Debatt

Maktkamp og samarbeid vi burde få høyre meir om

Ein del av samarbeidet mellom regjeringa og SV burde få langt meir merksemd i den politiske journalistikken.

«I verbalane frå denne perioden kan journalistane leite og få grunnlag for å vurdere potensialet for eit raudgrønt samarbeid ved neste val», skriv Trine Østereng i Tankesmien Agenda. 
«I verbalane frå denne perioden kan journalistane leite og få grunnlag for å vurdere potensialet for eit raudgrønt samarbeid ved neste val», skriv Trine Østereng i Tankesmien Agenda. Foto: Torstein Bøe / NTB
Trine Østereng
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Om ein høyrer på nyheitsprogram om politikk jamleg, er det nokre inngangar ein kan bli litt lei av. Det kan vere gjentekne spørsmål om kven som skal i regjering med kven, sjølv om både programleiar, politikar og lyttar eigentleg veit at denne samtalen ikkje vil bringe fram ny informasjon.

Det finst andre spørsmål som kunne blitt stilt i staden, som kunne vore meir interessante å høyre om når det er lenge til neste val.  

Her ligg det mange kimar til både samarbeid og usemje, som vil kunne få konsekvensar for kven som vil styre med kven i 2025.

Trine Østereng
Rådgiver i Tankesmien Agenda

Ei lang liste med heimelekser

Då regjeringssonderingane på Hurdal brøyt saman mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV, fekk landet ei mindretalsregjering som må få fleirtal frå sak til sak i Stortinget. Så langt har regjeringa fått fleirtal for statsbudsjettet gjennom samarbeid med SV. Det er pussig at ikkje innhaldet i desse budsjettavtalene får meir dekning i dag-til-dag-journalistikken. For her ligg det mange kimar til både samarbeid og usemje, som vil kunne få konsekvensar for kven som vil styre med kven i 2025.

Ein budsjettavtale handlar ikkje berre om fordeling av pengar i det komande året. Det handlar også om ei lang rekke andre punkt om kva som skal skje framover, såkalla anmodningsvedtak eller verbalar. Dette er i praksis ei lang liste med heimelekser som partane har blitt einige om at regjeringa skal følgje opp, som har blitt vedteke i Stortinget. I 2022-budsjettet var partia einige om heile 71 verbalar av denne typen. I 2023 var talet 45. I 2024 var lista på 35 punkt. Desse er store og små, vage og spesifikke. Nokre har veldig klare tidsfristar. Avtala handlar om tema som SFO-reform, pukkellaks og biodrivstoff.

I kva grad desse blir gjennomført som avtalt eller ikkje, har mykje å seie for dynamikken mellom fleirtalspartia. I det siste har det vore fleire saker som kastar lys over dette. Exit-skatten som regjeringa nyleg føreslo er eit ekte barn av dette raudgrøne samarbeidet. I budsjettavtala for 2023 blei SV og regjeringa einige om at regjeringa skulle:

«utrede og foreslå en utflyttingsskatt som sikrer at urealiserte gevinster opparbeidet i Norge frem til utflyttingstidspunktet, faktisk skattlegges her.»

Når ein les politiske kommentatorar fortelje om exit-skatten, hoppar dei ofte over at dette er bakteppet. Nokre har snakka om skatten som regjeringas sjølvstendige initiativ, andre har snakka om kor viktig det er at denne skatten var hemmeleg før lansering, for å unngå skattetilpassing. Men at ein skatt som dette var på trappene, har altså stått i stortingsreferata sidan desember 2022.

Nasjonal Transportplan: Potensiale for dårleg stemning

Ei anna sak, som heller har eit alvor og potensiale for dårleg stemning mellom SV og regjeringspartia, er Nasjonal Transportplan. I den same budsjettavtalen som exit-skatten låg, stod det også at partia var einige om at Ringeriksbanen og E16-prosjektet rundt Hønefoss skulle bli vidareført som eit fellesprosjekt. Ein skulle altså både bygge veg og bane.

No går regjeringa vidare med berre vegprosjektet. SVs transportpolitiske talsperson, Mona Fagerås, er tydeleg på Facebook: «Dette kan ikke regjeringen gjøre!!! – Regjeringen har tydeligvis glemt at vi har en avtale».

Budsjettavtalene frå desember 2021 og fram til i dag består altså av ei lang rekke store og små oppgåver til regjeringa. SVs tillit til samarbeidet framover heng på kor godt dei blir følgt opp. Mange av dei vil for eksempel ha mykje å seie for kor fort ein klarer å kutte klimagassutslepp, sånn som nullutsleppskrav til ulike delar av transportsektoren.

Politisk samarbeid er ikkje som å fordele ei kake i to, der det handlar om å vinne mest mogleg kake her og no. 

Trine Østereng
Rådgiver i Tankesmien Agenda

Tillit er hard valuta

Politisk samarbeid er ikkje som å fordele ei kake i to, der det handlar om å vinne mest mogleg kake her og no. Det handlar om å møtast gong på gong for å planlegge å bake, steike og fordele ei lang rekke kaker. At alle partar meiner dei får nok igjen frå samarbeidet til at det er verdt å møte opp, er avgjerande. Dei må stole på kvarandre. Tillit er hard valuta.

Alle som har lest biografiane til Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Åslaug Haga veit at det var masse intern dragkamp i den raudgrøne regjeringa (2005 – 2013) om å tolke ulike setningar i regjeringsplattforma. Blir ikkje semjer følgt opp, eller tolka på urimeleg vis for at det eine partiet skal kome best mogleg ut her og no, blir det vanskelegare å bli einige neste gong.

I verbalane frå denne perioden kan journalistane leite og få grunnlag for å vurdere potensialet for eit raudgrønt samarbeid ved neste val. Regjeringa må rapportere til Stortinget kvart einaste år på korleis dei følger opp leksene sine, både i statsbudsjettet og i ei stortingsmelding til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Denne gir ei lang liste over vedtak Stortinget har gjort. Dette burde vere ei gullgruve for journalistar som vil vite meir om korleis samarbeidet går.

Eg trur veljarane hadde sett pris på å høyre meir om desse sidene ved politikken. Og med det er oppfordringa sendt til landets politiske journalistar og kommentatorar.

Omtalte personer

Trine Østereng

Rådgiver, Tankesmien Agenda
statsviter

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00