Vil utanriksministeren fordømma angrepa mot Rojava og krevja at Tyrkia stansar desse?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Vil utanriksministeren fordømma angrepa mot Rojava og krevja at Tyrkia stansar desse?
Sidan 12. januar har tyrkiske styresmakter intensivert angrepa mot den sjølvstyrte regionen Rojava i Nordaust-Syria. Tyrkia angrip i hovudsak kritisk infrastruktur. Etter at Tyrkia har gått til åtak på sju viktige straumstasjonar har 2 millionar menneske mista tilgang til straum og vatn. Også eit fengsel kor om lag 4000 IS-krigarar sit fengsla har blitt ramma av angrepa, og det blir åtvara om at IS drar fordel av desse angrepa.
Den tyrkiske staten ser på sjølvstyret til kurdarane, som grensar til Tyrkia i nord, som ein trussel. Kort tid etter at Rojava vart offisielt grunnlagt i 2016, angreip Tyrkia sjølvstyret og okkuperte mindre område. Sidan den gongen har det vore gjentatte store offensivar frå den tyrkiske hæren, som ofte bruker droner og fly for å bomba sivile mål. Dette utgjer brot mot folkeretten og menneskerettane.
Den tyrkiske angrepskrigen mot den demokratiske regionen Rojava blir sjeldan kommentert av medlemslanda i NATO.
Regjeringa ser med uro på meldingane om tyrkiske luftangrep i Syria. Det er djupt beklageleg at sivile liv etter alt å døme har gått tapt. Sivil infrastruktur ser ut til å ha blitt råka. Vi registrerer at Tyrkia ser dette i samanheng med eit angrep mot tyrkiske soldatar i Irak, der fleire soldatar vart drepne. Noreg anerkjenner at Tyrkia har eit tryggingsbehov. Samstundes har Syria krav på respekt for landets territorielle integritet. Noreg forventar at Tyrkia, som alle andre land og partar, respekterer folkeretten. Vi er særleg opptatt av at Tyrkia unngår bruk av makt som rammar sivile, sivil eigedom og infrastruktur.