Debatt

Bjørlo (V): Laksen døyr mens Ap ror

Millionar av oppdrettslaks vil i tida framover døy unødvendig fordi fiskeri- og havministeren somlar med gjennomføring av miljø- og fiskehelsetiltak vedtatt i Stortinget. Frå landbruket har vi ordtaket «Kua døyr mens graset gror». No sørger regjeringa si seindrektigheit for at havbruket får sin variant: «Laksen døyr mens Ap ror», skriv stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).

Oppdrettsnæringa og styresmaktene må spele på lag, og arbeide i same retning for å få bukt med miljøutslepp, rømming og ein uakseptabel høg dødelegheit, meiner stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).
Oppdrettsnæringa og styresmaktene må spele på lag, og arbeide i same retning for å få bukt med miljøutslepp, rømming og ein uakseptabel høg dødelegheit, meiner stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).Foto: Paul Kleiven / NTB
Alfred Jens Bjørlo
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

63 millionar oppdrettslaks – 16,7 prosent av all laks i mærane – døydde før tida i norske oppdrettsanlegg i 2023, ifølgje ferske tal frå Veterinærinstituttet. Det kan ikkje bortforklarast eller unnskyldast. Vi snakkar rett og slett om heilt uakseptabelt høge dødstal i ei av Noregs viktigaste framtids- og distriktsnæringar.

Samtidig somlar fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth av uforståelege grunnar med å gjennomføre dei krystallklare miljø- og fiskehelse-krava Venstre og Pasientfokus stilte våren 2023, for å inngå ein avtale med regjeringspartia om innføring av grunnrenteskatt for havbruk på 25 prosent. 

Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth somlar av uforståelege grunnar med å gjennomføre dei krystallklare miljø- og fiskehelse-krava Venstre og Pasientfokus stilte våren 2023.

Alfred Bjørlo
Stortingsrepresentant (V)

Hovudmål med «lakseskatt-forliket»

For Venstre var det to hovudmål med å inngå eit «lakseskatt-forlik» med regjeringspartia.

Det eine hovudmålet var å hindre at havbruksnæringa skulle få ein grunnrenteskatt på 35 prosent eller høgare, slik regjeringa opprinneleg foreslo og Ap/Sp lett kunne ha sikra fleirtal for med SV og Raudt. Ein så høg grunnrenteskatt ville ha vore øydeleggande for norsk havbruksnæring si utvikling og investeringsevne, med store negative ringverknader for heile kyst-Noreg.

Det andre hovudmålet var å sikre ein tydeleg «marsjordre» til regjeringa om å setje fart på arbeidet med å betre miljø- og fiskehelsetilstanden i oppdrettsnæringa, og belønne dei selskapa som har låg dødelighet og/eller ønskjer å investere i ny miljøteknologi.

Difor var det ein del av lakseskatt-avtalen i Stortinget at regjeringa skulle legge fram forslag om ei såkalla miljøteknologiordning i løpet av 2023 – altså ei ordning som stimulerer økonomisk til investeringar i ny oppdrettsteknologi som reduserer rømming og dødelegheit. 

Les også

Soleklart avtalebrot

No er vi i mars 2024. I mellomtida har det regjeringsutnemnde Havbruksutvalet meisla ut heilt konkret korleis ei slik miljøteknologiordning kan utformast («miljøfleks-ordninga»). Likevel er inga ordning lagt fram. Tvert imot varsla Cecilie Myrseth nylig i Stortinget – utan å ha konferert med avtalepartnarane Venstre og Pasientfokus – at ho ikkje har tenkt å kome med ei miljøteknologiordning før i 2025.

Det er sjølvsagt totalt uakseptabelt for Venstre og Pasientfokus, og eit soleklart brot på inngåtte avtaler.

Samtidig låg det også andre viktige punkt for å betre miljøtilstanden og fiskehelsa i oppdrettsnæringa inne i avtalen våren 2023 mellom regjeringspartia, Venstre og Pasientfokus – formalisert med fleirtalsvedtak i Stortinget. 

Det er sjølvsagt totalt uakseptabelt for Venstre og Pasientfokus, og eit soleklart brot på inngåtte avtaler.

Alfred Bjørlo
Stortingsrepresentant (V)

Mellom anna ba Stortinget regjeringa innføre ei ordning som legg betre til rette enn i dag for at nedtrekt produksjon som følge av trafikklyssystemet kan flyttast over i lukka teknologi som ikkje påverkar villakse. Det er særskilt viktig på Vestlandet, der det nettopp er varsla to nye år med «raudt lys» og påfølgande nedtrekk.

Stortinget ba også regjeringa sørge for at miljøindikatorar for trafikklyssystemet – herunder dødelegheit – er på plass frå auksjonsrunden i 2024, og at det i løpet av våren 2024 blir lagt fram en sak om betre organisering av samarbeidet mellom styresmaktene og oppdrettsnæringa for å sikre ei mer heilskapleg forvalting, betre berekraft og betre fiskevelferd.

Held ikkje mål

Fiskeriministeren sitt kronargument for å somle er at «alt henger sammen med alt», og at ho tilsynelatande ikkje har tenkt å kome med eitt einaste nytt initiativ for å få fart på miljøomstillinga i oppdrettsnæringa før ho legg fram ei samla sak om heile Havbruksutvalet si innstilling våren 2025.

Det er eit argument som ikkje held mål. 

Ballen ligg akkurat no på straffemerket til fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth – alt ho treng å gjere, er å setje ballen i mål.

Alfred Bjørlo
Stortingsrepresentant (V)

For det første er det eit direkte brot med det Stortinget – inkludert regjeringspartia sjølv har vedtatt: At Miljøteknologiordninga skal kome lenge før 2025. For det andre er det heller ikkje i tråd med det Havbruksutvalet sjølv meiner. Dei er heilt tydelege på at det ikkje er noko problem å innføre viktige tiltak dei skisserer – til dømes Miljøfleks-ordninga – straks og utan opphald (sjå til dømes intervju med utvalsmedlem Henrik Hareide i Norsk Fiskerinæring nr 1/2024).

Ballen ligg hos fiskeri- og havministeren

Havbruksnæringa er allereie ei stor og viktig eksportnæring for Noreg. I ei framtid utan store eksportinntekter frå olje og gass, er vi avhengige av at havbruksnæringa med tilhøyrande leverandørindustri utviklar seg vidare og blir ein endå viktigare pillar enn i dag for verdiskaping og busetjing langs kysten. Då må næringa og styresmaktene spele på lag – og arbeide i same retning for å få bukt med miljøutslepp, rømming og ein uakseptabel høg dødelegheit.

Mange aktørar i næringa står akkurat no spenn klar til å ta steget inn i framtida. Då må regjeringa vere med og gjere sitt – slik Venstre og Pasientfokus vart samde med Ap og Sp om i fjor. Den ballen ligg akkurat no på straffemerket til fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth – alt ho treng å gjere, er å setje ballen i mål.

Det fortener norsk havbruksnæring – og det fortener laksen, som akkurat no døyr i mærane medan Ap ror seg vekk frå politiske vedtak.

 

Les også

Omtalte personer

Cecilie Myrseth

Næringsminister (Ap)
Profesjonsstudium i psykologi (Universitetet i Tromsø 2015)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00