Alfred Bjørlo: Kvil i fred, ABC Oslo. Eit tap for heile landet

Denne veka avga Helse- og omsorgskomiteen si innstilling i saka om Venstre sitt representantforslag om å halde oppe ABC-klinikken ved Ullevål sjukehus i Oslo. Klinikken er planlagt nedlagt frå mars 2023.
Høgre gjorde der felles sak med regjeringspartia, og vender tommelen ned for Venstres framlegg. Dermed sette Høgre den siste spikaren i kista for ABC-klinikken – i mars er det ugjenkalleleg slutt.
Alle andre parti i helsekomiteen – Frp, Krf, SV, Raudt og Pasientfokus – gjorde felles sak med Venstre. Men det er ikkje nok til å få fleirtal.
Ikkje eit luksustilbod for velståande vestkant-kvinner
Kvifor er dette ei viktig sak? Er ikkje ABC-klinikken berre eit «luksustilbod for velståande vestkant-kvinner», slik nokon har hevda? Handlar ikkje dette berre om at «bortskjemte Oslo-folk» må finne seg i å få same type standard-fødselstilbod som resten av landet?
Nei, det er ikkje så enkelt. Det handlar om mykje meir. Det handlar om at ABC-klinikken ved Ullevål sjukehus er landets beste og mest «spissa» fagmiljø på å hjelpe kvinner til å føde mest mogleg naturleg – utan medikament og inngrep. Jordmødrene på ABC-klinikken er spesialistar på å la kvinnekroppen gjere det den er skapt for, og gripe inn berre når det trengst.
Jordmødrene på ABC-klinikken er spesialistar på å la kvinnekroppen gjere det den er skapt for, og gripe inn berre når det trengst.
Alfred Bjørlo
Helsepolitisk talsperson i Venstre
Forsvinn ABC-klinikken, forsvinn dette fagmiljøet – og kompetansen og kunnskapen dei kan tilføre fødetilbod over heile landet. Venstre meiner flest mogleg bør få tilbod om naturleg fødsel i trygge og stabile omgjevnader, med «god tid» og plass til begge foreldre å vere saman.
Når vi no legg ned landets beste fagmiljø på naturlege fødslar som «standardløysing» - og jordmødrene her blir spreidde for alle vindar – då har vi tapt noko vesentleg i den norske føde-omsorga samla sett.
To barn fødde på ABC-klinikkar
Eg har vore så heldig å få vere med på fødselen av begge våre barn på ABC-klinikkar: Først på Storken i Bergen i 2000, så på ABC-klinikken i Oslo i 2003 (den gong på Aker sjukehus).
Det var fantastiske rammer rundt fødslane, som eg unnar flest mogleg vordande foreldre å få oppleve på liknande måtar.
Alfred Bjørlo
Helsepolitisk talsperson i Venstre
Det var fantastiske rammer rundt fødslane, som eg unnar flest mogleg vordande foreldre å få oppleve på liknande måtar.
For den politiske kampen for eit kvalitativt best mogleg fødetilbod er ikkje slutt. Den må og skal halde fram med full styrke.
Jordmødrene rundt om i Noreg fortener best mogleg rammer for jobben dei legg ned – uansett type fødetilbod, type sjukehus eller barsels- og svangerskapsomsorg elles.
Innsikt

Kjersti Toppe spør Jan Christian VestreHva er statsrådens plan for å sikre Flekkefjord sykehus generalist-kompetanse og gjenåpning av akutt-kirurgisk tilbud?Besvart
Alf Erik Bergstøl Andersen spør Bjørnar SkjæranHva mener statsråden om at pleietrengende eldre med kommunal bolig, kan minste sin bolig ved ektefelles død?Besvart
Dagfinn Henrik Olsen spør Jan Christian VestreEr enn ventetid på inntil 94 uker for utredning og operasjon av spinal stenose i tråd med pasient- og brukerrettighetsloven?Besvart

















