Debatt

Ap-rådgivar: Ingen bør sleppe unna

Den manglande merksemda rundt opposisjonens politikk generelt, og dei alternative statsbudsjetta spesielt, er skadeleg for demokratiet, skriv Jo Heinum, politisk rådgivar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet. 

Opposisjonen blir i liten grad møtt med kritiske spørsmål på politikk. Mest påfallande er fråværet av interesse rundt alternative budsjett, skriv Jo Heinum (Ap). Biletet er frå Høgre si framlegging av deira alternative budsjett hausten 2023.
Opposisjonen blir i liten grad møtt med kritiske spørsmål på politikk. Mest påfallande er fråværet av interesse rundt alternative budsjett, skriv Jo Heinum (Ap). Biletet er frå Høgre si framlegging av deira alternative budsjett hausten 2023.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Jo Heinum
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Hausten 2005 måtte Høgre-rådgivar Kaj-Martin Georgsen pakke sakene og forlate kontoret sitt i Finansdepartementet. I Erna Solbergs debut som partileiar og statsministerkandidat hadde Høgre gjort eit katastrofeval: 14,1 prosent, 1/3 av veljarane borte på fire år. Frp hadde forsynt seg grovt, men raudgrøn side hadde vunne.

Nokre månader seinare kjefta Georgsen på media. I innlegget «Pressen ikke kritisk nok» kalla han det «et demokratisk problem» at media i så liten grad er kritisk til opposisjonspartias politikk og retorikk (Aftenposten 23/2-06). Han meinte både Frp, Ap og SV og hadde kome billeg unna dei føregåande fire åra. 

Georgsen viste òg til artikkelen «Fra medieyndling til syndebukk?» nokre veker tidlegare. Der dvela Harald Stanghelle ved hardkøyret SV som regjeringsparti opplevde frå media, i kontrast til tida i opposisjon:

«I mange år har partiet hatt det nokså lett i norske medier. Ofte har SV-talsmenn vært de første til å kaste seg på kritiske oppslag om noe som er gått galt i det norske samfunnet. SV-kravet har ofte vært synonymt med det underliggende journalistkravet: «Her må noen rydde opp!»» (Aftenposten 26/1-06).

Opposisjonen får få kritiske spørsmål

Eg hadde akkurat begynt å jobbe i Ap-gruppa på Stortinget, og hugsar eg tenkte: «Frustrasjonen er forståeleg, Georgsen, for du har jo rett. Artig om media tar det til seg, for no vil det jo gagne oss.» 

Opposisjonen blir i liten grad møtt med kritiske spørsmål på politikk. 

Jo Heinum
Rådgivar (Ap)

Det skjedde ikkje. 18 år med skiftande regjeringar har gått, men noko ligg fast: Opposisjonen blir i liten grad møtt med kritiske spørsmål på politikk. Mest påfallande er fråværet av interesse rundt alternative budsjett. 

Ingenting er meir avslørande for reelle politiske skilnader mellom partia, enn alternative statsbudsjett utan juks med inndekninga. Det er desse, og berre desse, som viser kva eit parti faktisk prioriterer i same situasjon. Skjer det utan juks, kan eit parti med godt samvit vise til sine påplusningar, medan motparten kan peike på kva som då blir kutta. 

«Dere kutter, mens vi økte» – med tilvising til tidlegare regjeringar – har ikkje same verdi. Det blir fort eple og pærer. Rommet for ansvarleg pengebruk endrar seg frå år til år. Meir eller mindre tvungne utgifter likeins – som no, med forsvar/beredskap og dei ukrainske flyktningane.

Utan konsekvens?

Den manglande interessa blir ofte grunngitt med at dei alternative statsbudsjetta er utan konsekvens for folk, ettersom dei ikkje blir vedtatt. Eit spørsmål verdt å stille, er då: 

Kva med dei politiske meiningsmålingane?

Ingen storting, fylkesting eller kommunestyre har fått endra si samansetning som følgje av desse. Meiningsmålingane har ingen praktisk konsekvens for folk.

Det vil seie: ikkje direkte. Den enorme mediedekninga, grunna sportsjournalistikkens logikk, gjer at dei likevel kan få det:

Bandwagon-effekten vs. det motsette, intern ro i oppgang vs. krangleoppslag i nedgang – når det nærmar seg val, kan det slå ut i kven som endar opp med makta.

Les også

Måtte svare om politikk

Den same indirekte effekten ville ei kritisk dekning av opposisjonen på politikk kunne få. Den nye byrådsleiaren i Bergen, Christine Meyer (H), opplevde ein valkamp med fallande målingar og summerte det opp på denne måten:

«– Min analyse er at det gikk bra fram til vi ble tvunget til å ta standpunkt i saker. Da mistet vi velgere, følte jeg.» (VG 25. oktober).

Meyer har nok rett. Spørsmålet er kvifor det først er i valkampens sluttfase opposisjonsparti skal tvingast til å ta standpunkt i saker. 

Smørsida presentert 

I alternative budsjett utan juks, skjer ein slik tvang: Eit parti må prioritere, i lik situasjon. Men utan medieinteresse får partiet presentere smørsida utan kritiske spørsmål om inndekning. Det blir som om ei regjering skulle få presentere lekkasjar, og så sleppe unna kritiske spørsmål på budsjettdagen.

Utan medieinteresse er det òg fritt fram for juks. Då kan eit parti drive lang valkamp på rein bløff, utan å bli tatt på det.

Jo Heinum
Rådgivar (Ap)

Utan medieinteresse er det òg fritt fram for juks. Då kan eit parti drive lang valkamp på rein bløff, utan å bli tatt på det. Eksempla på dette er mange, frå småtriksing til komplette skandalar i 100-milliardarsklassen.

Oslo Høgre mangla ein milliard 

Ei illustrerande sak kan hentast frå Oslo-politikken. I sitt alternative 2023-budsjett mangla Høgre ein milliard kroner i reell inndekning. Ein enorm sum i Oslo-samanheng, nok til avkle det meste av populære valløfte – om det vart kjent. Likevel måtte finanspolitikar Andreas Halse (Ap), som hadde oppdaga dette ved årsskiftet, bruke ni månader på å finne ein journalist som var interessert.

Då saka «Den forsvunne milliarden» kom på i Nettavisen 7. september var det berre fire dagar att til valet, og førehandsrøystinga hadde pågått nesten ein månad. Høgre vann byrådsmakta. Då blir det, om ikkje anna, interessant å sjå korleis dei vil løyse det, når dei no må lage eit reelt budsjett for hovudstaden.

Alternative budsjett har underhaldningsverdi

Kontrasten mellom dekninga av meiningsmålingar og alternative budsjett, handlar ikkje om relevans, men underhaldningsverdi. Målingar er lite arbeidskrevjande underhaldning. Alternative budsjett krev litt meir, men ikkje all verda. Og min påstand er at det ligg eit underhaldningspotensial også her: 

Seier ein politikar éin ting i Vandrehallen på statsbudsjettdagen, og legg fram noko heilt anna i sitt alternativ vel ein månad seinare, finst det tabloide ord og uttrykk å bruke. Det gjer det òg for inndekning som er umogleg i den verkelege verda.

Gevinsten er veljarar som blir i stand til å samanlikne partia reelt. Det ville unekteleg vere bra for demokratiet. Så kan ein spørje om det er eit viktig omsyn å ta i den norske idyllen. 

Ja, blir det hevda i andre samanhengar. Då burde det gjelde også her.

 

Omtalte personer

Jo Heinum

Politisk rådgiver, Arbeiderpartiets stortingsgruppe

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon









Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørChristoph NørgaardStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024