Spaltist:  
Bård Vegar Solhjell

Ein milliard val

Verdsmeisterskapen i organisering skjer i India nett no. 19. april starta valet i det største demokratiet i verda. Eit indisk val er ikkje noko for den som fryktar plunder og heft, skriv Bård Vegar Solhjell. 

India er i ei brytingstid, kor kampen om å definere India si framtid tetnar til. Dei neste vekene skal over ein milliard menneske gå til valurnene. 
India er i ei brytingstid, kor kampen om å definere India si framtid tetnar til. Dei neste vekene skal over ein milliard menneske gå til valurnene. Foto: Norad
Bård Vegar Solhjell

No kan 969 millionar menneske bruke sin stemmerett i verdas største demokrati, India. Der står plassen til deira populære og omstridde statsminister, Narendra Modi, på spel. Det er fleire menneske enn i USA, Russland og EU til saman.

Eit indisk val er ikkje noko for den som fryktar plunder og heft. Enorme menneskemengder, store pengar og kaotisk stemning pregar valkampen. Ein million vallokale skal vere i sving fram til 1. juni. Tre dagar etter skal resultatet vere klart.

Så er då India meir eit kontinent enn eit land. 22 offisielle språk, hundrevis av levande kulturar og språk og enorme sosiale og geografiske skilje. I nord verdas største delstat, Uttar Pradesh – men også ein region med stor fattigdom. I sør Bangalore, eit teknologisk knutepunkt som ikkje står tilbake for Silicon Valley. 

Å vere i India er som å vere både i fortida og framtida samstundes. Biletet til denne spalta er teke i Bangalore. Ein mann er på jobben sin – han skriv brev på skrivemaskin (hugsar du skrivemaskina?) for menneske som ikkje kan skrive, eller som ikkje kan det språket dei må sende brevet på. Gammaldags teknologi, basert på at India framleis har mange analfabetar.

Eit indisk val er ikkje noko for den som fryktar plunder og heft.

Bård Vegar Solhjell
Norad-direktør og spaltist i Altinget

Men legg merke til QR-koden på maskina. Det er ei betalingsløysing, der ein kan betale digitalt med mobilen sin. Høgtalaren på sida kan ein kople seg til via ein app på mobilen. Appen kan omsetje mellom språk, slik at dei som skal betale – men ikkje kan det lokale språket – ikkje blir lurt. Skrivemaskina viser ny og gamal teknologi og kultur i eit enkelt bilete. Det er og eit bilete på eit India i brytingstid, kor kampen om å definere India si framtid tetnar til.

Har falle på demokratiske indeksar

Statsminister Narendra Modi er hovudpersonen i valet. Under leiinga hans har India falle på demokratiske indeksar, men har scora høgare på målingar av levestandard, digitalisering og helse. Den indiske statsministeren legg vekt på eit enkelt levesett for eigen del, men vil gjerne promotere India som ei stormakt i verda. I fjor la han fram det indiske ønsket om å vere vertskap for OL i 2036. I hans tid har India vore president i G20, og leiarane i G20-landa møttest for første gong på indisk jord. 

Statsminister Narendra Modi er hovudpersonen i valet. Under leiinga hans har India falle på demokratiske indeksar.
Statsminister Narendra Modi er hovudpersonen i valet. Under leiinga hans har India falle på demokratiske indeksar. Foto: NTB/REUTERS/Navesh Chitrakar

India har no passert Kina i folketal og er den mest folkerike staten i verda. Landet har gjort store sosiale og økonomiske framsteg. 415 millionar menneske kom seg ut av fattigdom i perioden 2006 til 2021. India husar likevel den største befolkninga i verda av ekstremt fattige, men talet er på veg ned og prognosar tyder på at Nigeria og Kongo vil passere India på denne negative statistikken. 

Les også

India-hjelp frå 1952

India var det første landet som fekk norsk bistand i moderne forstand. India-hjelpa som starta i 1952 var eit prosjekt som skulle modernisere og effektivisere fisket i den indiske delstaten Kerala. Store delar av prosjektet var vellykka, men ikkje alt. Pressebilda av rustne norske fiskebåtar trekte opp på stranda, etsa seg inn i bildet av norsk bistand.

