Kommentar av 
Frank Edvard Sve

Eitt år på Tinget: «Greinalaust» på samferdselsfeltet. Det er som å måke snø!

Eg hadde eit mål når eg skulle på Stortinget, at eg ikkje skule bli som Fantomet, som nokon hadde høyrt om men ikkje sett – og, der trur eg jammen at eg har levert! Slik oppsummerer Frps Frank Edvard Sve sitt første år som fersking på Løvebakken. 

Frank Sve er svært frittalande, og har lang fartstid frå kommune- og fylkespolitikk. Han skildrar stortingsarbeidet som einsamt og til tider «greinalaust». 
Frank Sve er svært frittalande, og har lang fartstid frå kommune- og fylkespolitikk. Han skildrar stortingsarbeidet som einsamt og til tider «greinalaust». Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Frank Edvard Sve
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Altfor mange har glidd inn i Stortingets hule hånd, og trur at eit oppslag i ei riksavis eller flammende innlegg for ein tom sal seint ein kveld er det viktigaste. 

Eg kom på Stortinget med partiets største velgarmandat bak meg, ca 10 prosent av Frp sine stemmer kom frå Møre og Romsdal i Stortingsvalget i 2022. Der fekk Frp 22,3 prosent og vart igjen landets desidert største Frp-fylke.

Eg har det fyrste året vore med på å skrive dei fleste av dei heile 26 representantforslaga vi har fremma, der vi faktisk også har fått igjennom fleire av desse samrøystes i Stortinget.

I tillegg hadde eg full kvote på skriftlege spørsmål, eg var også i kvar ein einaste spørjetime det fyrste året med spørsmål til ulike statsrådar.

Samferdselsministeren meiner eg har holde store delar av departementet igang med mine svært mange spørsmål.

Stemmer ned forslag frå «feil parti»

Livet på Stortinget er svært ulikt andre folkevalgte nivå, slik som fylkesting- og kommunepolitikk. 

Alt for mange ganger opplever ein «partipisken» i alle parti, der det blir stemt ned gode forslag fordi «feil parti» fremma det. 

Slik blir det demokratiske aspektet i Stortinget parkert, Sp og Ap som mindretallsregjering kunne godt lent seg meir på resten av Stortinget. Men neida, her limer dei SV til masta.

Men, det finns unntak.

Det å kunne reise til Oslo, fremme sak i Stortinget sjølv om vi er i opposisjon og likevel få fleirtal, er faktisk mulig. 

Sve har vore ein av dei ivrigaste under spørretimen det siste året. Her er han i passiar med partikollega Christian Tybring-Gjedde under ein av debattene. 
Sve har vore ein av dei ivrigaste under spørretimen det siste året. Her er han i passiar med partikollega Christian Tybring-Gjedde under ein av debattene.  Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Eg fekk samrøystes vedtak angåande drenering av skredområda Åknes/Tafjord. Alle har nok sett eller høyrt om filmen «Bølgen», så då veit folk kva dette handlar om.

Dette betyr tryggheit for fleire titals tusen innbyggjarar, mengder med bedrifter og mange kommunesentre som er truga av eit gedigent fjellskred frå Åkneset.

Det samme skjedde med representantforslaget i juni om kutt i bompengar på Nordøyvegen. Mange har nok sett saka i VG og andre medier om familiene som hadde over 8000 kroner i månaden i bompengar.

Her fekk eg samrøystes vedtak i Stortinget, reiste heim til fylkestinget i Møre og Romsdal og fremma framlegg der no i desember. Resultatet vart eit samrøystes vedtak om å nærmast halvere bompengetakstane på dette prosjektet.

Det er fantastisk kjekt å kunne levere politisk viktige saker for dei som faktisk valgte meg inn på Stortinget.

Les også

Eg ba om unnskyldning for ACER

Eg starta på Stortinget som fraksjonsleiar for energi og miljø. Eg meiner vi har sett partiet skikkeleg på sakskartet.

Vi har fremma forslag om makspris på 50 øre på straum, stoppe straumeksporten til utlandet.

