Spaltist:  
Bård Vegar Solhjell

Mennesket har føter, men gror røter

Å vere menneske er å leve i spennet mellom rituale, stabilitet og vane på den eine sida, og endring, krise og oppbrot på den andre sida. Vi er planta i vårt samfunn og familie, vi har røter. Men vi er også i stand til å bryte ut av undertrykking, fattigdom eller meiningslause, både privat og i samfunnet. Vi har føter til å endre vår eigen situasjon og samfunnet. 

 Å gjere ei geografisk endring i livet har vore eit rasjonelt val og å flytte på seg er ein del av det å vere menneske. Migrasjon er stabilt til stades, sjølv om det også går i bølgjer, skriv spaltist i Altinget og direktør i Norad, Bård Vegar Solhjell. 
 Å gjere ei geografisk endring i livet har vore eit rasjonelt val og å flytte på seg er ein del av det å vere menneske. Migrasjon er stabilt til stades, sjølv om det også går i bølgjer, skriv spaltist i Altinget og direktør i Norad, Bård Vegar Solhjell. Foto: Montasje: REUTERS / El Tayeb Siddig / NTB / Nadia Fransen / Norad
Bård Vegar Solhjell

Gjennom hundreåra levde dei fleste menneske stabile liv, lik dei foreldre og besteforeldre hadde før dei. Annleis no, der vi kan oppleve at samfunnet og vilkåra for det – og dermed vårt liv – endrar seg dramatisk i løpet av eit menneskeliv. Nyleg døydde 100 år gamle Henry Kissinger. Då han vart fødd var den første verdskrigen så vidt over, Lenin leidde Russland, tuberkulose var den vanlegaste dødsårsaka i USA (og Noreg) og fjernsynet ikkje funne opp. For dei fleste menneske er endring det nye stabile.

Spaltistene i Altinget Løvebakken

Hver uke skriver sentrale stemmer om politikk, demokratiutvikling og aktuell samfunndebatt i Altinget Løvebakken. 

Spaltistene som veksler mellom å skrive er: 

  • Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad, tidligere generalsekretær i WWF, miljøvernminister, kunnskapsminister, stortingspolitiker og nestleder i SV. 
  • Monica Mæland, administrerende direktør i Bergen Næringsråd, tidligere justis- og beredskapsminister, næringsminister og kommunal- og moderniseringsminister, stortingspolitiker og byrådsleder fra Høyre.
  • Hadle Bjuland, leder i Kristelig Folkepartis Ungdom.
  • Jette F. Chrisensen, skribent og statsviter, tidligere stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet. 
  • Johannes Bergh, forskningsleder ved Institutt for Samfunnsforskning. 
  • Andreas C. Halse, fagsjef i Tankesmien Agenda

Men. Migrasjon er ikkje nytt. Til alle tider har vi vandra. Flytta frå fattigdom og elende, utarming av jord og krig – eller berre til nye moglegheiter og betre jaktmarker. Å gjere ei geografisk endring i livet har vore eit rasjonelt val og å flytte på seg er ein del av det å vere menneske. Migrasjon er stabilt til stades, sjølv om det også går i bølgjer.

Gjev nesten alltid eit betre liv 

Årsaka er nok den kollektive erfaringa – at migrasjon nesten alltid gjev eit betre liv. Over tid. Men det skaper også konflikt.

Det vil krevje noko både av avsendar- og mottakarland, og blir neppe konfliktfritt i framtida heller.

«We are here, because you were there» stod det på ein plakat Paul Scheffer såg under ein demonstrasjon i London. Unge innvandrar demonstrerte mot rasisme, og påpeika det openberre: Mange av dei var der fordi det britiske imperiet hadde vore I India, Jamaica, Kenya og andre delar av verda.

Kraftig reiskap for utvikling

Sidan migrasjon er ei så vanskeleg sak, er det fortenestefullt at Verdsbanken har tatt tak i temaet på ein roleg, nøktern og løysingsorientert måte. Det gjeld i underkant av 200 millionar menneske, av dei 37 millionar flyktningar. I rapporten til banken, som heiter «Migrants, refugees and societies», heiter det at migrasjon på verdsbasis har vist seg å vere ein kraftfull reiskap for utvikling. Noko som har betra livet for hundrar av millionar migrantar, deira familiar og samfunn. Og om det blir handtert godt, kan migrasjon fortsetje å gje betre levekår og såleis bidra til å oppfylle Berekraftsmåla til FN. 

