Debatt

Bjørlo (V): Steinrøysa i nord – vi har fått tidenes mest naturfiendtlege regjering

I ei tid der kampen for å ta vare på natur er viktigare enn nokon gong, har vi fått tidenes mest naturfiendtlege regjering. Med Ap og Sp ved roret, er Noreg i ferd med å bli steinrøysa i nord som resten av Europa ristar på hovudet av, skriv Alfred Jens Bjørlo, stortingsrepresentant frå Venstre. 

Kommunal- og regionalminister Erling Sande (Sp) har sagt ja til å sprenge i stykker fjellet Aksla i eit unikt natur- og kulturlandskapsområde i si eiga heimkommune Bremanger, stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo (V). 
Kommunal- og regionalminister Erling Sande (Sp) har sagt ja til å sprenge i stykker fjellet Aksla i eit unikt natur- og kulturlandskapsområde i si eiga heimkommune Bremanger, stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo (V). Foto: Montasje: NTB / Stian Lysberg Solum / Ole Berg-Rusten
Alfred Jens Bjørlo
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Nylig ga Kommunal- og regionalminister Erling Sande (Sp) eit jublande JA til å sprenge i stykker fjellet Aksla i eit unikt natur- og kulturlandskapsområde i si eiga heimkommune Bremanger, for å skipe ut stein til asfaltproduksjon og gjenfylling av rørgater i Tyskland.

Løyvet vart gitt på tvers av alle faglege råd, midt i eit område som nyleg er peika ut av Riksantikvaren som eit kulturhistorisk område av nasjonal interesse (KULA).

Rekka av naturfiendtlege vedtak frå dagens Ap/Sp-regjering er lang. Ja til fjorddumping av gruveavfall i Førdefjorden. Ja til utvinning av havbunnsmineral i Barentshavet. Ja til sprenging av fjell i unike kystlandskap for å eksportere fyllmasse til kontinentet. Ja til å bygge motorveg gjennom våtmarksområde i Gudbrandsdalen. Ja til å drepe fleire og fleire rovdyr. Ja til å gjere det lettare for kommunane å bygge ned natur, utan at miljø- og naturfaglege styresmakter skal kunne protestere.

Sp vinn fram – gong etter gong 

Vår nye Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen uttalte nylig at «Mennesker har bygget ned naturen i mer enn 5000 år. Nå er det på tide at naturen får sette rammene» (NRK Ytring, 15/1). Det er godt sagt, og lett å vere enig i.  

Medan resten av Europa meir og meir tar klimaet og naturen sitt parti, heng Noreg med dagens regjering att i fortidas løysingar.

Alfred Jens Bjørlo
Stortingsrepresentant (V)

Problemet er berre at Bjelland Eriksen og Ap på ingen måte følger det opp. I tillegg sit dei i regjering med Senterpartiet – eit parti som ser på natur som ikkje er bygd ned, som ein ubrukt ressurs. Og det er Senterpartiet som vinn fram, gong etter gong – med naturen som tapar. 

Senterpartiet vil at Noreg skal vere eit annleisland i nord, mest mogleg frikobla frå EU og Europa.

Det er dei i ferd med å lukkast med. Medan resten av Europa meir og meir tar klimaet og naturen sitt parti, heng Noreg med dagens regjering att i fortidas løysingar. Denne veka vedtok til dømes EU-parlamentet med stort fleirtal ein resolusjon som sterkt tok avstand frå Noreg sitt vedtak om å utvinne havbunnsmineral. Dei første internasjonale protestane på det ferske vedtaket om å sprenge i stykker fjellet Aksla, rett ved Vingen Helleristingsfelt, er også allereie komne regjering og storting i hende.

Venstre sine draumar for framtida handlar om eit grønt Noreg, der vi tar vare på naturen og samtidig kuttar klimautsleppa. Senterpartiet sin draum ser ut til å vere å gjere Noreg til Europas steinrøys, og kalle det distriktspolitikk. Meir feil går det ikkje an å ta. 

Les også

 

Omtalte personer

Alfred Jens Bjørlo

Stortingsrepresentant (V), medlem, Næringskomiteen og helsepolitisk talsperson
Cand.scient. i biologi (Universitet i Bergen, 1997)

Andreas Bjelland Eriksen

Klima- og miljøminister (Ap)
siviløkonom (Norges Handelshøyskole, 2017)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00