Likelønn er ein naturleg del av lønnsoppgjera

Som tillitsvald for mange kvinnelege medlemmar, er likelønnsarbeid ein tematikk eg jobbar mykje med. I tilsvaret frå Even Bolstad, leiar i HR Norge, er vi einige om fakta, og det er ein god start. Bolstad underbyggjer poenget mitt: At lønnsskilnadene mellom kvinner og menn først og fremst er strukturelle og krev løysingar på samfunnsnivå.
Bolstad skriv at:
«Lønnsskilnader mellom kvinner og menn er i seg sjølv ikkje bevis på usakleg forskjellsbehandling, men kan i staden vitne om individuelle val og nedarva kjønnsrollemønster knytt til utdanning, yrke og arbeidstid og rollefordeling på heimebane, så vel som prioriteringar blant fagforeiningar som forhandlar for deg eller ulik lønnsevne mellom sektorar.»
Éin ting er sikkert – dette er ei samansett problemstilling.
Tala viser at lønnsgapet i snittlønn mellom menn og kvinner ligg på omlag 13 prosent. Vi finn ein lønnsskilnad på åtte prosent mellom kvinner og menn som utfører same arbeid – altså jobbar i same sektor, næring og yrke, har like lang utdanning og erfaring, og same heil-/deltidstilknyting, ifølgje ein rapport frå Institutt for samfunnsforsking.
Det ser ut til at menn rett og slett får betre lønn utan nokon openberr grunn.
Marit Solheim
Nestleiar, Delta
Bolstad meiner vi må skilje snørr og barter, og det er eg heilt einig i, så lat oss gå endå djupare ned i statistikken.
I den same rapporten frå Institutt for samfunnsforsking går det fram at når ein samanliknar kvinner og menn som utfører same arbeid på same arbeidsplass, finn ein ein lønnsskilnad på seks prosent. Dette er ein skilnad som ikkje kan forklarast av utdanning, yrke, arbeidstid eller val av næring eller sektor.
Det kan sjå ut som problemet ikkje berre er verdsettingsdiskriminering mellom sektorar, eller utdanningar av same lengde.
Det ser ut til at menn rett og slett får betre lønn utan nokon openberr grunn.
Kor skal vi rette opp skilnadene?
Sjølv om utfordringane rundt likelønn er kjende, og noko vi har jobba med over mange år, har vi ikkje kome i mål. Lat oss erkjenne at vi gjennom dagens system og praktisering ikkje har lukkast med å få bukt med likelønnsutfordringa, noko også årets TBU-tal tydeleg viser: ein klar nedgang i kvinners månadslønn som del av månadslønna til menn frå 2024 til 2025.
Så er spørsmålet: Kor og korleis skal vi jobbe for å jamne ut desse skilnadene? Bolstad meiner Delta vel feil arena, nemleg lønnsoppgjera.
Vi meiner derimot at sentraliserte, koordinerte lønnsoppgjer er hensiktsmessige nettopp fordi dei gir moglegheit til å utjamne systematiske skilnader. Likevel ser vi at det i tillegg krevst andre verkemiddel for å få fart på dette arbeidet. Trepartssamarbeidet meiner vi er ein riktig stad å diskutere andre verkemiddel. Vi veit at det er eit lønnsskilje mellom sektorar og yrke. Kvinnedominert yrke i offentleg sektor blir systematisk lønna dårlegare enn mannsdominert yrke i privat sektor. Dette må vi i fellesskap ta tak i som partar i arbeidslivet og hos politiske myndigheiter.
Vi manglar framleis det store grepet som jamnar ut den strukturelle forskjellen.
Marit Solheim
Nestleiar, Delta
I Danmark har dei gått nye vegar i dette arbeidet, sjølv om likelønn ikkje var utgangspunktet, men å gjere velferdsyrka meir attraktive. Der, som her i Norge, er det store utfordringar med å rekruttere folk inn i særleg helse- og omsorgssektoren.
I 2023 vart regjeringa og partane i arbeidslivet einige om ei ekstraordinær ramme til lønns- og arbeidsvilkår på 6,8 milliardar kroner for ei rekke sentrale velferdsgrupper som sosial- og helsepersonell, barnehagelærarar, sjukepleiarar og fengselsbetjentar. Målet var mellom anna å auke rekrutteringa til desse yrka, og at lønnsløftet skulle vere fullt innfasa allereie i 2026.
Dette er eit døme på at ein kan jobbe saman på ulike måtar som partar i arbeidslivet for å løyse felles utfordringar.
20 år sidan Likelønnskommisjonen vart sett ned
I år er det 18 år sidan Likelønnskommisjonen NOU 2008:6 Kjønn og lønn kom med si innstilling, knapt to år etter at ho vart sett ned. Framleis er lønnsskilnadene store. Vi manglar framleis det store grepet som jamnar ut den strukturelle forskjellen, og som også kan sikre nødvendig arbeidskraft i framtida, særleg i helse- og omsorgssektoren.
Delta åleine har ikkje alle svara – dei finn vi saman. Saman som partar, saman med myndigheitene og saman med politikarar i posisjon og opposisjon. Og saman med organisasjonar som HR Norge, som bidreg til å bringe diskusjonen konstruktivt vidare.
Artikkelen er skrevet av
Omtalte personer
Innsikt

Arild Hermstad spør Åsmund AukrustHvilke resultater oppnådde statsråden i samtalene med kinesiske myndigheter angående åpenhet i leverandørkjeder?Besvart
Ida Lindtveit Røse spør Jan Christian VestreHvordan vurderer statsråden behovet for å stramme inn på pakkestørrelser for tobakk?Besvart
Dagfinn Henrik Olsen spør Astri Aas-HansenEr det i tråd med forutsetningene for stillingen og hensynet til beredskap at HRS-direktøren i begrenset grad er til stede ved hovedkontoret i Bodø?Besvart
- Avgrunn på rødgrønn side før revidert budsjett legges frem
- Sterk faglig kritikk av kutt for flyktninger: «Skaper et B-lag av innbyggere»
- Den avgåtte statssekretærens bok er LinkedIn-vennlig, men ingen page-turner
- Staten vil ta over atomanlegg raskere enn planlagt. Kan skje neste år
- Stor oversikt: Slik presterte partier, departementer og underliggende etater i Holmenkollstafetten



















