Bli abonnent
Annonse
Om  
Peder Lofnes Hauge

Peder Lofnes Hauge held fram som leiar i Noregs Mållag

Peder Lofnes Hauge har vore leiar i Noregs Mållag i seks år. I helga vart han attvald for to nye år.
Peder Lofnes Hauge har vore leiar i Noregs Mållag i seks år. I helga vart han attvald for to nye år.Foto: Kristianne Marøy / Noregs Mållag
27. april 2026 kl. 09:44

Under landsmøtet til Noregs Mållag fekk Peder Lofnes Hauge fornya tillit. Han har allereie seks år bak seg som leiar, og er den leiaren som har site lengst.

– No siktar vi mot ny medlemsrekord i Mållaget, og at Stortinget skal grunnlovfeste nynorsken. Så vil vi få med oss styresmaktene på målet om ein million nynorskbrukarar! sier Lofnes Hauge i ei pressemelding.

Han ønskjer seg eit samfunn der det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar:

– Vi forventar eit taktskifte frå styresmaktene no. Første steg er å slå fast at vi må bli fleire nynorskbrukarar. Det neste er å følgje opp med tiltak og løyvingar som monnar.

Det nye styret i Noregs Mållag:

  • Peder Lofnes Hauge, leiar (Bergen)
  • Live Havro Bjørnstad, nestleiar (Bergen)
  • Kjetil Aasen (Oslo)
  • Espen Tørset (Orkland)
  • Gunnhild Skjold (Tromsø)
  • Monika Haanes Waagan (Herøy)
  • Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom.
  • 1. vara: Karen Mjør (Oslo)
  • 2. vara: Tommy Tverdal (Vennesla)
  • 3. vara: Silje Nathalie Luvåsen (Hamar/Oslo)
  • 4. vara: Jorunn Simonsen Thingnes (Sogndal).  
Annonse
Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977red@altinget.no
Sjefredaktør:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2026