Bli abonnent
Annonse
Debatt

Alfred Bjørlo: Stortinget kan enno stoppe ENØK-ranet

Dei neste åra treng vi ei massiv satsing på ENØK og enkle tiltak for å spare straum i alle norske hus. Då må også staten bidra i spleiselaget, skriv Alfred J. Bjørlo.
Dei neste åra treng vi ei massiv satsing på ENØK og enkle tiltak for å spare straum i alle norske hus. Då må også staten bidra i spleiselaget, skriv Alfred J. Bjørlo.Foto: Javad Parsa / NTB
9. desember 2022 kl. 09:47

Dette er en meningsytring, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

I budsjettforliket mellom Ap, Sp og SV forsvann 280 ENØK-millionar, pengar som var øyremerka til å kutte energibruk i bustadene til folk flest. I staden kom det inn 850 millionar i generell styrking av ramma til Enova. Det er pengar som ikkje vil bli brukt til å hjelpe folk flest å spare energi dersom ikkje Stortinget seier at det skal vere slik, som Bård Baardsen i Norsk Varmepumpeforening korrekter peiker på i eit debattinnlegg i Altinget.

Dette har heldigvis Stortinget enno sjansen til å rette opp – utan å endre den framforhandla budsjettavtalen. Det er berre viljen til budsjettkameratane det står på.

Staten må bidra i spleiselaget

Dei neste åra treng vi ei massiv satsing på ENØK og enkle tiltak for å spare straum i alle norske hus. Då må også staten bidra i spleiselaget. All erfaring syner at vi ikkje får gjennomført ENØK-tiltak i stor nok skala til at det monner utan at også staten er med.

Det er bra for klimaet, bra for lommeboka til folk flest – og vil utløyse det mangedoble i gode, rimelege ENØK-investeringar i bustader over heile landet.

Alfred Jens Bjørlo
Stortingsrepresentant, Venstre

Venstre krev difor – saman med MDG, Krf og Rødt – at minst 480 av dei 850 millionar kronene ekstra til ENOVA blir øyremerka støtte til ENØK og andre tiltak for å spare straum for folk flest. Det er bra for klimaet, bra for lommeboka til folk flest – og vil utløyse det mangedoble i gode, rimelege ENØK-investeringar i bustader over heile landet.

Stortinget skal måndag 12. desember votere over vårt forslag, i samband med vedtak av Energi- og miljøkomiteen sin budsjettproposisjon. Då kan ENØK-ranet i budsjettforliket stoppast – dersom Ap, Sp og SV stiller seg på lag med Venstre og folk flest.

Annonse
Annonse
Annonse
Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977red@altinget.no
Sjefredaktør:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2026