Noko som verkeleg ville ha monna i høve til migrasjon og private overføringar, er om gebyra på pengetransaksjonar gjekk ned.

Bård Vegar Solhjell
Direktør, Norad

Ein grunn til at migrasjon fører med seg auka levestandard er dei store private overføringane av pengar til familiemedlemer i heimlandet. Dette er enorme beløp. Det dreiar seg om tre gongar så mykje som all internasjonal bistand og meir enn all privat investering i låg- og mellominntektsland.

Til dømes: Ein ung mann får seg anleggsarbeid i eit av Golflanda. Brorparten av det han tener sender han heim til mor si i Nepal. Eller ei kvinne jobbar i Sør-Afrika og sender pengar heim til Malawi. Eller, somaliske flyktningar som har fått opphald i Noreg sender pengar heim til familien i Mogadishu.

Ei seigliva myte

Det har vore ei seigliva myte at private overføringar berre går til statussymbol og kortsiktig forbruk. Det stemmer ikkje. Overføringar går også til å skaffe undervising, betale helseutgifter, byggje kyrkjer, skolar og moskear. Slike private pengar er ikkje på langt nær så effektive som bistand, men bidreg betydeleg. Bistandspengar kan massevaksinere, medan overføringar kan betale legerekningane til enkeltmenneske. 

Noko som verkeleg ville ha monna i høve til migrasjon og private overføringar, er om gebyra på pengetransaksjonar gjekk ned. Nokon tener grovt på pengar som blir overførte til private i fattige land.

Det er elles eitt av punkta i Berekraftsmåla å få redusert gebyra for pengeoverføringar til maks 3 prosent.  I dag ligg gjennomsnittet på 6,2 prosent. La meg illustrere kva det kan bety:

Å få halvert desse kostnadene vil frigjere like mykje pengar som fire norske bistandsbudsjett. Kvart år. 

Les også

Straumane vil ikkje stanse

Vi høyrer mest om migrantar som kjem til Europa og USA, og eg trur mange trur at migrasjon mest handlar om menneske frå utviklingsland som migrerer til rike land. Men litt under halvparten av all migrasjon er mellom låg- og mellominntektsland. Fleire land er både avsendar og mottakarland av migrantar, for eksempel Mexico, Nigeria og Storbritannia. Andre som tar imot mange migrantar, er Tyrkia, Iran og Pakistan. 

Det er ingenting som tyder på at migrasjonsstraumane i verda vil stanse. Det internasjonale demografiske mønsteret tilseier det motsette.

  • I nokre høginntektsland er delen innbyggarar over 65 år allereie på rundt 20 prosent, og held fram med å stige.
  • I Sør-Korea, landet som eldest raskast i verda, vil ein av seks personar vere over 80 år i 2050.
  • På den andre sida har mange fattige land rekordhøge tal på barn og unge. I Tanzania er to tredelar av befolkninga under 25 år, 42 prosent er under 15 år.

Om noko av denne dramatiske skeivfordelinga av arbeidskraft skal kunne utjamnast, avheng heilt av evne og vilje til å handtere migrasjon på ein god måte.

Klimaendringane er ein drivar

Klimaendringar er ein annan drivar for folkeflytting. Nesten 40 prosent av folkemengda på jorda, 3,5 milliardar menneske, lever i område som vil påverkast av klimaendringar.  Dette veit vi vil kunne føre til migrasjon frå ulevelege til levelege område. 

Stilt overfor slike krefter må migrasjon handterast, ikkje overlatast til tilfeldigheiter, ekstremistar og kriminelle nettverk. Verdsbanken tilrår ein mykje meir aktiv politikk frå styresmaktene si side. At både avsendar og mottakarland er ærlege, driftige og konsistente overfor migrasjon. 

Som formulert under Berekraftsmål nr. 10:

«Syte for ryddig, sikker og ansvarleg migrasjon og flytting av menneske.»

Rapporten brukar omgrepet «match».

Det betyr å få menneske med kvalifikasjonar til land som etterspør nettopp dei kunnskapane. Det vil krevje meir både av avsendarland og mottakarland i framtida. 

Det er ingenting som tyder på at migrasjonsstraumane i verda vil stanse. 

Bård Vegar Solhjell
Direktør, Norad

Omtalte personer

Bård Vegar Solhjell

Direktør, Norad
Cand.polit. (Universitet i Oslo, 2000)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00