Spaltist:  
Bård Vegar Solhjell

Politikk, kvar vart det av deg i alt mylderet?

Politiske skandalar er ikkje nytt, ei heller i Noreg. Likevel, kanskje har du – som meg – tenkt at no, ja no, er det blitt ille, skriv Bård Vegar Solhjell, Norad-direktør og spaltist i Altinget Løvebakken. Han etterlyser eit Storting som gjenreiser seg sjølv som den viktigaste arena for idédebatt. 

Bak skandalane og den breie omtalen av dei anar eg ei større utfordring. Handlar politikk mindre om politikk? Overskuggar desse personsakene, viktige og godt grunngjevne kvar for seg, dei store spørsmåla demokratiet eigentleg dreiar seg om? Det skriv Bård Vegar Solhjell i denne vekas spalte i Altinget Løvebakken. 
Bak skandalane og den breie omtalen av dei anar eg ei større utfordring. Handlar politikk mindre om politikk? Overskuggar desse personsakene, viktige og godt grunngjevne kvar for seg, dei store spørsmåla demokratiet eigentleg dreiar seg om? Det skriv Bård Vegar Solhjell i denne vekas spalte i Altinget Løvebakken. Foto: Montasje: Nadia Frantsen / NTB / Javad Parsa
Bård Vegar Solhjell

Då Christianias borgarar og embetsmenn i 1820 valde utsendingar til det fjerde overordentlige storting, klarte kjøpmann Marcus Pløen å bli vald som ein av fire. Han var opposisjonell og sterkt unionskritisk, og vart allereie før han rakk å møte på Stortinget del av ein stor skandale. 

Altinget Løvebakken-spaltistene

Hver uke skriver sentrale stemmer om politikk, demokratiutvikling og aktuell samfunndebatt i Altinget Løvebakken. 

Spaltistene som veksler mellom å skrive er: 

  • Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad, tidligere generalsekretær i WWF, miljøvernminister, kunnskapsminister, stortingspolitiker og nestleder i SV. 
  • Monica Mæland, administrerende direktør i Bergen Næringsråd, tidligere justis- og beredskapsminister, næringsminister og kommunal- og moderniseringsminister, stortingspolitiker og byrådsleder fra Høyre.
  • Hadle Bjuland, leder i Kristelig Folkepartis Ungdom.
  • Jette F. Chrisensen, skribent og statsviter, tidligere stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet. 
  • Johannes Bergh, forskningsleder ved Institutt for Samfunnsforskning. 
  • Andreas C. Halse, rådgiver i Tankesmien Agenda

Den 4. november, årsdagen for valet av ein svensk konge i 1814 (og Noregs nasjonaldag på denne tida!), var han på «møte» i ein herreklubb. Skjønt møte, fylleslag ville vi nok kalla det i dag. Uansett, Pløen var i storslag, dominerte møtet og heldt ei rekke nasjonalt prega skåltalar. Det toppa seg då han nekta å synge tredje verset av ein song om korleis tilhøvet mellom Sverige og Noreg var gått frå fiendeskap til fred.

På dette tidspunktet var alle til stades snydens (for å bruke eit av tidas uttrykk), og ein offiser ved namn Aubert kalla Pløen ein slyngel og nekta å drikke meir med han. Dermed braut helvete laus. Det blei nevekamp til blodet flaut, og kanskje enno verre – til frakkeskøyter var rive av på dei fine antrekka som var i bruk.

Sånn var det då ikkje før?

Politiske skandalar er med andre ord ikkje nytt, ei heller i Noreg. Per Borten måtte gå av pga lekkasje av eit hemmeleg brev, Reiulf Steen hadde samtalar med ein møbelhandlar på Jessheim og Astrid Gjertsen måtte gå av etter å ha forfalska drosjerekningar. 

Likevel, kanskje har du – som meg – tenkt at no, ja no, er det blitt ille. Eit renn av skandalar heile sommaren, sånn var det då ikkje før?

Og her veivar eg eit enormt raudt flagg rundt inne i glashuset eg sit og skriv i før vi går vidare. For eg er i ein alder der risikoen for å føle at alt var betre før er akutt, og sikkert aukande. Veldig få ting var betre før. Sikkert ikkje dette heller. Og om det er fleire skandalar no, er det mest truleg fordi fleire av dei blir avslørt no. Eller at dei vert omtalt lengre og djupare. Neppe at moralen er svakare. 

Handlar politikk mindre om politikk?

Eg er sjølvsagt for at inhabilitet, misbruk av økonomiske ordningar eller misbruk av makt og stilling blir avslørt og omtalt, og at det får konsekvensar. Sjølvsagt! Men bak skandalane og den breie omtalen av dei anar eg ei større utfordring. Handlar politikk mindre om politikk? Overskuggar desse personsakene, viktige og godt grunngjevne kvar for seg, dei store spørsmåla demokratiet eigentleg dreiar seg om?

