Debatt

Agenda-rådgjevar: Det bør bli lettare å bu åleine

Folk bør ikkje tvingast ut på Tinder for å få ein trygg økonomisk situasjon, skriv Trine Østereng, rådgjevar i Tankesmien Agenda.

«Politikken bør ta utgangspunkt i at alle kan få leve gode liv, med eller utan ein partner. Og tar vi eit singelpolitisk sveip over ulike delar av samfunnet, ser vi at det er ei rekke utfordringar å ta tak i», skriv Agenda-rådgjevar Trine Østereng. 
«Politikken bør ta utgangspunkt i at alle kan få leve gode liv, med eller utan ein partner. Og tar vi eit singelpolitisk sveip over ulike delar av samfunnet, ser vi at det er ei rekke utfordringar å ta tak i», skriv Agenda-rådgjevar Trine Østereng. Foto: Siw Pessar
Trine Østereng
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Akkurat no pågår det ein debatt om singelpolitikk. Sist ute var Civitas Eirik Løkke, som i Altinget skreiv at singelpolitikk er ein dårleg idé. Det er rart, med tanke på at stadig fleire av oss lever i utradisjonelle familiefellesskap.

På 1970-talet var det kanskje mogleg å treffe store delar av folket ved å ta utgangspunkt i kjernefamiliar med mor, far og barn, men verda er ikkje sånn lenger. No lever vi mykje meir mangfaldig. Det er bra at vi lever i ei tid der det er mogleg å gå frå ulukkelege forhold, eller å sleppe å måtte gifte seg med nokon etter ei tilfeldig natt som ga ein positiv graviditetstest. Mange lever også åleine med eit ynskje om å finne ein partner på sikt, men det har ikkje klaffa enno. Og mange er barn av åleineforsørgjarar. Alt dette bør gi grunnlag for meir singelpolitikk. 

Les også

Det handler ikkje berre om tal

Tala viser oss at det er mange folk det er snakk om. Over ein million av oss bur åleine.  

Men dette handlar ikkje berre om tal. Det er også eit prinsipielt spørsmål. Politikken bør ta utgangspunkt i at alle kan få leve gode liv, med eller utan ein partner. Og tar vi eit singelpolitisk sveip over ulike delar av samfunnet, ser vi at det er ei rekke utfordringar å ta tak i.

Eit overordna trekk ved desse utfordringane er at dei handlar om økonomi, og at dei gjer det vanskelegare for folk som faktisk ynskjer å bu åleine å gjere nettopp det. 

Politikken bør ta utgangspunkt i at alle kan få leve gode liv, med eller utan ein partner. 

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

For eksempel har vi ein bustadmarknad som er lettare å navigere i som par, enn som åleinebuande. Det viser for eksempel den årlege sjukepleiarindeksen, som seier noko om kva slags bustad ein nyutdanna sjukepleiar kan ha råd til. Sjølv om sjukepleiarar har relativt god lønn sett opp mot ei rekke andre yrke, kan dei med utgangspunkt i den berre kjøpe 2,4 prosent av bustadane i Oslo i dag. Det gjer det omtrent umogleg å vere åleine å få kjøpe seg ein stad å bu i Oslo i dag, med mindre ein har arva eller har nokon å kjøpe saman med.

Samtidig har vi innretta skattesystemet vårt sånn at folk som har klart å kome seg inn på bustadmarknaden får store skattelette frå staten, i form av rentefrådrag. Det er i praksis ei sponsing av dei som har pengar, ofte i par, mens dei som leiger og sparer med håp om å ein dag kunne kjøpe noko eige ikkje får tilsvarande skattekutt.