Eg ba også det norske folk om unnskyldning for at vi aldri skulle bygd desse kablane, ei heller meldt oss inn i ACER. Dette vart svært godt mottatt. Det er viktig for oss politikarar å kunne be om unnskyldning.

Dessverre fekk eg ikkje vere i den komiteen så lenge. No er eg i Transport- og kommunikasjonskomiteen som fraksjonsleiar og som 1. nestleiar. Dette er eit fagfelt eg har arbeidd svært mykje med i fylkes- og kommunepolitikken i meir enn 20 år. Men her blir det som å «måke snø»! 

Eg ba også det norske folk om unnskyldning for at vi aldri skulle bygd desse kablane, ei heller meldt oss inn i ACER. Dette vart svært godt mottatt. Det er viktig for oss politikarar å kunne be om unnskyldning.

Frank Sve
Stortingsrepresentant (Frp)

Fleirtalet med Sp, Ap og SV stemmer ned absolutt alt frå opposisjonen, og vil ikkje bygge veg. 

Samferdselsområdet har blitt det største kuttområdet i regjeringa og statsbudsjettet, så dette her er berre «greinalaust».

«Greinalaust» ja, det er eit sunnmørsk kraftuttrykk for noko som er aldeles håplaust.

Det å være seg sjølv, bruke dialekt og spesielle uttrykk gjer at ein både blir lagt merke til og at ei har eit særpreg. 

Dette opplever eg både folk flest og veljarane setter stor pris på, sågar har uttrykket blitt brukt i leiarar i større riksaviser, slik som til dømes i Dagbladet.

Ellers er eg nok svært frittalande, noko eg sjølvsagt skal fortsette med framover. Det er sjølvsagt nokre «sarte sjeler» som verken vil forstå eller som er mest oppteken av kritikk. Dette lever eg med, og eg skal love at eg aldri skal bli som «alle andre», men være meg sjølv.

Einsamt stortingsliv

Så, starten på Stortinget har gått flott. Vi prøver å kome på med vår politikk i heile landet, små som store saker. Ofte er dei minste sakene viktigast for veljarane.

Ellers er Stortingslivet svært så einsamt, og ein blir stort sett verande aleine både her og der, både på fritida, men også på dagtid. Det er mykje tid på kontoret, og på kvelden blir det å lage seg litt mat i leilegheita og sjå litt TV.

Stortinget er ikkje ein stad for å ha det kjekt, å ha det kjekt på jobb er noko som eg meiner er avgjerande både i næringslivet, men også i andre politiske verv og nivå. 

Stortingslivet er einsamt, skriv Frank Sve. Dagar som denne, med slottsmiddag, er det ikkje mange av. 
Stortingslivet er einsamt, skriv Frank Sve. Dagar som denne, med slottsmiddag, er det ikkje mange av.  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Slik er ikkje Stortinget lagt opp, klappjakten frå media på Stortingsrepresentanter i absolutt alt vi driver med, øydelegg svært mykje.

Det har nesten blitt eit skjellsord å være i nasjonalforsamlinga, i hvert fall ikkje noko som ein skryt av.

Då blir ein i sosiale medier tatt tvert på det meste, og det er fornøyeleg når eg må dokumentere behovet for pendlarbustad, med mine 1092 kilomenter i pendlaravstand. 

Mange lengtar etter ny regjering

Media lever eg godt med etter min lange erfaring frå både privat næringsliv, sjølvstendig næringsdrivende, ordførar og den som til no har sete lengst i fylkestinget på Møre.

Det er godt å komme seg ut og treffe veljarar og bedrifter rundt omkring, dette er viktig for å holde motivasjonen oppe.

Å treffe veljarane er det viktigaste. Derfor reiser eg mykje i eige fylke, og vi skal også reise mykje elles i landet framover.

Målet mitt no er å legge grunnlag for ei ny borgarleg regjering om vel 2,5 år. Eg trur svært mange lengtar etter dette i all «greinaløysa» som landet opplever no. 


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

0:000:00