Ingrid Fiskaa
 svarer 
Espen Barth Eide

Vil utanriksministeren be Den internasjonale straffedomstolen (ICC) om å etterforska Israels angrep på Shifa-sjukehuset i Gaza?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1643 (2023-2024)

Vil utanriksministeren be Den internasjonale straffedomstolen (ICC) om å etterforska Israels angrep på Shifa-sjukehuset i Gaza, og stilla pengar og personell til disposisjon?

Den israelske hæren erklærte denne veka angrepet på Shifa-sjukehuset som ein «vellukka operasjon», etter to vekers intense angrep. Shifa-sjukehuset var det største sjukehuset i Gaza og ein av dei få stadene der det framleis var tilgang på straum og vatn. Alvorleg skadde pasientar fekk behandling der då dei israelske styrkane tok seg inn. No ligg sjukehuset i ruinar.
Israel hevdar at dei gjekk målretta etter Hamas-soldatar, medan legane på sjukehuset nektar for at det var væpna soldatar der. Leiar for Verdas helseorganisasjon WHO fortel at minst 21 pasientar døydde under angrepet. Det kjem også rapportar om at 400 palestinarar i og rundt sjukehuset vart drepne av dei israelske styrkane, inkludert helsepersonell, og at israelske bulldosarar pløgde opp ei massegrav slik at mange lik vart blottlagde. Hundrevis at palestinarar er tatt til fange.

Israel har nekta Den internasjonale straffedomstolen (ICC) tilgang til dei okkuperte palestinske områda, og Gaza er langt på veg isolert frå omverda. ICC har signalisert at dei ønskjer å etterforska moglege krigsbrotsverk i den pågåande krigen, men så langt har dette ikkje blitt gjort. For å finna ut kva som faktisk har skjedd og kunna straffeforfølga dei ansvarlege, er det avgjerande å få på plass ei uavhengig etterforsking snarast. Då trengst det initiativ og internasjonalt press.

Svar fra mandag 8. april 2024

Eg fordømmer øydelegginga av Shifa-sjukehuset. Shifa har vore det viktigaste sjukehuset i Gaza, og øydeleggingane er enorme. Ifølgje rapportar har hundrevis av menneske døydd som eit resultat av øydeleggingane, og dei materielle skadane er enorme.

Vern av såra, sjuke og helsetenester er ei grunnleggjande forplikting i humanitærretten. Shifa-sjukehuset er lagt i ruinar og er ifølgje Leger uten grenser heilt ute av drift. Store delar av befolkninga har vore avhengige av behandling på sjukehuset. Rapportane om at tolv pasientar ved sjukehuset har døydd som følgje av underernæring og manglande behandling i løpet av militæroperasjonen er opprørande.

Noreg har i kontakten vår med partane i konflikten vore tydeleg på at folkeretten må respekterast. Me ser svært alvorleg på internasjonale brotsverk, og haldninga vår er at desse alltid skal straffeforfølgjast. Me understrekar også at det først og fremst er partane som har hovudansvar for å etterforska og straffeforfølgja eventuelle krigsbrotsverk gjort av eigne styrkar.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) opna i 2021 etterforsking av moglege internasjonale brotsverk gjort i Gaza og på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, og av palestinske borgarar. Hovudansvarlege for påtale hjå ICC har uttalt at han også vil etterforska moglege brotsverk gjort sidan 7. oktober 2023. Me har oppmoda til at hovudansvarlege for påtale hjå ICC får tilgang for å utføra etterforsking i samsvar med mandatet sitt.

For Noreg er det svært viktig at me varetek dei grunnleggjande prinsippa ICC byggjer på, slik som den frie stillinga til domstolen og påtalemakta. I tråd med fast og langsiktig norsk utanrikspolitikk arbeider regjeringa for ein sterk, effektiv og uavhengig domstol. Regjeringa uttaler seg derfor på generelt grunnlag ikkje om avgjerdene til hovudansvarlege for påtale, t.d. om omfanget eller iverksetjing av ei etterforsking. Det er opp til hovudansvarlege for påtale å vurdera kva brotsverk som kan vera gjort, og som skal etterforskast. Det er derfor ikkje aktuelt å slutta seg til eit initiativ som legg føringar for dette.

Noreg oppmodar alle statar og aktørar til å jobba saman i kampen mot straffritak for dei mest alvorlege internasjonale brotsverka. Noreg har vore ein sterk støttespelar for ICC sidan skipinga. Noregs konsistente linje har vore å arbeida for at domstolen til kvar tid har tilstrekkelege ressursar og støtte til å utføra dei oppgåvene som er tillagde han i samsvar med Roma-vedtektene.

0:000:00