Ingrid Fiskaa
 svarer 
Anne Beathe Tvinnereim

Korleis vil statsråden sikra utviklingsland sine interesser når Noreg har handa på rattet for ein ny skattekonvensjon i FN?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1807 (2023-2024)

Utviklingsministeren skriv i Panorama at Noreg skal vera ein brubyggar mellom det det globale Sør og Nord i det internasjonale skattesamarbeidet. Men Noreg sitt skriftlege innspel til rammene for ein ny skattekonvensjon i FN er snarare ein blåkopi av OECDs gamle posisjon enn ei bru til det store fleirtalet av utviklingsland.

Korleis vil statsråden sikra utviklingsland sine interesser når Noreg har handa på rattet for ein ny skattekonvensjon i FN?

Den 22. november i fjor vedtok FN ein resolusjon om internasjonalt skattesamarbeid. Vedtaket var eit historisk gjennomslag for det store fleirtal av land i verda som ynskjer å tetta skattehol og stoppa kapitalflukta frå det globale Sør. Noreg er med på å skriva mandatet for arbeidsgruppa som skal ta dette viktige arbeidet vidare.

Regjeringa har ved fleire høve og seinast i Panorama den 12. april sagt at Noreg skal vera ein brubyggar i dette arbeidet. Ei slik rolle bygger på Noregs sterke posisjon som ein uavhengig og tydeleg aktør i skattesamarbeid, som ofte har stått nær utviklingsland sine posisjonar. Den balanserte brubyggarrolla vert likevel ikkje reflektert i Noregs nyaste innspel til forhandlingane om mandatet for ein skattekonvensjon i FN. Innspelet er nesten blotta for forslag som kan bidra til den konstruktive dialogen ein brubyggar bør legga til rette for. På denne måten set Noreg seg på sidelinja sidan andre land i same innspelsrunde bidrog med konkrete innspel.

Noreg har også ein lang tradisjon for å ha ein konstruktiv dialog med land i sør om skattespørsmål. I Utanriksdepartementets rapport “Et nytt rammeverk for utviklingspolitikken” vert dette løfta fram som eit fortrinn Noreg kan bruka for å styrka utviklingslands perspektiv i internasjonale prosessar. Men utviklingslands interesser vert ikkje anerkjent i det nemnte innspelet om skattekonvensjonen.

Problema med skatteunndraging og ulovleg kapitalflyt kan ikkje løysast av kvar stat aleine, eller av ein avgrensa organisasjon som OECD, men berre på ein open og legitim arena der alle statar kan forhandla på like fot. Noreg bør derfor bruka rolla si til å legga til rette for ein så sterk skattekonvensjon som råd i det multilaterale organet FN.

Svar fra torsdag 25. april 2024

Noreg har tatt eit leiarskap innan internasjonalt skattesamarbeid og kampen mot ulovleg kapitalflyt. Dette er knytt til regjeringa sin innsats mot ulikskap og heng saman med målet om å oppnå berekraftsmåla. Vår ambisjon er å vere ein brubyggar, slik representanten skriv, óg i det konkrete arbeidet i skattebyrået som driv arbeidet framover.

Noreg sitt langvarige engasjement og gode omdømme på dette området gir truverd til våre forsøk på å samle medlemsland rundt felles mål i denne viktige og krevjande prosessen. Vi er opptatt av at prosessen i FN skal bidra til eit globalt skattesystem som sikrar rettvis innsamling av skatt for alle, med særlig vekt på utviklingsland sine behov for ressursmobilisering.

For å nå målet må vi ha med oss både utviklingsland og vestlege land. FN gir plattforma for dette. Noreg har til dømes nyleg sett i gang ein møteserie saman med Mexico som opplyser om eksisterande multilateralt skattesamarbeid, og identifiserer område der ein skattekonvensjon kan gjere skattesystemet meir effektivt og inkluderande.

For at prosessen i FN skal ha brei legitimitet blant alle medlemslanda, er det viktig at både arbeidet med mandatet for forhandlingane, og dei kommande forhandlingane om rammekonvensjonen, bygger på eit godt analytisk grunnlag som særleg kartlegg utviklingslands behov og prioriteringer på skattefeltet.
Av den grunn har Noreg tatt til orde for ei nærare utgreiing av det eksisterande rammeverket for internasjonalt skattesamarbeid. Dette meiner vi vil sikre at dei vidare forhandlingane omfattar tema som er eigna for ein rammekonvensjon som gir merverdi i det internasjonale skattesamarbeidet, og som kan støtte målet om å forbetre nasjonal ressursmobilisering for utviklingsland. Noreg har denne gongen spelt inn tre konkrete forslag. Det eine forslaget gjeld skattlegging av såkalla high net worth individuals og auka tilgang til informasjon om verdiane deira. I tillegg har vi spelt inn forslag om miljøskattar og meirverdiavgift. Vi ser fram til å vurdere andre innspel i dialog med FN sine medlemsland.

Skattediskusjonane er både sensitive og polariserte langs nord/sør-skiljelinjer. Som brubyggar i prosessen arbeider vi for at medlemslanda samlar seg i eit interessefellesskap for eit meir effektivt og inkluderande skattesamarbeid. Ein slik framgangsmåte vil også gi medlemslanda i FN betre føresetnader for å samlast om ein handlingsdyktig og konsensusbasert prosess for global skatt når vi beveger oss inn i neste fase. Vi har òg lagt vekt på behovet for tettare samarbeid mellom OECD og FN på skattefeltet. Nyleg arrangerte vi eit møte med medlemslanda og dei to organisasjonane for å vise nytten av auka multilateral koordinering på feltet.
Dersom ein prosess for ein framtidig skattekonvensjon skal kome kritikken av det noverande skattesystemet i møte, er det heilt avgjerande med eigarskap og legitimitet frå eit samla FN. Samla sett meiner vi denne tilnærminga er den beste for å sikre alle land sine interesser, særleg dei til utviklingslanda. Vi meiner brubyggarrolla kjem best til uttrykk ved ei brei og langsiktig tilnærming langs fleire spor.

0:000:00