Om det er fleire skandalar no, er det mest truleg fordi fleire av dei blir avslørt no. Eller at dei vert omtalt lengre og djupare. Neppe at moralen er svakare. 

Bård Vegar Solhjell
Spaltist i Altinget og direktør i Norad

Eg opplever det slik, og oftare etter at eg sjølv slutta som politikar. Kvifor det, har eg spurt meg sjølv, og eg trur eg veit svaret. Då eg sjølv var i bobla, var eg meir oppteken av .. ja, nettopp .. bobla. Store (og små!) feil som vart gjort av meg sjølv og mine kollegaer, og kva endringar i personkabal det kunne medføre. Det politiske spelet om du vil, skjønt eg aldri kalla det spelet – det ville jo vore uverdig å interessere seg for spelet. 

Kanskje har dei politiske journalistane som sjølv arbeider i bobla det likeeins, at dei blir særleg opptekne av det politiske spelet? Dei kjenner menneska, høyrer rykta, avslører viktige tilhøve. Dei er tett på personane med makt, og forstår difor raskare og betre skilnaden på kven som styrer eit departement eller leiar eit parti. Og vektlegg det.

Dei politiske journalistane er derimot lenger unna forskinga, kunnskapen, ideane. Redaksjonane har spesialiserte journalistar som dekker finans, energi, kriminalitet, kultur, utanriks etc. Det siste er også vanskelegare å forstå og dekke, og formidle.

Policy vs. polity

På norsk seier vi politikk når vi skal snakke om politikk, på engelsk finst ulike ord for dei ulike sidene ved politikken eg  har skrive om her. The Polity er politiske institusjonar som storting, regjering og politiske parti. Policy er politikken som kjem ut av desse. Det eg spør meg om er om vi i norsk politisk journalistikk og debatt har enda opp med å vere for opptekne av the Polity på bekostning av policy.

Sjølv er eg også i tvil om partia og institusjonane sjølv – the Polity – gjer nok for å få fram politikk som debatt om ulike interesser, idear og verdiar – policy. Særleg gjeld det Stortinget.

Stortinget er i liten grad arena for utvikling av politisk tenking og debatt, det er primært ein administrasjonssentral for handsaming av politikken som vert utvikla i parti og regjeringsapparat.

Stortinget er i liten grad arena for utvikling av politisk tenking og debatt, det er primært ein administrasjonssentral for handsaming av politikken som vert utvikla i parti og regjeringsapparat.

Bård Vegar Solhjell
Spaltist i Altinget og direktør i Norad

Debatt – etter at alle har bestemt seg

I stortingsalen vert det diskutert. Etter at alle har bestemt seg. Det er ein debatt for å vinne – for å vise fram dei beste argumenta for oss sjølve, for tilhøyrarar og for arkiva. Dei fleste debattar går føre seg for nesten tom sal og nesten ingen tilhøyrarar. Det er ikkje diskusjon i tydinga ´utveksling av meiningar´ vi skal bli klokare av. Dei snakkar ikkje med kvarandre, men til kvarandre og til publikum gjennom media si dekning av debatten. Og ja, eg var med på det sjølv. 

Det vert kanskje debattert før sakene kjem i salen, tenker du? I fagkomiteane. Komitémøta er stort sett administrative møte, som fordeler arbeid, passar på framdrift og vert brukt til å melde frå om standpunkt. Men sjeldan diskutere.

Politikk, her forstått som policy, vert for det meste utvikla og diskutert andre stader enn i vårt høgste folkevalte organ. I forskingsmiljø og embetsverk, tenketankar og interesseorganisasjonar, parti og regjering. Stortinget mottar og handsamar all denne politikken. Det er ikkje galt, men det er ein stor mangel at Stortinget ikkje samstundes spelar ei meir sentral rolle som arena for dei store ideane og den verkelege politiske debatten.

Dette tenkte eg alt då eg sat der, men det slår meg i dag at det er enno viktigare i skandalane si tid.

Politikk er først og fremst demokratiets viktigaste aktivitet, sjølve provet på at demokratiet verkar og har tyding. Om ikkje «policy» står i sentrum og overgår dei indre tilhøva i «the Polity» trur eg det er vanskeleg å trekke folk mot demokratiet over tid. Skandalane må kome og bli avslørt når det er grunnlag for dei, men politikarar bør primært drive med politikk. Stortinget bør gjenreise seg sjølv som den viktigaste arena for idédebatt. 

Stortinget mottar og handsamar all denne politikken. Det er ikkje galt, men det er ein stor mangel at Stortinget ikkje samstundes spelar ei meir sentral rolle som arena for dei store ideane og den verkelege politiske debatten.

Bård Vegar Solhjell
Spaltist i Altinget og direktør i Norad


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00