Debatt

Trine Østereng: Civitas naive tru på kommersielle aktørar

Aslak Versto Storsletten frå den borgarlege tankesmia Civita har funne eit nytt ord for venstresidas arbeid med å styrke den offentlege velferda – velferdssabotørar. Det er fyrst og fremst naivt i møte med kommersielle storselskap, skriv rådgjevar i Tankesmien Agenda, Trine Østereng, i eit tilsvar.

Å regulere kommersielle aktørar i velferda er ikkje «en kvelning av utviklingen i de ulike velferdssektorene», men ei omsorg for fellesskapet og bevisstheit rundt at fellesskapets midlar skal kome alle innbyggarar til gode i form av god velferd, skriv rådgjevar i Tankesmien Agenda, Trine Østereng, i eit tilsvar til Civita.
Å regulere kommersielle aktørar i velferda er ikkje «en kvelning av utviklingen i de ulike velferdssektorene», men ei omsorg for fellesskapet og bevisstheit rundt at fellesskapets midlar skal kome alle innbyggarar til gode i form av god velferd, skriv rådgjevar i Tankesmien Agenda, Trine Østereng, i eit tilsvar til Civita.Foto: Siw Pessar
Trine Østereng
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Partia på venstresida går i år til val på å styrke offentleg velferd, fordi det gir best kvalitet på tenestene, gir eit meir rettferdig velferdssystem som ikkje forskjellsbehandlar fattig og rik, og fordi det er betre for dei tilsette sine lønns- og arbeidsvilkår. Dei måla når ein ikkje dersom ein opnar låvedøra for fleire milliardkonsern med kommersielle interesser.

Civita-rådgjevar Aslak Versto Storsletten vil diskutere privatisering i velferda, men han startar med å karikere kva hans politiske motstandarar tar til orde for. Det fører sjeldan til ein fruktbar debatt. Han skriv at venstresida «leder sabotasjetoget» og vil ha «et offentlig monopol innen velferden».

Det er ikkje riktig. Derimot er det positive haldningar i alle parti på Stortinget til å supplere offentleg velferd med ideelle aktørar, og det er litt ulike syn i dei ulike partia på kva rolle kommersielle aktørar skal ha.

Les også

Flyttar fokus frå den største utfordringa

Å drive velferdstenester er ikkje som å drive annan privat verksemd. Den har veldig låg økonomisk risiko, fordi finansieringa er føreseieleg og kjem frå fellesskapet. Samtidig er det mogleg å tene på å kutte i lønns- og arbeidsvilkåra til dei tilsette, eller ved å berre prioritere dei lønnsamme oppgåvene.

Ein privat legeklinikk kan gi gode lønningar, men likevel tene pengar på at dei berre gjer enkle operasjonar. Blir det kompliserte oppgåver, eller det er snakk om opplæring av folk, er det det offentlege som må ta ansvaret for heilskapen. Det gir urettferdig fordeling av gode og byrder mellom velferdsaktørane, og eit klassedelt helsevesen. 

Den største trusselen mot kvalitet i velferda framover er mangel på folk.

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

Viktigast er det kanskje at denne iveren etter å privatisere flyttar fokus frå det som bør vere den viktigaste og største utfordringa for alle parti i denne kommunevalkampen – korleis får vi organisert velferda sånn at ho blir best mogleg? Korleis får vi nok fagfolk inn i desse viktige yrka? Den største trusselen mot kvalitet i velferda framover er mangel på folk. Det blir ikkje fleire folk av at ein kuttar i lønn og pensjon, som privatisering fører til.

Velferd er ikkje som andre varer og tenester

Storsletten samanlikna det å motta velferdstenester med å vere ein kunde i daglegvarebutikken. Her går det nok eit reelt skilje mellom Civitas syn på velferd og venstresidas syn på det same. Kristin Clemet har tidlegare også skrive om å velje velferdstenester som om det var å velje olivenolje på butikken.

Men velferd er ikkje som andre varer og tenester.

