Alfred Jens Bjørlo
 svarer 
Marianne Sivertsen Næss

Vil regjeringa innføre toll på russisk fisk på linje med EU?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2138 (2023-2024)

Vil regjeringa innføre toll på russisk fisk på linje med EU, eller på annan måte stoppe praksisen med at store mengder russisk fisk først blir landa i Noreg og deretter også videreforedla i Noreg og dermed gir milliard-inntekter inn i den russiske krigsøkonomien som finansierer krigen i Ukraina?

I Fiskeribladet 28.05 fremkommer det at store mengder russisk torsk videreforedles i Norge før den selges tollfritt til EU. Mens EU har innført 13 prosent toll på russisk fisk, har ikke Norge innført tilsvarende restriksjoner på kjøp av russisk fisk – enten direkte eller via tredjeland. Dermed har Russland siden fullskalainvasjonen i 2022 tjent 4,1 milliarder kroner på å lande torsk i Norge. Dette er penger som går tilbake til russiske oligarker og selskaper, som blant annet finansierer krigen i Ukraina.

Svar fra mandag 3. juni 2024

Noreg har slutta opp om EU sine restriktive tiltak mot Russland, med enkelte nasjonale tilpassingar. Naboskapen med Russland krev noko kontakt og dialog også i dagens situasjon. Mellom anna er fiskerisamarbeidet vidareført, då dette samarbeidet er ein føresetnad for berekraftig forvaltning av den viktige torskebestanden i Barentshavet.

Når det kjem til EU sitt tollregime for sjømat har dei tollsatsar for ulike sjømatprodukt frå ulike land. Russland har ikkje ei frihandelsavtale, så utgangspunktet er derfor at russisk fisk møter toll ved import i EU. For fryst russisk torsk ligg tollsatsen på 12 prosent, mens han ligg på 13,7 prosent for Alaska pollock. EU har derimot eit system med autonome tollfrie importkvotar som er etablert for å gi eigen industri tilstrekkeleg tilgang på fiskeråstoff. Mellom anna er der store tollfrie importkvotar for kvitfisk som alle land i utgangspunktet kan nytte seg av. EU har ikkje innført nye tollsatsar for russisk fisk, men har frå 2024 gjort ei endring der fisk med opphav i Russland ikkje lenger kan nytte seg av desse tollkvotane. EU har så langt med sine sanksjonar vore oppteken av å ikkje innføre strenge tiltak for handel med mat. Dette perspektivet er også til stades når EU tar vekk tollfri adgang for russisk fisk i dei autonome tollfrie kvotane, samstundes som det framleis kan handlast med fisk med russisk opphav med normal toll.

Noreg har tollfri import av all sjømat, og har derfor ikkje dei same ordningane med tollfrie kvoter for fisk som EU. Russisk fisk er vidare ikkje underlagt et generelt importforbod verken i EU eller i Noreg. Når russisk fisk vert landa i Noreg, vert størstedelen sett på tollager før den vert sendt vidare til andre marknader, inkludert EU. I 2023 vart det landa om lag 80 000 tonn fisk i Noreg frå russiske fartøy. Noko vert også importert av norsk sjømatindustri. I 2023 var det importert ca. 13 850 tonn, medan de to åra i førevegen vart importert ca. 12 600 og 14 200 tonn.

Dersom fisken vert tilstrekkeleg bearbeidd, kan han få norsk opphav og eksporterast på dei vilkåra som norsk sjømat har i ulike marknader. Fisk som går ut frå tollager, og ikkje er importert og vidare bearbeidd, vil derimot behalde russisk opphav og måtte forhalde seg til dei til ei kvar tid gjeldande handelsvilkåra ved import til EU. Det er førebels ikkje vurdert å innføre restriksjonar eller toll på russisk fisk. Vi vurderer løpande om tiltaka våre er tilstrekkelege for den situasjonen vi står i.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørChristoph NørgaardStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024