Hege Bae Nyholt
 svarer 
Oddmund Løkensgard Hoel

Er det framleis regjeringa sitt mål at det skal koma tusen nye fagskuleplassar årleg over fem år, og korleis skal ein i så fall nå dette målet?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1292 (2023-2024)

Er det framleis regjeringa sitt mål at det skal koma tusen nye fagskuleplassar årleg over fem år, og korleis skal ein i så fall nå dette målet?
I Hurdalsplattforma er det eit mål om at det skal tilførast tusen nye fagskuleplassar årleg over fem år. Med regjeringa sine tre siste budsjett er ein ikkje i rute med å nå dette målet. Både for 2023 og 2024 har det berre kome 500 nye fagskuleplassar.
Næringslivet har behov for auka kompetanse, og fagskulane er ein av dei viktigaste leverandørane av denne kompetansen. NHO sitt kompetansebarometer for 2023 syner at nesten sju av ti bedrifter har behov for folk med høgare yrkesfagleg utdanning.

Svar fra tirsdag 27. februar 2024

Regjeringa har store ambisjonar for høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskulane kan på ein god måte møte behovet den einskilde har for kortare og arbeidslivsretta utdanningstilbod godt tilpassa den livssituasjonen dei er i. Regjeringa vil i tråd med ambisjonane i Hurdalsplattformen prioritere ei utvikling av både kvaliteten og kapasiteten i høgare yrkesfagleg utdanning for å møte kompetansebehova i framtida.
Fagskulane tilbyr praktisk og spesialisert utdanning som i stor grad er retta mot vaksne som er i jobb eller skal omstille seg. Det er stor etterspurnad etter fagarbeidarar med høgare yrkesfagleg utdanning. Over 750 000 sysselsette har yrkesfagleg vidaregåande opplæring som høgste fullførte utdanning. For desse er høgare yrkesfagleg utdanning den naturlege vegen for meir utdanning. Dagens kompetansekrevjande arbeidslivet vi har i dag gjer at fleire bør få betre tilgang til relevante høgare utdanningstilbod.
Høgare yrkesfagleg utdanning skal ha ei sentral rolle i arbeidet med livslang læring og utbygging av utdanning i heile landet. I 2023 passerte talet på fagskulestudentar for første gong 30 000. Veksten i talet på fagskulestudentar dei siste åra kjem mellom anna av at staten har tildelt midlar til nye studieplassar til fagskulane. Midlar til nye studieplassar til fagskulane vil på ordinær måte bli vurdert i arbeidet med dei årlege statsbudsjetta.


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00