Bli abonnent
Annonse
Debatt

Klimakrisa vert ikkje løyst av syndebukkane

Klimakrisa vert ikkje løyst av syndebukkane. Kua skal eta gras med godt samvit, og me skal produsera og nyta mjølk og kjøt utan klimaskam, skriv Ståle Hustoft.
Klimakrisa vert ikkje løyst av syndebukkane. Kua skal eta gras med godt samvit, og me skal produsera og nyta mjølk og kjøt utan klimaskam, skriv Ståle Hustoft.Foto: Privat/Amanda Pedersen Giske/NTB
27. oktober 2025 kl. 05:00

Dette er en meningsytring, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Ein skal ikkje snakka lenge om klimaendringar og klimaarbeid, før peikeleiken byrjar. Ein kan finna syndebukkar i historiebøkene, i andre sektorar eller i andre land. Dei fem landa som slepp ut mest klimagassar, står for halvparten av klimagassutsleppa i verda. Norge er ikkje eit av dei landa. Likevel, Norge låg i 2023 på 10. plass i Europa (41. plass i verda) over klimagassutslepp per innbyggar. 

Me reddar ikkje verda frå klimakrisa med norske klimakutt, men me har eit moralsk ansvar for å gjera kraftfulle tiltak og me har økonomisk handlingsrom til å gjera det. Det skuldar me komande generasjonar og uskuldige offer for klimaendringar i andre land. 

Byrdefordelinga i klimaarbeidet må baserast på kunnskap og sunt bondevett.

Ståle Hustoft
Bonde og styreleiar, Rogaland Bondelag

Me må slutta med peikeleiken og gjera dei kraftfulle klimatiltaka me kan. Då må me også slutta å gjera dei som tek klimagrep ansvarlege for utsleppa dei prøver å redusera. Syndebukkane for klimakrisa har korkje vilje eller evne til å løysa klimakrisa åleine. 

Verdas billigaste karbonfangst

Prestisjeprosjektet «Langskip», som skal fanga, transportera og langtidslagra CO2, nådde ein milepæl i juni 2025. Då vart CO2 som er fanga ved Heidelberg Materials sin sementfabrikk i Brevik pumpa om bord i skipet som skal frakta CO2 til Øygarden, der klimagassen vert pumpa ut i Nordsjøen for langtidslagring. CCS vert sett på som eit teknologisk gjennombrudd og ein milepæl i klimaarbeidet.

Staten støttar Langskip-prosjektet med omlag 22 milliarder kroner gjennom tilskudd til bygging og drift. Ingen påstår at Langskip er årsaken til klimaendringane, det fangar andre sine klimagassutslepp, men CCS er derimot ein del av løysinga på klimakrisa. Kor mykje er staten villig til å betala for landbruket sitt bidrag for å redusera storsamfunnet sitt fotavtrykk i klimarekneskapet? Landbruket rår over verdas billigaste og mest driftssikre karbonfangst og -lagring; karbonfangst gjennom fotosyntese i alle grønne plantedeler og lagring i bladverk, frukt, grønnsaker og trevirke. 

Saman med nedbryting ute i naturen og utslepp av klimagassen metan frå drøvtyggerar, har me hatt eit balansert karbonkretsløp sidan tidenes morgon. Ein passelig mengde CO2 i atmosfæren som balanserer drivhuseffekten og gjer det leveleg på jorda. 

Enterisk metan frå drøvtyggerane si nedbryting av karbohydrat er ein kraftig klimagass, men er ikkje årsaka til klimaendringane. Det er auka utslepp av CO2 som forstyrrer balansen. Karbon som har vore lagra i millionar av år, vert tilført atmosfæren gjennom forbrenning og produksjon. 

Les også

Byrdefordelinga må baserast på kunnskap

Motstanden mot klimatiltak i jordbruket er stor. Ikkje fordi bønder er redde for forandring – me har vist oss omstillingsdyktige og har effektivisert meir enn andre landbaserte næringar. Men når klimagassutslepp frå livsviktig matproduksjon og biologiske prosessar, som har vore her i millionar av år, vert sett i same bås som utslepp frå flyreiser til storbyferie og eit uvettig forbruk, då må bøndene seia ifrå. Byrdefordelinga i klimaarbeidet må baserast på kunnskap og sunt bondevett. 

Me skal produsera og nyta mjølk og kjøt utan klimaskam.

Ståle Hustoft
Bonde og styreleiar, Rogaland Bondelag

Jordbruket har ein intensjonsavtale med staten om å redusera klimagassutslepp frå sektoren med fem millionar tonn CO2-ekvivalenter innan 2030. Ein stor del av desse kutta er reduksjon av metan frå drøvtyggerane si utnytting av areal som ikkje kan brukast til anna matproduksjon enn gras og beite. Kua er ikkje årsaka til klimaendringane, men eit godt verkemiddel i klimakampen. Kutt i enterisk metan har nedkjølande effekt, fordi me reduserer nivået av ein potent klimagass som alltid har vore der.

Jordbruket rår over verdas billigaste og mest driftssikre CCS gjennom fotosyntesen. Halvparten av Norges metanutslepp stammar frå jordbruket. Me kan auka karbonbinding i jord og skog, og redusera mengden metan. 

Klimakrisa vert ikkje løyst av syndebukkane. Kua skal eta gras med godt samvit, og me skal produsera og nyta mjølk og kjøt utan klimaskam. Jordbruket reduserer storsamfunnet sine klimagassutslepp fordi me kan, fordi framtidige generasjonar fortener det og fordi verda treng det. 

Les også

Annonse
Annonse
Annonse
Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977red@altinget.no
Sjefredaktør:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2026