Ingrid Fiskaa
 svarer 
Espen Barth Eide

Vil utanriksministeren oppheva sanksjonane mot dei 27 landa Noreg allereie sanksjonerer, eller stiller Israel i ein særeigen kategori?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1168 (2023-2024)

Utanriksministeren har uttrykt at han ikkje trur på sanksjonar.

Vil utanriksministeren oppheva sanksjonane mot dei 27 landa Noreg allereie sanksjonerer, eller stiller Israel i ein særeigen kategori?

SV har fremma forslag om sanksjonar mot Israels folkerettsstridige krig mot Gaza. 6. februar vart det stemt over 30 ulike forslag til sanksjonar i Stortinget – alt frå at Noreg skal ta initiativ til internasjonal våpenembargo til å nekta valdelege busettarar på Vestbreidda innreise. Fleire av forslaga handlar om å ta initiativ til eller støtta internasjonale sanksjonar. Regjeringspartia støtta ingen av forslaga.

Utanriksministeren uttrykte både i stortingssalen under debatten om forslaga 1. februar og i media at han ikkje trur på sanksjonar fordi det gjer dialog om endring vanskeleg.

Ifølgje Utanriksdepartementet har Noreg i dag sanksjonar mot 27 ulike land og regionar. Det gjeld Afghanistan, Belarus, Myanmar, Burundi, Darfur, Haiti, Republikken Guinea, Guinea-Bissau, Irak, Iran, Jemen, Den demokratiske republikken Kongo, Libanon, Libya, Mali, Moldova, Nicaragua, Nord-Korea, Russland, Den sentralafrikanske republikken, Somalia, Syria, Sør-Sudan, Tunisia, Ukraina, Venezuela og Zimbabwe. 18 av desse er underlagt våpenembargo.

Svar fra tirsdag 13. februar 2024

Då vi debatterte dette i Stortinget 1. februar kom det tydeleg frem at regjeringa meiner det er multilaterale, globale og tvingande sanksjonar som har størst moglegheit til å påvirke ein stat til å endre adferd. Eksempel på dette er sanksjonar som FNs Tryggingsråd eller EU har vedtatt.

Noreg har totalt 31 sanksjonsforskrifter. Desse er knytt til situasjonen i særskilde land, men og tema som cyberangrep, menneskerettar og kjemiske våpen. Det varierer og om sanksjonane retter seg mot sjølve landsituasjonen, eller mot einskilde personer i eit land, eller begge deler. Dei sanksjonsregima Noreg er tilslutta, er enten sanksjonar som er vedtatt av FNs Tryggingsråd, eller dei er EU-sanksjonar. Verken Tryggingsrådet eller EU har vedtatt sanksjoner mot Israel.

Eg viser også til mitt svar på Representantforslaget frå SV DOK 8:40 S (2023-2024) og svar på skriftleg spørsmål frå Stortinget nr 640, 817 og 829.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørChristoph NørgaardStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024