Hege Bae Nyholt
 svarer 
Oddmund Løkensgard Hoel

Har statsråden ein oversikt over kor mange studentar som har fått sine åndsverk ulovleg lasta opp i plagiatkontrollen?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1313 (2023-2024)

Har statsråden ein oversikt over kor mange studentar som har fått sine åndsverk ulovleg lasta opp i plagiatkontrollen, og kva vil statsråden gjera for å retta opp i dette potensielle lovbrotet?

VG skriv 21.02.24 om korleis fleire univeitet og høgskular kan ha nytta studentoppgåver ulovleg i plagiatkontrollsystemet. Som resultat av manglande samtykkje, meiner både advokat Magnus Stray Vyrje og førsteamanuensis ved UiB, Torger Kielland, at denne praksisen bryt med opphavsretten. Vyrje seier til VG at studentane som er råka av dette brotet på opphavsretten, kan ha krav på fleire hundre millionar kroner i vederlag.

Svar fra onsdag 28. februar 2024

Den aktuelle plagiatkontrollen, Ouriginal, er skaffa av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) gjennom at det er inngått ei rammeavtale. Det er universiteta og høgskolane som har inngått avtalar om bruk av tenesta, og er ansvarlege for bruken av tenesta.

Departementet har ikkje oversikt over kor mange studentar som kan ha fått sine åndsverk lasta opp i plagiatkontrollen.

Departementet har dialog med Sikt om vidare avklaringar og oppfølging.


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00