Debatt

Sokkeldirektoratet: Planane for mineralverksemd ivaretar kravet om bærekraftig bruk av ressursar

Framtidig verdiskaping er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i kyst- og havområda. Me må sørge for berekraftig bruk av ressursane frå den store sokkelen vår – og frå havet. Dei planane som no er fatta for mineralverksemd, vil ivareta dette, skriv Kjersti Dahle, direktør for teknologi, analyser og sameksistens i Sokkeldirektoratet.

«Det er mange, tidvis sterke meiningsytringar om minerala frå havbotn, og mange peiker nettopp på at vi veit for lite. Difor har då og våre folkevalde bestemt at me må vite nok om både dei umiddelbare og langsiktige konsekvensane av denne aktiviteten, før det er forsvarleg å gå i gang med kommersiell utvinning», skriv Sokkeldirektoratets direktør for teknologi, analyser og sameksistens.
«Det er mange, tidvis sterke meiningsytringar om minerala frå havbotn, og mange peiker nettopp på at vi veit for lite. Difor har då og våre folkevalde bestemt at me må vite nok om både dei umiddelbare og langsiktige konsekvensane av denne aktiviteten, før det er forsvarleg å gå i gang med kommersiell utvinning», skriv Sokkeldirektoratets direktør for teknologi, analyser og sameksistens.Foto: Berit Roald/NTB
Kjersti Dahle
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Endringar er ofte krevjande. Det vil og endringa frå fossile energisystem til fornybare være. Omkring 80 prosent av all energien som blir brukt i verda, kjem frå fossile kjelder. Dersom energiomstillinga skal endre på dette, og dersom verdas befolkning skal få energien sin frå til dømes vindturbinar, solceller, batteri og overføringslinjer, ja, då er dette avhengig av store mengder mineral og metall.

Det vil krevjast langt meir mineral enn det som verda i dag produserer, og langt meir enn kva som kan gjenvinnast.

Mangedobla behov 

Det internasjonale energibyrået, IEA, estimerer at behovet for kritiske mineral vil sjudoblast innan 2050.

No har det aukande behovet for desse ressursane, desse råstoffa, fått stadig meir internasjonal merksemd. EU si «Critical Raw Material Act» og amerikanske initiativ er tydelege på at det er eit behov for større variasjon og meir sikkerheit knytt til det å skaffe desse råstoffa. IEA anslår at ein i dag importerer 98 prosent av sjeldne jordmetall og 93 prosent av magnesiumforsyninga til EU frå Kina. Kongo er og eit land ein er avhengig av for tilgang til kritiske og sjeldne mineral. Utvinninga som skjer i disse landa har i følge same rapport frå IEA mange negative konsekvensar for klima, natur, miljø og menneske.

Leiting etter mineral på havbotn er vurdert til å ikkje ha stor belastning på miljøet.

Kjersti Dahle
Direktør, Sokkeldirektoratet

Norsk bidrag 

Norge kan bidra med råstoff til energiomstillinga frå mineral på norsk sokkel. Sokkeldirektoratet sine undersøkingar indikerer at det kan væra betydelege mengder av mineral i våre farvatn.

Det er framleis mykje me ikkje veit. Når difor no Stortinget har opna for leiting av desse ressursane, er Sokkeldirektoratet overtydd om at meir kunnskap vil komme alle til gode, og vil gje forskarar, forvaltning, industri og politikare det beste grunnlaget for å vurdere eventuelt videre utvikling av minerala frå sokkelen vår. 

Kunnskap og teknologi 

Mineral på havbotn representerer ei mogleg ny næring i Norge. Mykje av kunnskapen me har tileigna oss  innan olje- og gassnæringa, kan nyttast og vidareutviklast. Norge er medlem i Den internasjonale havbotnmyndigheten (ISA), som regulerer organisert leiting etter mineral på havbotn i internasjonalt farvatn. Det eksisterer no 31 leitelisensar i internasjonalt havområde, og ISA er i gang med å utarbeide reglar og forskrifter for utvinning. Dei siste fem åra er det utført fleire testar av teknisk utstyr for utvinning. 

Sokkeldirektoratet og universitetsmiljøa i Norge har i sine undersøkingar og kartlegging av geologien på havbotn, brukt teknologi utvikla av olje- og gassnæringa. Vår erfaring med leiting, utbygging og drift av olje- og gassfelt blir essensiell for mogleg videre utvikling av teknologi relatert til mineral på havbotn. 

Les også

Grushaugar og fotballbaner 

Nokre av førekomstane av minerala på havbotnen som ein kan ta ut og nytte seg av, er det ein kallar fossile eller «utdøydde» førekomstar – oftast ser dei ut som grushaugar. Dei aktive strukturane kan bli verna. Leiting etter mineral på havbotn er vurdert til å ikkje ha stor belastning på miljøet. For å leite etter mineral på havbotn, utfører ein same type undersøkingar som når ein gjer miljøkartlegginar. 

Ved eventuell uttak av mineral frå havbotnen, vil eit utvinningsområde kanskje ikkje vere større enn nokre få fotballbanar. Så vil det gjerne vere 100 kilometer eller meir mellom kvart slikt utvinningsområde. Om det skulle bli tildelt område for utvinning av mineral, vil det og for kvart potensielle løyve bli krav om ei detaljert og prosjektspesifikk konsekvensutgreiing. 

Me har lang tradisjon for å forvalte havmiljøet og ressursane til det beste for samfunnet.

Kjersti Dahle
Direktør, Sokkeldirektoratet

Strenge krav og stegvis tilnærming 

Det er mange, tidvis sterke meiningsytringar om minerala frå havbotn, og mange peiker nettopp på at vi veit for lite. Difor har då og våre folkevalde bestemt at me må vite nok om både dei umiddelbare og langsiktige konsekvensane av denne aktiviteten, før det er forsvarleg å gå i gang med kommersiell utvinning. 

Norge er ein hav- og kystnasjon med fantastiske naturressursar. Me har lang tradisjon for å forvalte havmiljøet og ressursane til det beste for samfunnet. Vår meir enn 50 år lange utvikling av norsk olje- og gassverksemd har skjedd stegvis og basert på kunnskap. Same mal er tenkt brukt for mineral på havbotn.  

Framtidig verdiskaping er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i kyst- og havområda. Me må sørge for berekraftig bruk av ressursane frå den store sokkelen vår – og frå havet. Dei planane som no er fatta for mineralverksemd, vil ivareta dette. 

Les også


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00