Trond Helleland
Jon-Ivar NygårdKva var den opprinnelege kostnaden for European Rail Traffic Management System (ERTMS), og kor mykje er anslått å mangle for å fullføre innføringa?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Kva var den opprinnelege kostnaden for ERTMS første gong Stortinget tok stilling til investeringa, kor mykje er så langt brukt på planlegging, administrasjon og investeringar til ERTMS (inkludert statsbudsjettet for 2026), og kor mange kroner er det anslått at manglar for å kunne fullføre innføringa av ERTMS?
Den gjeldande kostnadsramma for ERTMS-prosjektet er 38,2 mrd. 2026-kroner. Ved handsaminga av Prop. 126 S (2015–2016) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane, jf. Innst. 406 S (2015–2016), vedtok Stortinget ei kostnadsramma for ERTMS-prosjektet på 26,7 mrd. 2016-kroner. Kostnadsramma er sidan berre prisjustert.
Ved utgangen av 2025 var det nytta om lag 10,7 mrd. kroner på prosjektet. Det inkluderer alle sider ved prosjektgjennomføringa, samt utbetalingar til støtteordninga for ERTMS-utstyr om bord i toga. Av dette beløpet inngår 0,5 mrd. kroner ikkje i kostnadsramma. Det gjeld i hovudsak kompensasjon for endring i valuta og planlegging av ERTMS på Alnabru godsterminal. Det er anslått å nytte om lag 1,1 mrd. kr på ERTMS i 2026, inkludert den nemnde støtteordninga.
Fullmakta til å pådra forpliktingar for seinare budsjettår for trinn 2 i ERTMS-prosjektet er forlenga ut 2026, jf. Stortingets behandling av Prop. 1 S (2025–2026) for Samferdselsdepartementet (Innst. 13 S (2025–2026)). Bane NOR har starta prosessen med ekstern kvalitetssikring av neste trinnfullmakt for fasen fram til 2030. Det vil danne grunnlag for ev. framlegg for Stortinget om justering av fullmaktene knytta til prosjektet. Samferdselsdepartementet har hatt tett oppfølging av arbeidet med ERTMS overfor Bane NOR, Jernbanedirektoratet, Norske tog og Statens jernbanetilsyn. Jernbanedirektoratet følgjer utviklinga i risikoane gjennom det heilskaplege risikostyringssystemet for sektoren. Departementet vil fortsette dialogen med Bane NOR og Jernbanedirektoratet om naudsynte endringar i arbeidet med ERTMS i sektoren i lys av det identifiserte risikobiletet. Eg vil kome tilbake til Stortinget i budsjettprosessen for å orientere om status for prosjektet.












