Debatt

Alfred Bjørlo: Stortinget kan enno stoppe ENØK-ranet

Stortinget har enno sjansen til å rette opp feilen – utan å endre den framforhandla budsjettavtalen. Det er berre viljen til budsjettkameratane det står på, skriv Alfred J. Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre.

Dei neste åra treng vi ei massiv satsing på ENØK og enkle tiltak for å spare straum i alle norske hus. Då må også staten bidra i spleiselaget, skriv Alfred J. Bjørlo.
Dei neste åra treng vi ei massiv satsing på ENØK og enkle tiltak for å spare straum i alle norske hus. Då må også staten bidra i spleiselaget, skriv Alfred J. Bjørlo.Foto: Javad Parsa / NTB
Alfred Jens Bjørlo
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

I budsjettforliket mellom Ap, Sp og SV forsvann 280 ENØK-millionar, pengar som var øyremerka til å kutte energibruk i bustadene til folk flest. I staden kom det inn 850 millionar i generell styrking av ramma til Enova. Det er pengar som ikkje vil bli brukt til å hjelpe folk flest å spare energi dersom ikkje Stortinget seier at det skal vere slik, som Bård Baardsen i Norsk Varmepumpeforening korrekter peiker på i eit debattinnlegg i Altinget.

Dette har heldigvis Stortinget enno sjansen til å rette opp – utan å endre den framforhandla budsjettavtalen. Det er berre viljen til budsjettkameratane det står på.

Staten må bidra i spleiselaget

Dei neste åra treng vi ei massiv satsing på ENØK og enkle tiltak for å spare straum i alle norske hus. Då må også staten bidra i spleiselaget. All erfaring syner at vi ikkje får gjennomført ENØK-tiltak i stor nok skala til at det monner utan at også staten er med.

Det er bra for klimaet, bra for lommeboka til folk flest – og vil utløyse det mangedoble i gode, rimelege ENØK-investeringar i bustader over heile landet.

Alfred Jens Bjørlo
Stortingsrepresentant, Venstre

Venstre krev difor – saman med MDG, Krf og Rødt – at minst 480 av dei 850 millionar kronene ekstra til ENOVA blir øyremerka støtte til ENØK og andre tiltak for å spare straum for folk flest. Det er bra for klimaet, bra for lommeboka til folk flest – og vil utløyse det mangedoble i gode, rimelege ENØK-investeringar i bustader over heile landet.

Stortinget skal måndag 12. desember votere over vårt forslag, i samband med vedtak av Energi- og miljøkomiteen sin budsjettproposisjon. Då kan ENØK-ranet i budsjettforliket stoppast – dersom Ap, Sp og SV stiller seg på lag med Venstre og folk flest.

Omtalte personer

Alfred Jens Bjørlo

Stortingsrepresentant (V), medlem, Næringskomiteen og helsepolitisk talsperson
Cand.scient. i biologi (Universitet i Bergen, 1997)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00