Ingjerd Schou
 svarer 
Geir Pollestad

Hvordan vil regjeringen sikre vern av særlig myr, dyrkbar mark og skog?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1301 (2023-2024)

Indre Østfold kommune har i behandlingen av sin arealplan godkjent at det kan bygges motorsportanlegg på et areal som består av 200 mål dyrkbar mark, inkludert 72 mål myr, samt 100 mål skog med god produksjonsevne (bonitet). Regjeringen har for kort tid siden endret målet for hvor mye dyrka mark som kan omdisponeres hvert år fra 4 000 til 2 000 dekar.

Hvordan vil regjeringen sikre vern av særlig myr, dyrkbar mark og skog?

Svar fra onsdag 28. februar 2024

Eg forstår spørsmålet slik at det gjeld vern mot nedbygging av særleg myr, dyrkbar mark og skog, sidan det er vist til ei slik sak frå Indre Østfold kommune. Anna slags vern, som for eksempel vern etter naturmangfoldlova, vil eg ikkje kommentere her.

I eit nyleg felles brev frå kommunal- og distriktsminister Erling Sande og meg, gjer me kommunepolitikarane merksame på det ansvaret kommunane har for at Noreg skal nå målet om å bygge ned mindre matjord og ta vare på evna til å produsere mat. I brevet blir det vist til at me har låge reservar av jord som kan dyrkast opp, og lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Dyrkbar mark blir òg omtala i den nyleg vedtekne nasjonale jordvernstrategien. Der står det mellom anna at det er viktig å redusere nedbygginga av dyrkbar mark, og at det på lang sikt er mindre grunn til å skilje mellom dyrka og dyrkbar mark.

I dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging 2023–2027 står det at regjeringa forventar at ein unngår omdisponering og nedbygging av karbonrike areal som myr og skog så langt som mogleg, slik at areala sin evne til å lagre og ta opp karbon blir halden oppe. Det står òg at viktig naturmangfald og jordbruksareal skal bli kartlagd og sikra i planlegginga. I tillegg ber regjeringa om at kommunane vurderer om tidlegare godkjend arealbruk skal bli endra av omsynet til klima, natur og jordvern.
Regjeringa arbeider med å revidere dei statlege planretningslinene for bustad-, areal- og transportplanlegging. Retningslinene vil gje viktige føringar om nedbygging av skog, myr og jordbruksareal.

Som svar på eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet greia ut eit forslag om forbod mot nedbygging av myr. Forslaget frå Miljødirektoratet er eit ledd i oppfølginga av eit oppmodningsvedtak frå Stortinget frå desember 2022. Forslaget er no til vurdering i Klima- og miljødepartementet.
Kommunane har ei heilt sentral rolle i arbeidet med å ta vare på jordbruksareal, skog og myr, fordi det er dei som er den lokale planstyresmakta, og i hovudsak avgjer arealbruken i kommunane. Likevel skal statsforvaltaren vareta regjeringa sine interesser i denne typen saker, om kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad gjer det.

Eg meiner at det viktigaste kommunestyra kan gjere, er å sørge for at kommunen har oppdaterte planar som tar nedbygginga av areal på alvor. Gjennom god arealplanlegging, kan kommunane bidra til å ta vare på verdifulle jordbruksareal, skog og myr. Om me skal nå jordvernmålet og dei andre måla for arealbruk, må fleire av kommunane føre ein strengare politikk for nedbygging av areal.


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00