Bli abonnent
Annonse
Debatt

Ingen insinuasjon om menneskerettar og handel

«Vil forverra forhold for dei forfølgde i India få følgjer for ein avtale som, ifølgje Støre, kan bli den viktigaste for Noreg etter EØS-avtalen? Eg har ikkje fått svar,» skriv redaktøren i Stefanusalliansen.
«Vil forverra forhold for dei forfølgde i India få følgjer for ein avtale som, ifølgje Støre, kan bli den viktigaste for Noreg etter EØS-avtalen? Eg har ikkje fått svar,» skriv redaktøren i Stefanusalliansen.Foto: Stefanusalliansen og Terje Pedersen/NTB
26. mars 2026 kl. 05:00

Dette er en meningsytring, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Eg takkar Espen Emil Thygesen i Tankesmien Agenda for kommentar til kronikken min om India, handel og menneskerettar. Han skriv at eg «går langt i å insinuere» at Norge burde gjera meir for å kjempa mot menneskerettsbrot i India ved hjelp av handelspolitikk.

Sjølv såg eg ikkje på etterlysinga i kronikken min som ein insinuasjon. Eg spurde derimot utanriksminister Espen Barth Eide kvifor han var taus om menneskerettsbrot i India då han omtalte handelsavtalen i Stortinget 3. mars.

Støre knytte handel til menneskerettar

Eg har ikkje teke standpunkt til sanksjonar. Heller ikkje er eg mot handelsavtalar. Derimot må eg minna Thygesen om at det ikkje var eg som knytte menneskerettar i India til handelsavtalen mellom Efta og India. Det var det statsminister Jonas Gahr Støre og regjeringa som gjorde.

Då regjeringa i mars 2024 kunngjorde handelsavtalen mellom Efta og India, vart det i pressemeldinga lagt vekt på dette:

«For første gang har India akseptert å innlemme en henvisning til menneskerettighetene i en handelsavtale.»

Og statsminister Støre vart sitert på dette:

«Menneskerettigheter er en sentral del av norsk utenrikspolitikk. Det har derfor vært viktig for Norge å inkludere menneskerettigheter og internasjonale miljøkonvensjoner som en del av avtalen.»

Sidan den tid har eg fleire gonger spurt kva dette inneber. Kva har India forplikta seg til? Korleis vil Noreg følgja opp? Vil forverra forhold for dei forfølgde i India få følgjer for ein avtale som, ifølgje Støre, kan bli den viktigaste for Noreg etter EØS-avtalen? Eg har ikkje fått svar.

At Barth Eide ikkje sa noko om menneskerettar då han omtalte handelsavtalen i Stortinget 3. mars, fekk meg til å fornya spørsmåla. 

Les også

Taus om menneskerettar i Vietnam

Slike spørsmål blir etter mitt syn viktigare og viktigare sidan Noreg og andre land i stor fart inngår nye handelsavtalar for å skaffa seg stabile partnarar i ei meir ustabil verd. I Stortinget den 3. mars varsla Barth Eide også at forhandlingane om ein handelsavtale med Vietnam skal koma i mål i år. Han sa ikkje eit ord om menneskerettar der heller.

Vi i Stefanusalliansen kjenner modige og fredelege vietnamesiske aktivistar som sit fengsla med dommar på 10 og 12 år, eller er etterlyste av det brutale regimet i Hanoi. Utviklingsminister Åsmund Aukrust gjesta Hanoi den 10. februar. Det stod ikkje eitt ord om menneskerettar då departementet kunngjorde at «Norge og Vietnam inngår nytt grønt partnerskap». Dette grøne partnarskapet inneheldt mange viktige element, inkludert handel, næringsliv og viktig kamp mot plastforsøpling, men altså ikkje noko om menneskerettar.

Eg etterlyser kva som skjer i den menneskerettsdialogen Noreg har hatt med Vietnam i mange år. Kjem det noko som helst ut av den? 

Eg er uroleg for at menneskerettar er noko det vert snakka lite om i jakta på nye partnarskap i ei verd i sterk endring.

Johannes Morken
Redaktør, Stefanusalliansen

I kø til Beijing

Også her i landet er det dei som vil at Noreg skal ta opp att forhandlingane med Kina om ein frihandelsavtale, trass i dei grove brot på menneskerettar – med konsentrasjonsleirar i Xinjiang, eit massivt overvakingssamfunn og fengsla pastorar og prestar – i det vi med rette kan kalla eit diktatur.

Det er påfallande kor mange vestlege leiarar som har gjesta Beijing etter at president Donald Trump sette gamle venskap, naboskap og partnarskap i farleg spel med alt han hadde av trugsmål og andre verktøy. Canadas statsminister Mark Carney er ein av dei som har besøkt Xi Jinping. Det var Carney som i Davos i vinter sa at «dersom vi ikkje sit ved bordet, hamnar vi på menyen».

Eg skulle gjerne spurt Carney kva han vil gjera for dei som ikkje sit ved bordet i diktaturet Kina, men som har hamna på Xi Jinpings grådige meny. Kva plass har menneskerettane til uigurane, til forfølgde muslimar og kristne, til aktivistar for menneskerettar, i forhandlingar om handel og andre partnarskap? Blir menneskerettane trengde til sides? 

Les også

Treng open samtale

Carney når eg neppe med slike spørsmål. Men er Thygesen av dei som meiner at ein frihandelsavtale med Kina er ein god ide sjølv om det går heilt feil veg med menneskerettane? Og skal i så fall menneskerettar ikkje inkluderast i ein slik avtale?

Eg er uroleg for at menneskerettar er noko det vert snakka lite om i jakta på nye partnarskap i ei verd i sterk endring. Kva vi skal gjera for å unngå det, har ikkje eg klare svar på. Men ein open samtale etterlyser eg om det som Finlands Alexander Stubb har kalla «verdibasert realisme».

Det kan vera Thygesen har rett i at sanksjonar i ein handelsavtale er ein dårleg veg å gå. Men kva andre svar har han enn dialog frikopla viktige forhandlingar? Eg er uroleg for kva signal vestlege leiarar no i flokk og følgje sender dei som vert forfølgde enten det er i India, Vietnam eller Kina og som kjenner eg gløymde i geopolitikk, handelspolitikk og tryggingspolitikk. 

Les også

Annonse
Annonse

Innsikt

Annonse
Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977red@altinget.no
Sjefredaktør:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie Kindberg
Copyright © Altinget, 2026