interessesfærar. Dei vil utvikle økonomiane og samfunna sine ved hjelp av andre, helst fleire andre.

Den tyske utanriksministeren Annelena Baerbock fortel i ein blogg, at ho nokre gongar møtte dette svaret då ho i fjor ringde rundt for å skaffe støtte til den første Ukraina-resolusjonen i FN:

– Du ringer oss for at vi skal vise solidaritet med Europa, men kvar var de då vi trong solidaritet?

«Eg skal vise deg krig»

Sjølv møtte eg ein afrikansk leiar i fjor haust, som på spørsmål frå meg om krigen i Ukraina, sa: «Krig? Eg skal vise deg krig», og refererte til ein blodig konflikt i heimlandet sitt.

For mange afrikanske land kan det vere rasjonelt. Dei ønskjer å behalde kinesiske lån, amerikansk bistand og russisk handel. Dei vil ha eit sakleg og godt forhold til alle stormakter, og ønskjer at dei skal vere til stades – side om side – i Afrika.

Og førebels har nettopp det skjedd. Kina har lenge investert tungt i og gitt store lån til Afrika. For få år sidan kunne ein knapt vitje ein storby på kontinentet utan å sjå infrastruktur bygd av Kina – og høyre diskusjonar om kinesisk innverknad og makt. Det brutale åtaket på Ukraina har fått både Russland og USA til å styrke kontakten med Afrika. USA gjennom ein ny Afrika-strategi, meir bistand, og besøk av tunge leiarar som FN-ambassadøren, utanriksministeren og visepresident Kamala Harris.

Ressursar og investeringar

Bak dette ligg ei aukande erkjenning av at dersom Vesten skal vere like leiande i den globale ordenen, må Vesten òg gi Det globale sør meir merksemd. Og ikkje berre gi merksemd, men investere ressursar.

Nyleg deltok eg på dei årlege vårmøta i Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet i Washington DC. Det var merkbart at stemninga mellom utviklingslanda og dei rikaste landa var meir spent. Forventningane om finansiering av global utvikling aukar.

Tala på dei store skjermane inne i generalforsamlingsalen i FN slår ut her òg.

Bak dette ligg ei aukande erkjenning av at dersom Vesten skal vere like leiande i den globale ordenen, må Vesten òg gi Det globale sør meir merksemd.

Bård Vegar Solhjell
Norad-direktør og spaltist

Omtalte personer

Kamala Harris

Visepresident, USA (demokratene)
Howard University (1986), University of California, Hastings College of The Law (1989)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00