Ingvild Wetrhus Thorsvik
svarer
Emilie Enger Mehl

Når vil regjeringa gje NSM elektronisk tilgang til grunnbok og matrikkel for at dei skal kunne halde oversikt over eigendom av betydning for nasjonal tryggleik?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1716 (2023-2024)

Når vil regjeringa gje NSM elektronisk tilgang til grunnbok og matrikkel for at dei skal kunne halde oversikt over eigendom av betydning for nasjonal tryggleik?
I desember 2022 la regjeringa fram meldinga «Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet». I denne slår dei fast at det er viktig å styrke kontrollen med eigedom av betydning for nasjonal tryggleik, og seier at regjeringa vil «vurdere» å «gi sikkerhetsmyndigheten elektronisk tilgang til grunnbok og matrikkel for å holde oversikt over eiendom av betydning for nasjonal sikkerhet». Dette vil gjere det lettare for NSM å få elektronisk tilgang til grunnbok og matrikkel frå Kartverket, og dermed lettare for dei å få oversikt over eigendomar som kan utgjere ein trussel. Det vil i så fall utgjere ein sentral puslespelbit i det nasjonale tryggleiksarbeidet. Så vidt underteikna er kjend med er dette ennå ikkje på plass.

Svar fra tirsdag 16. april 2024

Einkvar, også NSM, har i dag moglegheit for elektronisk tilgang til grunnboka. Informasjonen i grunnboka er i utgangspunktet open og tilgjengeleg for alle. NSM og Kartverket har på oppdrag for departementet utgreidd korleis data frå grunnboka og matrikkelen kan bli gjort tilgjengeleg på føremålstenleg måte for å løyse NSM sine oppgåver. Det er vurdert at data frå grunnbok og matrikkel kan bli utlevert frå Kartverket til NSM.
Data frå grunnboka og matrikkelen gir ikkje alltid det fulle bilete. Samstundes er desse dataa ei viktig kjelde til informasjon om eigarskap. Det er også identifisert behov for å supplere dei med informasjon frå andre kjelder. Samla sett vil dei bidra til at NSM kan halde betre oversikt over eigedom av nok å seia for nasjonal tryggleik. Derfor er det viktig å nytte fleire virkemidler.
Eg ser det som viktig at NSM i rolla som fagorgan for førebyggande nasjonal tryggleik, identifiserer og følgjer med på eigarskap i eigedommar som kan ha noko å seiag for nasjonal tryggleik.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024