Spaltist:  
Bård Vegar Solhjell

Det blir betre. Men ikkje alltid, ikkje overalt. Ikkje i Palestina.

Det blir betre, skreiv vi folk ofte til kvarandre under Covid. Det appellerte vel fordi det ofte er slik. Eg har sett det i min jobb som Norad-direktør, land eg besøkte for 20 år sidan har utvikla seg. Slik var det ikkje i Palestina no. Det var nedslåande, skriv spaltist og Norad-direktør Bård Vegar Solhjell.

Norad direktør, Bård Vegar Solhjell var i Palestina for å vere med på overføringa av eit nyleg oppbygd folkehelseinstitutt til den palestinske sjølvstyremyndigheita (PA). Denne gongen var situasjonen mørkare enn tidlegare.
Norad direktør, Bård Vegar Solhjell var i Palestina for å vere med på overføringa av eit nyleg oppbygd folkehelseinstitutt til den palestinske sjølvstyremyndigheita (PA). Denne gongen var situasjonen mørkare enn tidlegare.Foto: Nadia Frantsen/Norad
Bård Vegar Solhjell

Gaza-stripa er tett, så tett, folkesett. Det vesle landområdet husar 2.2 millionar innbyggjarar. Historisk eit viktig handelssentrum gjennom tusenar av år. Ein stad fylt av kraftfulle, kreative og temperamentsfulle menneske, sette i ein situasjon av passivitet. Ein kan kjenne gneisten frå entreprenørskap, men området er klaustrofobisk blokkert frå handel og ferdsel. På 70- og 80-talet var det ope mellom Israel og Gaza. Israelarar reiste til Gaza for handle billige varer på marknaden der. Mange palestinarar arbeidde i Israel. I dag er det som kunne vore eit levande turistmål og senter for handel, i staden isolert og utpint. Strendene er aude.

De små framstega

Lyspunkta er der, heldigvis. Ein høgskole har fått modernisert lokala sine så dei kan utdanne sjukepleiarar og andre profesjonar. Med støtte frå Noreg har FNs utviklingsprogram (UNDP) fått eit elveleie rydda for søppel og rot. Eit parkområde var laga til rundt elva. Ei grøn lunge som barn og vaksne kunne gå tur i. Eit glimt av natur i forstemmande omgivnader. Shifa-sjukehuset, kjent frå mediereportasjar under angrepa mot Gaza by, har for lite kapasitet og folk – men også donert utstyr og internasjonalt utdanna legar som kjem tilbake for å jobbe der. 

Dette er den typen bistand vi gjerne vil ha. Kapasitetsbygging basert på overføring av kunnskap.

Bård Vegar Solhjell
Direktør, Norad

Ærendet mitt var optimistisk nok. Eg var i Palestina for å vere med på overføringa av eit nyleg oppbygd folkehelseinstitutt til den palestinske sjølvstyremyndigheita (PA). Instituttet er blitt til med støtte og kompetanse frå det norske Folkehelseinstituttet (FHI), finansiert av norsk bistand. Det er bygd opp i samarbeid med palestinske myndigheiter lokalt, men er førebels underlagt Verdas Helseorganisasjon. Det skal no overførast til PA og forankrast direkte under statsministerens kontor.

Dette er den typen bistand vi gjerne vil ha. Kapasitetsbygging basert på overføring av kunnskap. Slik Noreg har gjort på forvaltning av naturressursar, statistikk, skatt og likestilling. Og folkehelse. FHI er kompetent på Covid-handtering og førebygging av sjukdom i Noreg, men også på å dele kompetansen sin med utviklingsland.

70 år med mellombels løysing

Konflikten i Midtausten er gammal. I år er det 75 år sidan opprettinga av staten Israel, og med den den moderne Israel-Palestina konflikten. Ein Oslo-avtale, to fredsprisar, like mange intifadaer, fleire krigar og tallause FN-resolusjonar seinare, ser konflikten mindre løysbar ut enn på 30 år.

Nettopp det at krisa har vart så lenge, er noko av problemet. Hovudforsamlinga i FN oppretta i 1949 ein hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA). Den skulle vere mellombels inntil det blei funne ei politisk løysing. Slik gjekk det ikkje.

UNRWAs 30 000 tilsette står for skole, mat og helsetenester til 5,9 millionar palestinske flyktningar i regionen. I praksis ein liten velferdsstat. På Gaza får halvparten av befolkninga mat og skolegang frå UNRWA. Samfunnet ville kollapse utan.

Det er vanskeleg nok å skaffe pengar til ei ny krise. Langt verre er det å finansiere eit uføre som har trekt ut i tiår etter tiår. UNRWA registrerer påfallande givar-trøyttleik, og mange vestlege land har redusert støtta si. Noreg har lenge vore ein stabil og fleksibel givar til Palestina. I 2021 gjekk 693,9 millionar kroner i øyremerkt bistand dit. I tillegg kjem norske midlar via FN og andre multilaterale organisasjonar. Bistanden har eit humanitært imperativ, men er også viktig for å bevare stabilitet i området, noko som på ulikt vis tener både Palestina og Israel.

Mørkare enn tidlegare

Ein del av bistanden går igjennom dei store organisasjonane, som Kirkens Nødhjelp, Norsk Folkehjelp,  Flyktninghjelpen og Redd Barna. I møte med meg rapporterer dei om stadig vanskelegare arbeidsforhold. Rommet for sivilsamfunnsorganisasjonar blir stadig mindre, blant anna ved at Israel forsøker å avgrense rommet for utanlandske organisasjonar til å dokumentere menneskerettsbrot og overgrep. 

Eit grunnleggande problem for palestinsk ungdom er langtidsperspektivet. De har levd i konflikt heile livet.

Bård Vegar Solhjell
Direktør, Norad

Vi besøkte Birzeit-universitetet på Vestbreidda som har fleire norsk-støtta prosjekt. Ungdommane vi trefte, er som ungdom flest: svoltne på utdanning og arbeid. Kurs i e-læring er svært etterspurt i område med sterkt avgrensa ferdsel. Tallause kontrollar, murar og vaktpostar, gjer det umogleg å vite kor lang tid ting tar. Ein kort køyretur kan ta alt frå ein halvtime til fem timar.

Der arbeidsløysa er skyhøg og utsiktene få, kan e-læring og fjernarbeid opne dører. Ungdom kodar på Gaza og Vestbreidda også. Og det finst jobbar via nettet, for eksempel i arabiske land og i Aust-Europa. Noreg arbeider via UNDP med å hjelpe lokal ungdom til å tilby den digitale kompetansen sin i ein internasjonalt marknad.

Eit grunnleggande problem for palestinsk ungdom er langtidsperspektivet. De har levd i konflikt heile livet. Nesten alle har valdserfaring. Dei er skuffa og desillusjonerte over framferda til Israel, og kanskje like mykje over maktesløysa til eigne myndigheiter. Tilliten er tynnsliten, og mange ser på ei to-statsløysing som heilt urealistisk.

Fleire gonger har eg besøkt Palestina. Denne gongen var det mørkare enn tidlegare. Ei valdsbølge pregar regionen, med skyhøge tal for drepne palestinarar av dei israelske sikkerheitsstyrkane. Fattigdom, kombinert med fråværet av politisk prosess, tar frå ungdom håp om ei betre framtid og bidrar til det fortvila Palestina.


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00