Debatt

Trine Østereng: Eit nytt forsvar for singelpolitikken

Skal politikken vere for alle, eller berre for «svake grupper»? skriv Agenda-rådgjevar Trine Østereng i eit svar til Eirik Løkke, rådgjevar i Civita.

«Når eg etterlyser ein eigen singelpolitikk, handlar det om at eg vil at politikarar ikkje berre skal ta utgangspunkt i gjennomsnittsinnbyggaren med ektefelle når dei lagar politikk. For stadig fleire i dette landet lever ikkje som ein A4-familie, og gruppa med åleinebuande er i vekst», skriv Agenda-rådgjevar i eit tilsvar til Eirik Løkke, rådgjevar i Civita.
«Når eg etterlyser ein eigen singelpolitikk, handlar det om at eg vil at politikarar ikkje berre skal ta utgangspunkt i gjennomsnittsinnbyggaren med ektefelle når dei lagar politikk. For stadig fleire i dette landet lever ikkje som ein A4-familie, og gruppa med åleinebuande er i vekst», skriv Agenda-rådgjevar i eit tilsvar til Eirik Løkke, rådgjevar i Civita.Foto: Siw Pessar
Trine Østereng
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Singelpolitikk-debatten fortsett. Eirik Løkke svarer meg i Altinget med at vi ikkje bør ha ein eigen singelpolitikk, fordi single ikkje er ei «svak gruppe». Og allereie her må vi stoppe opp. For eg trur dette poenget viser at Løkke og eg er ueinige om kva politikk er, og kven den er til for.

Mitt perspektiv er ikkje at politikk berre er forstått som «stønader til såkalla 'svake grupper'», som Løkke skriv i sitt innlegg. Politikk bør derimot handle om å lage gode rammer for alle slags liv. Politikken utformar reglane for arbeidslivet og bustadmarknaden. Men verken reglane, eller stønadene i velferdsstaten, er nøytrale. Den består av ei lang rekke politiske vedtak som slår ut ulikt for ulike grupper. Men det er det ikkje alltid at politikarane er særleg bevisste på. Og ofte er det nettopp A4-familiane, menn og funksjonsfriske som har vore utgangspunktet når ulike reglar har blitt utforma. 

Les også

Stadig færre lever som ein A4-familie

Velferdsstaten er der heller ikkje berre som eit organ som kan gi almisser til dei fattige. Velferdsstaten er der for oss alle. Den gir foreldrepengar, sjukepengar og pensjonsordningar til både fattig og rik. Det er gevinsten vi alle får som følge av vårt omfordelande skattesystem.

Difor bør vi ha ein politikk utforma for kvinner, for menn, for barn, for innvandrar, for folk med funksjonsnedsettingar, for A4-familien og for single. For å nemne nokre grupper. 

Denne utviklinga bør vere ein knagg til å evaluere all politikk i lys av korleis den slår ut for single.

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

Eg tar altså ikkje til orde for ein stønad på NAV til alle single, som Løkke litt karikert framstiller det som. Når eg etterlyser ein eigen singelpolitikk, handlar det om at eg vil at politikarar ikkje berre skal ta utgangspunkt i gjennomsnittsinnbyggaren med ektefelle når dei lagar politikk. For stadig fleire i dette landet lever ikkje som ein A4-familie, og gruppa med åleinebuande er i vekst.

Denne utviklinga bør vere ein knagg til å evaluere all politikk i lys av korleis den slår ut for single. Kanskje kunne det vere så enkelt som å få ei stortingsmelding som ser på rammene for åleinebuande kontra andre grupper samla. For det finst for lite kunnskap og medvit om dette.

Ein progressiv skatt på eigedom

På nokre område veit vi likevel nok til å få ein ny politikk for åleinebuande no. Mange av dei ekstra utfordringane som single kan møte handlar om økonomi. Prisspiralen i bustadmarknaden rammar single ekstra hardt. Det er inga naturlov at det skal vere sånn. Derimot er det som følgje av ei rekke politiske avgjerder, som har ført til dagens situasjon. 

Prisspiralen i bustadmarknaden rammar single ekstra hardt. Det er inga naturlov at det skal vere sånn.

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

I bustadpolitikken har vi hatt ei eigarline, der staten har gitt økonomiske fordelar til folk som eig bustad. Det har vore særleg lønnsamt for dei med store formuar. Men no er døra inn til å bli bustadeigar stadig smalare, særleg for single. Bustadmarknaden er ikkje lik no som den var for ti og tjue år sidan – den er mykje vanskelegare å kome inn på. Difor meiner eg vi bør ta nye grep, for å hindre at dette blir stadig verre.

Eit generelt tiltak, som kunne kome alle utanfor bustadmarknaden til gode, men vere særleg positivt for åleinebuande, kunne vere å innføre ein progressiv skatt på eigedom, kombinert med redusert inntektsskatt. Andre tiltak kunne vere å utvikle ein sterkare tredje bustadsektor, som kan tilby rimelege bustadar til folk, eller å tilby fleire startlån til folk som har økonomi til å betale for lån, men ikkje til å dekke eigenkapitalskrava. 

Tar systema nok omsyn?

Løkke stiller spørsmål ved om det er vanskeleg å bu åleine, når talet på åleinebuande er aukande? Når ein sjukepleiar har råd til 2,4 prosent av bustadane i Oslo, meiner eg det er tal nok til å dokumentere at dette er krevjande, for eksempel for restaurantarbeidarar og vernepleiarar, som ligg vesentleg under sjukepleiarar i lønnsnivå. 

Det bør vere ein realistisk ambisjon å legge til rette for at også single i fulltidsjobb kan ha råd til å skaffe seg tak over hovudet.

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

Sjølvsagt vil det alltid vere enklare å kjøpe bustad om ein er to enn om ein er éin. Men det bør vere ein realistisk ambisjon å legge til rette for at også single i fulltidsjobb kan ha råd til å skaffe seg tak over hovudet, enten dei jobbar i kassa på Kiwi eller på Ullevål sjukehus. 

På andre område bør vi få meir kunnskap. Både pensjon- og skattesystem burde bli vurdert i lys av korleis det rammar ulikt for åleinebuande samanlikna med par. Det er billigare å bu fleire i same hushalding enn å skulle handtere straumrekning, matutgifter og bilutgifter åleine. Det er grunn til å sjå på om systema tar nok omsyn til det.

Singelpolitikk må høgare opp på dagsorden

Eit grep som derimot bør på plass med ein gong, er auka stønader til åleineforsørgjarar. Det er oppløftande å sjå at Løkke er positiv til dette, sjølv om han vil kalle det «familiepolitikk» i staden for «singelpolitikk».

Løkke harselerer også med at eg drog inn valdsproblematikken i mitt førre innlegg. Men desse tinga høyrer saman. Økonomisk tryggleik er ein føresetnad for ein reell fridom til å kunne gå frå eit dårleg forhold. Fattigdom sett djupe spor i folk som opplever det, ikkje minst barn. Og her er åleineforsørgjarar overrepresenterte på statistikken.

Det åleine bør vere grunn til å få singelpolitikken høgare opp på dagsorden i åra som kjem. 

Les også

Omtalte personer

Eirik Løkke

Rådgiver, Civita
master i historie (Universitetet i Bergen, 2006), delfag jus i EMK-rett (Universitetet i Bergen, 2005), bachelor i statsvitenskap (Universitetet i Bergen, 2003)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00