Høgst teoretisk fridom til samlivsbrot

Studerer vi nivået på trygdene hos NAV og lønningar i låglønnsyrka, ser vi at dei er såpass låge at dei kan vere vanskeleg å basere seg på åleine. Ei rekke av NAV-stønadene er under fattigdomsgrensa. Det er ikkje uvanleg at folk som går på stønader frå NAV i praksis er avhengige av økonomisk støtte frå partner for at livet skal gå rundt, og ein skal ha råd til ferie, for eksempel. Vi har også ei gruppe med arbeidstakarar i full jobb som likevel har låge lønningar som gjer det sjanselaust å kunne kjøpe ein eigen bustad i Oslo. Den økonomiske sanninga kan gjere at fridomen til å gå frå eit forhold kan bli høgst teoretisk. 

Den økonomiske sanninga kan gjere at fridomen til å gå frå eit forhold kan bli høgst teoretisk.

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

For det tredje veit vi at familiar er overrepresenterte på fattigdomsstatistikken. Er du barn og veks opp med ein åleineforsørgar, er det større sjanse for at du er fattig enn om du vaks opp i ein annan familie. Vi har tung forsking på at ein barndom i fattigdom aukar sjansen for ei lang rekke utfordringar seinare i livet, både knytt til helse, framtidshåp og tilknyting til arbeidslivet. Det legg også ein ekstra byrde på ein som ynskjer å gå frå eit forhold: Er dette brotet såpass viktig at det rettferdiggjer at barna får ein økonomisk tøffare oppvekst, med dei konsekvensane det fører med seg?

Tidlegare hadde vi overgangsstønaden, som var ei ordning for å hjelpe folk med foreldreansvar økonomisk gjennom perioden etter samlivsbrot. Det var eit økonomisk pusterom som gjorde det mogleg å forlate ein partner samtidig som ein fekk eit midlertidig pusterom til å ta ei utdaning som gjorde det mogleg å forsørge seg sjølv med høgare lønn og meir føreseieleg arbeidstid. Denne ordninga har blitt stadig meir kutta og redusert, og er i dag ei skygge av seg sjølv. Resultatet er at vi i dag i langt mindre grad har eit økonomisk tryggleiksnett for dei som har barn og treng å gå frå eige forhold.

Den verkelege verda er kompleks 

På sitt mest alvorlege kan denne økonomiske ufridomen også få konsekvensar for liv og helse. 2024 har vore eit år der vi gong på gong har lest om kvinner som har blitt drepne av tidlegare partnerar. Samtidig veit vi at dette er toppen av isfjellet. Det er framleis mange som lever under same tak som valdelege partnarar. Noko av det som veg inn i vurderinga av kva dei skal gjere no, er den økonomiske tryggleiken på den andre sida. Har vi ikkje høge nok lønningar og stønader til at det er realistisk å klare seg sjølv, er det eit problem. 

Kanskje hadde langt fleire av oss faktisk valt å bu åleine, om det var meir realistisk for fleire å klare seg på eiga hand økonomisk også.

Trine Østereng
Rådgjevar, Tankesmien Agenda

Nokon kan tenkje at det å bu åleine er sjølvvalt, og at dei som vel dette må ta ansvar for dette sjølv. Den verkelege verda er langt meir kompleks. Kanskje hadde langt fleire av oss faktisk valt å bu åleine, om det var meir realistisk for fleire å klare seg på eiga hand økonomisk også. For sjølv om det er mange som sveiper på Tinder og er på utkikk etter nokon å etablere seg med, så bør gleda over match handle om romantiske kjensler, meir enn eit håp om å endeleg få ein trygg økonomi.

Statistikken viser oss i alle fall at det er mange som lever åleine og ikkje som ein tradisjonell kjernefamilie. Då bør politikkens oppgåve vere å legge til rette for at det er eit val ein kan ta, med gode levekår etterpå. 

Omtalte personer

Eirik Løkke

Rådgiver, Civita
master i historie (Universitetet i Bergen, 2006), delfag jus i EMK-rett (Universitetet i Bergen, 2005), bachelor i statsvitenskap (Universitetet i Bergen, 2003)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00