Bistandshistorikaren Jarle Simensen skriv i verket sitt om bistandshistoria, at norsk opinion ikkje var førebudd på at eit optimistisk norsk prosjekt kunne støyte på problem. Derfor vart Kerala eit symbol på feilslått bistand. 

Pressebilda av rustne norske fiskebåtar trekte opp på stranda, etsa seg inn i bildet av norsk bistand.

Bård Vegar Solhjell
Norad-direktør og spaltist i Altinget

No, 72 år seinare, er det heilt andre norske bistandsinnsatsar i India. Landet sa eit profilert nei til  bistand frå 2003, men mottek likevel betydeleg bistand til sivilt samfunn, næringsliv og myndigheiter.

Partnarskap med Noreg

For Noreg sin del er det to tiltak som peikar seg ut. Eitt av dei er Norway-India Partnership Initiative (NIPI). NIPI vart starta i 2006 i samband med statsminister Jens Stoltenberg sitt besøk i landet. Den globale helse-giganten Tore Godal var arkitekten. Noreg skulle støtte arbeidet til den indiske regjeringa med å forbetre helsetilbodet til gravide kvinner og nyfødde på landsbygda.

NIPI-prosjektet har reist ein hær av gode hjelparar, med kvinnelege helse-soldatar som blir kalla Ashaer. Bak seg har dei den nødvendige opplæring i nyføddmedisin og kvinnehelse. Dei går til fots frå landsby til landsby og gjev kvinner råd om barnestell, amming og vaksinar. Ei viktig oppgåve er å få kvinner til å føde på sjukehus og ikkje i heimen. 

Valet tek seks veker. Det er eit verdsmeisterskap i organisering. Her får 89-år gamle Rubi Paul stemme heime. 
Valet tek seks veker. Det er eit verdsmeisterskap i organisering. Her får 89-år gamle Rubi Paul stemme heime.  Foto: AP Photo/Anupam Nath/NTB

NIPI-prosjektet har særs gode resultat og er vidareført i ei rekke regionar. India har hatt ein formidabel nedgang i barnedøying dei siste tiåra, noko det norske prosjektet har gitt bidrag til.

Digitalt føregangsland

Noreg er tungt inne i arbeidet med digitale fellesgode og digital infrastruktur i Digital Public Goods Alliance. Her er India eit føregangsland. Nesten alle 1,4 milliardar indarar har no ein digital ID som gjev tilgang til digital betaling og sosiale stønadssystem. Dette har gjeve store framsteg i fattigdomsnedkjempinga India arbeider med. 

India gav seg i kast med å skaffe ein digital ID til alle – og klarte det. Ikkje rart dei også toppar verdsmeisterskapen i valorganisering kvart femte år. 

Bård Vegar Solhjell
Norad-direktør og spaltist i Altinget

Systemet, som blir kalla Aadhaar – fundament på hindi – har kosta omtrent ein dollar per innbyggjar. Med andre ord er dette ein stor utviklingsgevinst for moderate midlar. Dette gjer den indiske erfaringa med digitalisering svært relevant for mange andre land. Støtte til digitale fellesgode har vist seg å vere ein rask og kostnadseffektiv måte å skape utvikling og å nå fram til dei mest sårbare og forbigåtte i utviklingsprosjekt. Nettopp derfor er Noreg den største gjevaren til ID-systemet MOSIP (Modular Open Source Identity Platform) som gjev land høve til å få på plass ein liknande digital ID gratis, med open kjeldekode på ein sikker og transparent måte.

India gav seg i kast med å skaffe ein digital ID til alle – og klarte det. Ikkje rart dei også toppar verdsmeisterskapen i valorganisering kvart femte år. 

Omtalte personer

Bård Vegar Solhjell

Direktør, Norad
Cand.polit. (Universitet i Oslo, 2000)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00