Annonse
Helge André Njåstad
svarer
Jon-Ivar Nygård

Kjenner statsråden til at det er sendt ut ordre om å ikkje inngå nye avtaler innanfor vegsektoren i forkant av revidert nasjonalbudsjett?


«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2575 (2025-2026)

Kjenner statsråden til at det er sendt ut ordre om å ikkje inngå nye avtaler innanfor vegsektoren i forkant av revidert nasjonalbudsjett, og kjenner statsråden til at dette er eit signal som er sendt ut til etaten?


Samferdsleministeren sa i den muntlege spørretimen til representanten Bård Hoksrud at han ikkje kjente til kva ein ansatt i Statens vegvesen sa på eit møte i Vestlandet om at det ikkje kan signerast kontrakter no fordi det skal kuttast i vegbudsjettet i revidert på grunn av avgiftsreduksjonen Stortinget vedtok.

Svar fra mandag 4. mai 2026

Eg er ikkje kjend med at det er sendt ut ein ordre som representanten Njåstad her viser til.

Som det går fram av Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036, er det ein føresetnad at ressursbruken i det enkelte budsjettåret må bli tilpassa det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet og tilstanden i norsk økonomi. Ytre hendingar og endringar i det økonomiske handlingsrommet påverkar tempoet i gjennomføringa og dei konkrete prioriteringane.

Regjeringa er opptatt av å føre en ansvarleg samferdselspolitikk. Det betyr mellom anna at planlegging av nye prosjekt må bli tilpassa dei årlege budsjetta, at vi må ha god kontroll på bindingane som følgjer når vi startar opp nye prosjekt, og at vi må løyse dei viktigaste utfordringa på ein konstandseffektiv måte.


Regjeringa vil halde fram med å legge fram budsjett tilpassa ei usikker tid, budsjett som skal gi tryggleik for folk, tryggleik for økonomien og tryggleik for landet.

Annonse
Stat og Styring logo
Kunnskap, faglig debatt og nyheter om offentlig sektor

Redaktør

Øyvind Eggen

Stat & Styring dekker offentlig sektor, og har til formål å formidle kunnskap og å fremme faglig forvaltningspolitisk debatt.

Stat & Styring eies av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og utgis av Altinget.

Stat & Styring er redaksjonelt uavhengig og styres etter Redaktørplakaten.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977red@altinget.no
Sjefredaktør:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie Kindberg
Copyright © Altinget, 2026