Det gir ikkje meining å setje to strekar mellom å vere kunde på matbutikken og i velferdstenester. Mange av menneska som får hjelp av velferdstenester i dag, er i ein sårbar situasjon og ikkje i ein posisjon der dei kan bli forstått som fullt opplyste kundar i ein marknadssituasjon. Denne konkurransen går rett inn i kvardagslivet til barn i barnehagar, skular og barnevern, og eldre med heimetenester eller på sjukeheim. Det er alle situasjonar der det er vanskeleg å seie frå om ein ikkje er nøgd med «produktet» velferdstenesta utgjer. 

Det gir ikkje meining å setje to strekar mellom å vere kunde på matbutikken og i velferdstenester. 

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

På same vis er det problematisk at mange av barna som får noko av det mest omfattande og inngripande tilbodet frå barnevernet i dag, får det frå kommersielle aktørar. Riksrevisjonen dokumenterte for nokre år sidan korleis kostnadene ved kjøp av plassar i private institusjonar hadde auka med 130 prosent frå 2016 til 2019, og at Bufetat i mange tilfelle ikkje fulgte rutinane for innkjøp.  Langt over halvparten av dei tilsette i Bufdir saknar meir kompetanse til å gjere gode innkjøp. Det gir dyre tenester, og Riksrevisjonen skriv at dette aukar risikoen for at det ikkje blir tatt nok omsyn til barnas behov.

Barn i barnehagen eller skulen har heller ikkje føresetnaden til å samanlikne tilbodet dei får med det dei ville fått hos ein offentleg aktør. Og foreldra er ikkje til stades når barna er ved desse institusjonane. Då er det vanskeleg å vurdere korleis det går på rimeleg vis. Men det som er sikkert er at dersom selskapet som gir skuletilbodet sviktar, eller går konkurs, er det barnas utdanning som blir råka. Og det er det offentlege som må kaste seg rundt og fikse eit nytt tilbod om dei private aktørane går konkurs – på fellesskapets rekning.  

Dersom selskapet som gir skuletilbodet sviktar, eller går konkurs, er det barnas utdanning som blir råka.

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

Feil medisin

Det er fleire ting å reagere på i innlegget frå Storsletten, men eg vil bruke litt plass på den naive trua på at kommersielle aktørar vil forvalte felleskapets pengar klokt. Han meiner ikkje det er riktig å kontrollere desse strengare enn i dag. Dette til tross for at historiene har stått i kø om problematiske vurderingar frå kommersielle velferdsaktørar. I Drammen valte rektoren på Akademiet å ta seg betalt med 1000 kroner i timen som konsulent for å selje pølser på 17. mai, mens resten av lærarane jobba på dugnad. 

Det bør vere eit politisk ansvar å ha kontroll over at skattefinansierte investeringar faktisk går til velferd, og ikkje tyt ut i ei rekke smutthol på vegen til innbyggarane.

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

Den same privatskulekjeda har vore i konflikt med Utdaningsdirektoratet rundt bruk av offentlege tilskot. Det endte med at Akademiet betalte tilbake ti millionar kroner for å ha solgt dyre datamaskiner til seg sjølv, samtidig som Utdanningsdirektoratet skreiv under på å ikkje undersøke kva resten av dei 1,4 milliardane av fellesskapets midlar har gått til mellom 2015 og 2019. Eigarane av barnehageselskapet Læringsverkstedet har flytta til Sveits, med milliardformuar bygd opp av velferdsaktiviteten dei har hatt i Noreg, finansiert av fellesskapet. Med flyttinga kan dei også få sjansen til å sleppe å skatte til Noreg av formuen, om dei blir i utlandet i fem år.

Det bør vere eit politisk ansvar å ha kontroll over at skattefinansierte investeringar faktisk går til velferd, og ikkje tyt ut i ei rekke smutthol på vegen til innbyggarane.

Å regulere kommersielle aktørar i velferda er difor ikkje «en kvelning av utviklingen i de ulike velferdssektorene», men ei omsorg for fellesskapet og bevisstheit rundt at fellesskapets midlar skal kome alle innbyggarar til gode i form av god velferd. Naivitet i møte med milliardselskap på veg til Sveits er feil medisin for å få til det. 

Les også

Omtalte personer

Aslak Versto Storsletten

Historiker og rådgiver, Civita

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00