Venstre hardt ut mot landbruksministeren: - Sp truar framtida til norsk landbruk

Senterpartiet held no på å køyre norsk landbruk inn i eit spor som er på tvers av det forbrukarane ønskjer, som ikkje gir betre langsiktig økonomi for bøndene og gjev blaffen i klima og natur. Senterpartiet går i strupen på alle som er engasjert i betre dyrevelferd, vil halde landbruket utanfor klimapolitikken og ønskjer ikkje å koble landbruk og folkehelse.
Eg er uroa over at Senterpartiet seier blankt nei til å ha ein overordna politisk diskusjon om kva vi vil med landbruks- og matpolitikken på lang sikt, samtidig som dagens politikk fører til at norske bønder arbeider stadig meir og set set i stadig større gjeld, utan å få betre råd.
På viddene
Akkurat no er Senterpartiet og Sandra Borch eit langt større trugsmål for norske bønder, bygder og forbrukarar enn det EU nokonsinne vil bli. Eg ynskjer å trekke fram regjeringa sine framlegg i statsbudsjettet om å kutte støtten til dyrevernorganisasjonar og å kutte i kunnskapsutvikling om økologisk landbruk som døme på kor langt ute på viddene Senterpartiet no er.
Senterpartiet går i skyttergrava så snart nokon utfordrar etablerte sanningar, og seier konsekvent nei til alle konkrete framlegg om betre dyrevelferd. I tillegg syner kuttforslaga ei manglande demokratisk forståing for at ein ikkje berre kan kutte støtta til organisasjonar ein mislikar. Eg er heller ikkje samd med til dømes NOAH i alt dei står for, men dei spelar likevel ei viktig rolle i samfunnsdebatten om dyrevelferd og landbruk.
Brei, langsiktig matpolitikk
Venstre vil no gå i bresjen for å utfordre Senterpartiets bakstreverske politikk for framtidas bønder og framtidas forbrukarar i Noreg, og erstatte dagens «smale» landbrukspolitikk med ein brei, langsiktig matpolitikk som både kan gi betre økonomi til bøndene, betre folkehelse og ta betre vare på klima, natur og dyrehelse.
Venstres landsmøte skal i helga behandle ei rekke konkrete framlegg til korleis framtidas landbrukspolitikk skal sjå ut, til dømes:
- Sette mål om at norske gardsbruk skal vere sjølvforsynte med energi til oppvarming og drift innen 2030.
- Innføre eit netto nullmål for tap av dyrka jord.
- Doble produksjonen av frukt og grønt innan 2030.
- Sette mål om minst 20 prosent økologisk landbruksareal innan 2030.
- Redusere bruk av kunstgjødsel med minst 20 prosent innan 2030, samt auke bruken av biogjødsel.
- Peike ut landbruk som ei av de grøne og fornybare framtidsnæringane som skal vere del av klimaomstillinga av Norge.
Innsikt

Abid Raja spør Terje AaslandHvordan vil statsråden hindre at stans i reservasjoner av nettkapasitet blir en varig brems for verdiskaping, bosetting og beredskap i nordområdene?Besvart
Bjørnar Laabak spør Kjersti StensengHvordan har bevilgning og avslag i ordningen for aktivitetshjelpemidler utviklet seg de siste fire årene og så langt i 2026?Besvart
Erna Solberg spør Espen Barth EideVil regjeringen styrke bistanden til bærekraftig havforvaltning og bidra til EUs initiativ for global havobservasjon og havdata?Besvart
- Sterke reaksjoner etter at Frp-rådgiver kalte pakistanere «minusvarianter»
- Sandvik advarer i brev til Stortinget. Vil begrense Epstein-kommisjonen
- Steinar Suvatne overtar som programleder for Debatten
- Gro tapte valget på grunn av ordning som nå er forbudt. Danskene har den fortsatt
- Youtuber, reiseforfatter og flere pressefolk vil bli taleskriver for klimaministeren


















