Liv Kari Eskeland
 svarer 
Jon-Ivar Nygård

Om regjeringa sitt syn på at dei delane som gjaldt HOFO ikkje er EØS-relevant: Kan statsråden bekrefte at regjeringens beslutningen fra 2017 ligg fast?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1097 (2023-2024)

I 2017 kunngjorde regjeringa sitt syn på at dei delane som gjaldt HOFO ikkje er EØS-relevant.

Kan statsråden bekrefte at regjeringens beslutningen fra 2017 ligg fast, og at dette ikkje vil bli gjenstand for forhandlingar?

Fra Stortingets EU/EØS-nytt 19 jan 2024 les vi at det på ny kan vera strid om helikoptertransport på norsk sokkel, sett i lys av EØS-regelverket. Dette er med basis i ein artikkel i Fri Fagbevegelse der det kjem fram at EU presser på for at regelverket om helikoptertransport offshore (HOFO) skal inn i EØS avtalen. Regelverket er teke inn i ein forordning frå 2016, og det rår no ei usikkerheit om at regelverket vil gje dårlegare tryggleik fordi operatørane skal godkjennes av luftfartsmynde i staten ein er heimehøyrande, slik at det ikkje lenger kan kreves særskilt norsk godkjenning.

Vi viser vidare til EØS-notat om Offshore helikopter-fordiningen datert 20.04.2023 og pressemeldingen om same sak fra 2017 (104/17), og forstår det slik at Norges posisjon i høve denne regelverkspakken til no har vore klart. Det er godt argumentert frå norsk side om kvifor vi ser det slik.

Det har nylig blitt kjent at denne regelverkspakken kan bli gjenstand for forhandlinger mellom Norge og EU-kommisjonen, blant annet gjennom oppslag i media. (Aftenbladet, 24.01.2024 og Fri Fagbevegelse).

Svar fra torsdag 8. februar 2024

Europakommisjonen har nyleg teke kontakt med Noreg via EFTA-sekretariatet for å diskutere den EØS-rettslege statusen til forordning (EU) 2016/1199 (HOFO-forordninga). Forordninga er ikkje innlemma i EØS-avtalen.

Utspelet frå Kommisjonen er at EU ikkje er einige i det standpunktet Norge og EØS/EFTA inntok i 2017.

Av respekt for dialogen med kommisjonen meiner eg det er galt å uttale meg om dei enkelte argumenta som er tema i samtalane. Samstundes er det heilt sentralt å ikkje skape unødig uro for dei tilsette i offshorenæringa og i helikopterbransjen. Dei skal derfor vite at det er regjeringas klare standpunkt at alle moglege løysingar må ta hand om det høge tryggleiknivået vi har oppnådd etter mange års systematisk arbeid.

Politisk leiing i Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet har nyleg hatt møte med representantar for dei tilsette i bransjen. I møtet var dei hensyna du tar opp heilt sentrale.

Eg meiner difor at regjeringa har god kunnskap om synspunkta til dei som denne saka har størst følgjer for, og eg vil framleis ha løypande kontakt med dei så langt det let seg gjere.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørChristoph NørgaardStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024