Marthe Hammer svarer
Cecilie MyrsethKva vil næringsministeren gjere for at det skal bli meir openheit om lønnsfastsettinga for toppleiarane i statlege selskap?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Eierskapsmeldingen er tydelig på forventningar om moderasjon toppleiarane i statlege selskap, da burde det også vere langt meir openhet om nettopp lønnsfastsettinga.
Kva vil næringsministeren gjere for at det skal bli meir openheit om lønnsfastsettinga og vil det vere mogleg med innsyn i lønnsfastsettelsen for leiarar i statleg eide selskaper for inneverande år.
DNB-sjef Kjerstin Braathen fekk i fjor ei samla lønn på 18,7 millionar kroner. Det er 10,6 prosent meir enn året før. DnB- sjefen får altså en lønnsøkning som er langt over dobbelt så høy som det vanlige folk skal få. Denne opplysninga vart først offentleg lenge etter at løna både var bestemt og utbetalt. For 2026 vet vi ikkje kva DnB-sjefen vil få.
Eierskapsmeldingen er tydeleg på lønsforventningar til leiarar, da burde det også vere langt meir openhet om nettopp lønnsfastsettinga.
Kva vil næringsministeren gjere for at det skal verte meir openheit om lønnsfastsettinga og vere mogleg med innsyn i lønnsfastsettelsen for leiarar i statlig eide selskaper for inneværende år.
Det er full openheit om godtgjersla til leiande tilsette i selskap med statleg eigardel. Noterte selskap, både med og utan statleg eigardel, skal etter allmennaksjelova årleg utarbeide ein detaljert rapport (leiarlønsrapport) som gjer greie for godtgjersla til alle leiande tilsette i føregåande rekneskapsår. Staten som eigar har òg gjort desse føresegnene gjeldande for dei aller fleste unoterte selskap med statleg eigardel gjennom eigne vedtektsføresegner.
Innhaldskrava til leiarlønsrapporten følgjer av allmennaksjelova og tilhøyrande forskrift. Styret gjer mellom anna greie for lønsjusteringar og bonusoppnåing for det føregåande rekneskapsåret. Staten ventar i tillegg at det i denne rapporteringa òg blir gjeve grunngjevingar dersom leiande tilsette får ein høgare lønsvekst, i kroner eller i prosent, enn det som gjeld for dei andre tilsette i selskapet. På denne måten får staten som eigar òg innsyn i kvifor styra meiner at lønsjusteringane er nødvendige.
Eg les grunngjevinga frå stortingsrepresentant Hammer som at ho meiner at selskapa med statleg eigardel, i tillegg til desse krava, også bør ha kontinuerleg informasjonsplikt om årlege lønsjusteringar for leiinga. Dette bryt både med lovgjevars krav til informasjons- og rekneskapsrapportering, samt med aksjelovgjevingas rollefordeling mellom styre og eigar som eigarskapsmeldinga bygg på. Staten får i lønsrapporten til selskapa innsyn i godtgjeringa til leiande tilsette. Som ein ansvarleg eigar vil staten, saman med andre aksjeeigarar, vurdere godtgjeringa når selskapa årleg legg fram lønsrapportane for den ordinære generalforsamlinga.








