Debatt

Peder Lofnes Hauge: Med halve språket om allting

Noregs nye nettavis Altinget vel vekk nynorsken. Med det snublar dei språkpolitisk allereie i det dei trykte på publiseringsknappen, skriv leiar av Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

Foto: Tuva Maria Åserud/Noregs Mållag
Peder Lofnes Hauge
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Sjefredaktør Veslemøy Hedvig Østrem meiner den nye politiske nettavisa har ei viktig rolle i å attreise tilliten til presse og politikk. Ho synest derimot å tenkje meir på dei danske eigarane sine og mindre på norske lesarar.

Altinget «skal gå i dybden» på politiske saker. Kanskje burde dei gå i djupna på den språkpolitiske røyndomen i Noreg?

Peder Lofnes Hauge
Leder, Noregs Mållag

Hos Altinget skal nemleg alt vere på bokmål. Med unntak av «debatt, kommentar og analyse», vel å merke. At dette er eit aktivt val frå den nye sjefredaktøren, grunngjeve med praktiske omsyn til stoffutveksling med Danmark og Sverige, er syltynt – og beint fram oppsiktsvekkjande.

Trenden i dei store landsdekkjande dagsavisene har i det siste vore å opne for nynorsk på redaksjonell plass. Til dømes har både VG og Aftenposten opna for nynorsk. Då er det svært skuffande at Østrem si nettavis Altinget legg seg på ei redaksjonell line dei så å seie berre deler med Alexandra Beverfjord og Dagbladet.

Den språkpolitiske røyndommen

Altinget «skal gå i dybden» på politiske saker. Kanskje burde dei gå i djupna på den språkpolitiske røyndomen i Noreg? Som det minst brukte av dei to norske skriftspråka er nynorsk langt meir avhengig av å bli tatt i bruk, lese og sett – i eit bokmålsdominert samfunn. 

I dag er det 600.000 nynorskbrukarar som ynskjer å lese språket sitt. Altinget vil skrive om alt innanfor politikk, men det skal dei altså gjere ved å berre ta den eine halvparten av det norske språket i bruk. At noverande og komande journalistar i Altinget får skrive på nynorsk om dei ynskjer det, vil mest truleg gje eit betre språkleg og journalistisk produkt.

Ingen kan tvinge Østrem til å opne for nynorsk, men vi kan minne ho på at også ho har eit ansvar – som ho diverre ikkje tar. Å velje vekk nynorsk er eit politisk val, og det er synd Østrem og Altinget ikkje viser meir språkpolitisk medvit enn dei gjer ved denne avgjerda. Praksisen til Østrem gjer det nemleg vanskelegare å vere nynorskbrukar.

Heller enn å snuble ved startstreken, bør Østrem revurdere dei språklege retningslinjene hos Altinget, og tillate å ta heile det norske språket i bruk.

Omtalte personer

Veslemøy Hedvig Østrem

Sjefredaktør, Altinget.no
journalist (Norges Journalisthøgskole 1994), BA i journalistisk (Universitetet i Oslo 1994)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørChristoph NørgaardStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024