Debatt

Statssekretær Heen: Vi har ei konfliktdempande rovviltforvaltning

Innlegget frå Knut Ivar Bjørlykhaug om rovdyrpolitikk kan ikkje stå uimotsagt, skriv statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet i sitt tilsvar.

Statssekretær Aleksander Øren Heen (SP) i Klima- og miljødepartementet skriv i sitt tilsvar til Knut Ivar Bjørlykhaug at det mest konfliktdempande tiltaket er å ha ei rovviltforvaltning som ligg så nær Stortinget sine bestandsmål som mogeleg.
Statssekretær Aleksander Øren Heen (SP) i Klima- og miljødepartementet skriv i sitt tilsvar til Knut Ivar Bjørlykhaug at det mest konfliktdempande tiltaket er å ha ei rovviltforvaltning som ligg så nær Stortinget sine bestandsmål som mogeleg.Foto: Senterpartiet
Aleksander Øren Heen
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

FN sitt klimapanel og Naturpanelet har slått fast at me har store utfordringar både med å nå klimamåla og å stanse tap av naturmangfald, altså tap av planter, dyr og andre levande organismar. Korleis me nyttar naturen, påverkar klimaet, samstundes som klimaendringane påverkar naturen

Knut Ivar Bjørlykhaug, førsteamanuensis på fakultetet for helsefag, VID, skriv i Altinget at «Gaupe- og ulvejakta er ei stor skam for Norge, kvart år. Den generelle naturpolitikken vår står til stryk, og i skrivande stund taper mange raudlista artar på grunn av norsk malpraksis».

Dette kan ikkje stå uimotsagt.

Det er brei semje nasjonalt og internasjonalt om at tap av natur er ei like stor og viktig utfordring som klimaendringane, og at desse heng tett saman. I Noreg er arealinngrep, arealbruksendringar og framande artar dei viktigaste årsakene til tap av naturmangfald. I tillegg fører miljøkriminalitet til at nokre artar er truga av utrydding eller overutnytting.

Det er og brei semje om at me må gjere meir for å ta vare på naturen, og ikkje minst for dei artane som har så små bestandar at dei er klassifisert som truga. Sjølv om det er ei slik felles forståing av situasjonen og me arbeidar for å utvikle metodar og system som kan betra vilkåra for naturmangfaldet, vil det framleis vere situasjonar der andre omsyn enn naturmangfald blir tillagt størst vekt. Dette gjeld mellom anna i forvaltninga av våre utmarksressursar og forvaltninga av rovviltet.

Les også

Målsettinga i rovviltpolitikken

Hausting av utmarksressursane gjennom beite i utmarka står sentralt i vår matproduksjon og er ein viktig del av norsk landbruk. Faktisk er beiting avgjerande for at ein del planteartar skal kunne overleve. Regjeringa legg stor vekt på at me skal hauste meir av utmarksressursane og oppretthalde landbruk og matproduksjon i heile Noreg. 

Me skal ha ei aktiv hausting av beiteressursane i utmarka gjennom beitebruk, samtidig som me skal ha bestandar av rovvilt.

Aleksander Øren Heen
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet

Det er òg semje om at me skal ha rovvilt i Noreg. Stortinget har fastsett dei nasjonale bestandsmåla for rovviltartane.

Av omsyn til beitenæringane, det vil seie tradisjonelt husdyrhald med geit, sau, storfe og tamreindrift, er dei nasjonale bestandsmåla for bjørn, gaupe, jerv og ulv sett på eit nivå som gjer at desse artane framleis vil vere på norsk raudliste for artar.

Dette kjem av at det er gjort ei interesseavveging mellom storleik på rovdyrbestandane og omsyn til beitenæringane. Stortinget har gjennom si handsaming av rovviltpolitikken slått fast at me skal ha ei aktiv hausting av beiteressursane i utmarka gjennom beitebruk, samtidig som me skal ha bestandar av rovvilt. Dette er den sokalla todelte målsettinga i rovviltpolitikken.

Bestandsmål

Kvotejakt på gaupe er ei jakt som mellom anna bidreg til at bestandsmåla i den einskilde rovviltregionen blir nådd. Avgrensa uttak av gaupe bidreg til å ivareta den todelte målsetninga i rovviltpolitikken. 

I 2022 var fire av dei sju regionane med eit regionalt bestandsmål for gaupe på eller over dette målet.

Aleksander Øren Heen
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet

Det nasjonale målet for gaupe er på 65 årlege ungekull. Dette målet er delt inn i regionale mål der sju av åtte rovviltregionar har regionale bestandsmål for gaupe. Målet er at bestanden kvart år skal liggje så nær det nasjonale og dei regionale måla som mogeleg. I 2022 var fire av dei sju regionane med eit regionalt bestandsmål for gaupe på eller over dette målet. Det vart opna for kvotejakt i tre av desse regionane no i vinter.

For ulven er bestandsmålet sett til 4-6 ungekull i Noreg kvart år. Tre av desse skal vere heilnorske, medan ungekull født i revir som nyttar areal både i Noreg og Sverige vert rekna med, med ein faktor på 0,5. Det vart vedteke lisensfelling av tre grenserevir av ulv innanfor ulvesona no i vinter.

Me meiner at bestandsmålet vil kunne bli nådd også til våren sjølv med eit slikt uttak, noko miljødirektoratet er samde i, og noko som Borgarting lagmannsrett la vekt på då dei handsama forføyningssaka om stopp i ulvejakta. Det er ulike oppfatningar om kor mykje rovvilt me skal ha i Noreg, men regjeringa meiner det er mest konfliktdempande med ei rovviltforvaltning som ligg så nær Stortinget sine bestandsmål som mogeleg.

Omtalte personer

Knut Ivar Bjørlykhaug

Førsteamanuensis, fakultetet for helsefag, VID
PhD, sosialt arbeid og sosialpolitikk (Oslo Met)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00